Politiet fekk tidleg onsdag ettermiddag melding om droneflyging ved Bodø domkyrkje. Droneflyginga var ikkje til hinder for flytrafikken då dronen var på veg ut mot havet.
I ei oppdatering opplyser politiet om at det var to spanske journalistar som har floge drone, då dei er i Bodø for å dekke Bodø/Glimt-kampen i kveld.
Journalistane er informert om forbodet og avsluttar flyginga.