USAs president Donald Trump beordrar ein «total og komplett blokade» av alle sanksjonerte oljetankskip som skal inn eller ut av Venezuela.
Det skriv han på sitt eige sosiale medium.
– Venezuela er fullstendig omringa av den største armadaen som nokon gong er samla i Sør-Amerikas historie. Den vil berre bli større, skriv han.
Målet er å tvinge Venezuela til å gi tilbake det Trump-administrasjonen påstår er USAs oljefelt og eigedomar i Venezuela.
Maracaibo-innsjøen i Venezuela. I bakgrunnen ser vi oljeterminalen La Salina.
Foto: Matias Delacroix / AP / NTBI den same meldinga stemplar Trump det venezuelanske regimet, under president Nicolás Maduro, som ein utanlandsk terrororganisasjon (FTO).
– Trumps blokade er fullstendig irrasjonell, svarer Venezuela i ei utsegn.
Utpeika som terroristar
Den formelle terrorerklæringa mot det såkalla «Solkartellet», Cartel de los Soles, kom allereie i november.
Utanriksminister Marco Rubio uttalte då at kartellet er ansvarleg for vald og narkosmugling, som truar den nasjonale tryggleiken til USA.
Rubio støttar aktivt den venezuelanske opposisjonen og ønsker eit regimeskifte i det latinamerikanske landet.
Marco Rubio 16. desember, på veg til ei høyring om amerikanske angrep på båtar som kjem frå Venezuela.
Foto: ANDREW HARNIK / AFP / NTBUSA meiner at «Solkartellet» blir leia av president Maduros indre sirkel. Maduro sjølv nektar for det.
Venezuelas utanriksdepartement kalla erklæringa «ei ny og latterleg løgn» og sa at ho er meint å rettferdiggjere «eit illegitimt og ulovleg inngrep» i landet.
Gatekunst som fordømmer USAs sanksjonar mot Venezuela. Caracas 5. juni.
Foto: PEDRO MATTEY / AFP / NTBAt dette kartellet i det heile tatt opererer som ein samla organisasjon, er det fleire som tviler på.
Uavhengige ekspertar på narkosmugling i Latin-Amerika, som Insight Crime, meiner at det snarare er eit korrupsjonsnettverk.
Tankesmia Washington Office on Latin America (WOLA) har åtvara om at å definere heile det venezuelanske regimet som ein FTO, vil skade sivilbefolkninga meir enn regimet.
Dette må du vite om Venezuela
- Et land i dyp krise
Venezuela er et av de største landene i Latin-Amerika og har i underkant av 30 millioner innbyggere. Landet har hatt store økonomiske og politiske problemer i årevis.
- Over 80 prosent av befolkningen lever i fattigdom, ifølge FN.
- Korrupsjon er utbredt, inflasjonen er skyhøy og lønningene lave.
- Mat er mangelvare og sykehus mangler medisiner.
- I tillegg er det farlig å kritisere regimet offentlig. De fleste av Maduros politiske motstandere er i fengsel.
- Nesten 8 millioner venezuelanere – hver fjerde innbygger – har rømt landet.
- En forhatt president
Nicolás Maduro har vært president i Venezuela siden 2013 og representerer landets sosialistiske parti. Han overtok makten da partifellen Hugo Chavéz døde.
Maduro ble raskt kjent for sin autoritære lederstil og for å slå hardt ned på regimekritikere.
Under fjorårets presidentvalg erklærte han valgseier til tross for at opposisjonen hevdet de fikk flest stemmer. Demonstranter tok til gatene og anklaget Maduro for å ha stjålet valget.
Mens land som Russland, Cuba og Bolivia tidlig gratulerte Maduro med en ny periode, har store deler av verdenssamfunnet aldri anerkjent valgresultatet som gyldig.
- En kontroversiell fredsprisvinner
Nylig ble opposisjonslederen María Corina Machado tildelt Nobels fredspris for sitt «utrettelige arbeid som fremmer demokratiske rettigheter for folket i Venezuela».
Da takket hun president Trump:
– Jeg dedikerer denne prisen til det lidende folket i Venezuela og til president Trump for hans avgjørende støtte til vår sak, uttalte hun.
Hun har siden fått kritikk for sine nære bånd til Trump og for å ikke ha tatt avstand fra de amerikanske angrepene utenfor Venezuela.
Machado fronter den sammensatte opposisjonen som Maduro erklærte valgseier over i fjor. Selv lever hun i skjul og leder opposisjonen fra et hemmelig sted.
«Stolen olje»
I innlegget hevdar Trump også at Venezuela har stole olje og land frå USA.
Etter at Venezuela nasjonaliserte oljeressursane sine i 2007, har amerikanske oljeselskap vunne milliardkrav i internasjonale domstolar.
Desse har Venezuela nekta å betale.
I innlegget på Truth Social skriv Trump at inntektene frå desse «stolne oljefelta» blir brukte til å finansiere terrorisme, narkotikahandel og menneskehandel.
Påstanden om at Maduro-regimet, gjennom Solkartellet, utgjer ein trussel mot USAs sikkerheit, har vore Trump-administrasjonens grunngiving for å ei rekke omstridde angrep mot båtar i Det karibiske havet i haust.
Det er ikkje lagt fram noko dokumentasjon for påstandane.
– For USA er dette berre eit påskot for å rettferdiggjere angrepa den siste tida. Dette kartellet er ein sekkenemning og ikkje ei eining som har ein bestemt struktur. Det har ingenting med USAs tryggleik å gjere, seier professor i samanliknande politikk Leiv Marsteinstredet ved Universitetet i Bergen.
Mer effektivt enn båtangrep
Fleire folkerettsekspertar meiner angrepa på båtar den siste tida er i strid med folkeretten.
FNs høgkommissær for menneskerettar, Volker Türk, og FNs fremste ekspert på nedkjemping av terrorisme, Ben Saul, har begge sagt at angrepa bryt med folkeretten og menneskerettane.
Leiv Marsteinstredet meiner det er meir effektivt for USA å konfiskere olje.
– Å konfiskere olje råkar president Maduro meir direkte. Dette er eit spel der USA aukar trusselnivået for å forsøke å tvinge ham til å gå av.
Professoren tør ikkje spå om kor langt USA og er villige til å gå.
– Men det er betre å konfiskere olje enn å skyte på tilfeldige personar i båtar, seier han.
Oljeeksport ned
Tidlegare har USA brukt sanksjonar for å straffe selskap som handlar med Venezuela. Ved å innføre ein blokade, vil den amerikanske marinen stoppe skipa fysisk.
USA har allereie sendt fleire krigsskip til venezuelansk farvatn. Offisielt er dei der for å overvinne narkosmugling.
Bildet er av det amerikanske krigsskipet USS Gravel som forlèt Port of Spain i Trinidad og Tobago den 15. desember.
Foto: MARTIN BERNETTI / AFP / NTBVenezuelas oljeeksport har allereie sokke etter at USA la beslag på det sanksjonerte oljetankskipet «Skipper» utanfor kysten deira førre veke. Same veka innførte dei nye sanksjonar mot Venezuelas oljetransport.
Sidan har berre oljetankskip som er chartra av det amerikanske selskapet Chevron, segla ut frå Venezuela med olje. Skip med totalt 11 millionar fat olje om bord held seg i venezuelansk farvatn.
Publisert 17.12.2025, kl. 17.57


















English (US)