– Sjølv om vi er skuffa over utfallet, er vi glad for at dei har fått seg ein lærepenge. Den turen blir ikkje lenger gjennomført på same måte som før, seier advokat Mette Yvonne Larsen til NRK.
Ho representerer familien til Kari Rødsand som omkom på ein fjelltur på Lofotens høgaste fjell, Higravtindan, i slutten av mai 2021.
Rødsands etterlatne har saksøkt Lofoten turlag etter ulykka.
No har Salten og Lofoten tingrett komme med sin dom, og frifunne turlaget.
– Dommen blir opplevd som ei viktig avgjerd, spesielt for dei involverte turleiarane og for frivillige turleiarar over heile landet, seier generalsekretær i DNT, Inger Lise Blyverket.
Ho seier at dommen gir ein tryggleik for frivillige turleiarar, og det er viktig for å bevare den sterke frivilligheitskulturen som friluftslivet i Noreg byggar på.
– Dessverre kan tragiske ulykker skje når ein er på tur i norsk natur, seier Blyverket og legg til:
– Samtidig vil vi understreke at ulykka på Higravtindan var ei djupt tragisk ulykke, og våre tankar går først og fremst til familien som mista ein av sine kjære.
Våganavisa omtalte dommen først.
Mista kontroll på veg ned
I dommen kjem det fram at Lofoten turlag inviterte til ein fjelltur på Higravtindan 29. mai 2021.
Fjellet er 1148 meter høgt. På veg mot toppen på den tida av året må du blant anna forsere ei bratt snørenne, før du når eit skar. Den siste etappen av turen, vidare opp frå skaret, er bratt og kupert.
Derfor skreiv turlaget følgande i invitasjonen til turen.
Til saman ti personar var med på turen. Tre turleiarar og sju deltakarar. Ein av dei var 60 år gamle Kari Rødsand.
Ho hadde vore medlem av turlaget i mange år, og hadde sjølv vore turleiar ved fleire høve.
Då turfølget var framme ved skaret på veg mot toppen av fjellet, på cirka 1000 høgdemeter, vurderte turleiarane det som uforsvarleg å fortsette ferda.
Dei repeterte også teknikk for bruk av stegjern og isøks under nedstigning, før dei starta på turen tilbake.
Familien til Kari Rødsand meinte at Lofoten turlag stod ansvarleg for døden til 60-åringen. Blant anna meinte dei at deltakarvurderinga var mangelfull.
Foto: PrivatMen etter nokre meter med gonge fall Kari Rødsand. Ho begynte å skli nedover snøen.
Ifølge dommen kom ho seg i bremsestilling med isøksa, men etter eit lite stykke mista ho øksa. Rødsand fekk større fart. Kroppen begynte å rotere, og ho slo hovudet i ein fjellknaus.
Etter å ha sklidd fleire hundre meter ned i snørenna stoppa ho.
Kari Rødsand døydde av skadane ho fekk.
Vurdert fleire gonger
I dommen kjem det fram at ulykka har vore vurdert av fleire rettsinstansar. Politiet har etterforska saka både på eige initiativ og på oppfordring frå statsadvokaten. Alle gonger har dei lagt bort saka.
Ei gruppe sakkunnige har også undersøkt hendinga.
– Det er ingen funn av påviseleg årsakssamanheng mellom ulykka og turleiaranes val eller vurderingar undervegs, og heller ikkje mellom ulykka og sikkerheitsrutinane som blei følgde i forkant av turen, skriv dei i rapporten frå 2023.
Likevel meinte familien til Kari Rødsand at Lofoten turlag stod ansvarleg for døden til 60-åringen.
Blant anna meiner dei at:
- Annonseringa av turen gav ikkje tilstrekkeleg informasjon for deltakarane til å kunne vurdere eigne ferdigheiter opp mot turbeskrivinga.
- Turen skulle vore klassifisert som «vintertur» og ikkje «sommartur».
- Turleiarane mangla tilstrekkeleg kompetanse.
- Deltakarvurderinga var mangelfull. Dei meiner at Kari Rødsand ikkje hadde ikkje kompetanse til, eller erfaring med, bruk av stegjern og isøks.
- Sikringstiltaka på turen var vidare mangelfulle og det skulle vore nytta tau og hjelm under nedstigninga.
Men no har altså tingretten konkludert med at Lofoten turlag ikkje kan haldast ansvarleg for Kari Rødsands død.
– Ei viktig avgjer
– Sjølv om Lofoten turlag legg til rette for og organiserer ulike typar friluftsliv, endrar ikkje dette den underliggande risikoen som alltid eksisterer ved ferdsel i fjellet, skriv tingretten.
Dommen er ikkje rettskraftig, då ankefristen ikkje er gått ut ennå.
Men både den norske turforeininga (DNT) og Lofoten turlag er fornøgde med utfallet i dommen.
– Det er ei lette at tingretten har frifunne oss. Det er ei tragisk ulykke som har prega turlaget no i over fire år, men familien har lidd det største tapet og har vår medkjensle, seier leiaren i Lofoten turlag, Siri Nordbø.
Leiar av Lofoten turlag, Siri Nordbø.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKGeneralsekretær i DNT, Inger Lise Blyverket seier at dei har gjort endringar etter ulykka.
– I etterkant av ulykka gjennomførte DNT ein grundig intern gjennomgang for å lære og eventuelt forbetre rutinar. DNT sitt sikkerheitsutval utarbeidde ein ulykkesrapport i 2022, og vi har i ettertid følgt opp læringspunkta i denne. Som eit eksempel på dette har vi vidareutvikla vårt risikovurderingsverktøy og forbetra malar for aktivitetsbeskrivingar.
– Ikkje forgjeves
Prosessfullmektig for dei etterlatne, Mette Yvonne Larsen, meiner på si side at dommen som no har falle kan få konsekvensar – for dei som er med på organiserte fjellturar.
– Viss vurderinga til fleirtalet blir ståande, kan det skape uheldige situasjonar når det gjeld tryggleiken til folk. Ein må kunne stole på at dei som arrangerer turen har det nødvendige ansvaret om noko skulle gå gale.
Prosessfullmektig for dei etterlatne etter Kari Rødsand er ueinig i jusen som ligg bak dommen.
Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRKNo skal Larsen saman med dei pårørande gå gjennom dommen og vurdere kva dei skal gjere vidare. Dei er fornøgde med at dei fekk bekrefta at ulykka på Higravtindan er noko ein tar lærdom av.
– Sånn sett så var ikkje det her forgjeves.
Publisert 09.12.2025, kl. 20.36

















English (US)