– Det kjem av utfall av fjernstyring mellom Gardermoen og Lillestrøm på Gardermoenbana, og mellom Gardermoen og Jessheim på Hovudbana, forklara pressevakt i Bane Nor, Anne Kirkhusmo.
Utfall av fjernstyring betyr at toga ikkje har digitale signal, og gjer det uforsvarleg å køyre tog på strekningane.
Det blei meldt om feilen klokka 09.11 tysdag.
Klokka 13.35 melder Bane Nor at togtrafikken i gang igjen, men du må framleis rekne med forsinkingar og innstillingar.
Skjermane viste at både Flytoget og region- og lokaltog vart påverka av signalfeilen.
Foto: Dorian André CarletonPåverka fleire linjer
– Dessverre går dette ut over både passasjertog og godstog, seier Kirkhusmo.
Fleire Flytogavganger vart innstilt, og det vart forsinkingar og innstillingar på strekningane til fleire regiontog.
Stansen førte også til kø på Flybussen på Oslo lufthamn.
Tidlegare tysdag vart det og forsinkingar på fleire busslinjer i Oslo. Årsaka var, ifølge Avisa Oslo, ekstra mange taxiar i Dronning Eufemias gate på grunn av togstansen, som sperra vegen for bussane.
Dette har du krav på ved forsinkingar
Viss toget ditt er forsinka kan du ha rett på refusjon eller erstatning frå Vy.
Du har rett til å få refundert halvparten av billettprisen for enkeltbillettar, eller halvparten av dagsverdien for ein periodebillett, dersom:
- Du er forsinka med over éin time til avtalt stasjon med Vys tog Oslo-Bergen, eller Flåm-Myrdal.
- Du er forsinka med over 30 minutt til avtalt stasjon med alle andre Vy-tog.
Dette gjeld ikkje viss du vart varsla om forsinkingane 30 minutt/ein time før billetten vart kjøpt.
Dei same vilkåra gjeld for Smartpris-billettar, til og med den 20. reisa.
Du kan òg få dekka ny flybillett og andre utgifter viss du må ta eit seinare fly fordi toget er forsinka.
Da må toget vere ein halvtime forsinka eller meir til flyplassen, og du må ha berekna ein halvtime ekstra frå du eigentleg skulle vore der, til innsjekkinga stenger.
Du kan lese meir om refusjon og erstatning på Vy sine sider.
Publisert 09.12.2025, kl. 10.50 Oppdatert 09.12.2025, kl. 13.48















English (US)