TV 2: Moldespelar frifunnen for seksuell samhandling utan samtykke

1 hour ago 1



TV 2 melder at moldespelaren som først blei dømt i tingretten for seksuell samhandling utan samtykke, no er frikjent i lagmannsretten.

Spelaren vart i desember 2025 tiltalt for seksuell handling utan samtykke. Og han vart dømt i tingretten til fengsel i seks månadar.

Mannen har heile tida nekta straffskuld.

Molde Fotballklubb vil førebels ikkje kommentere frifinninga, men dei har varsla ei pressemelding i 11-tida i dag.

Ulik oppfatting

Både mannen og den fornærma kvinna var einige om at det har skjedd ei seksuell handling. Men dei var i retten ueinige om det skjedde frivillig eller ikkje.

Mannen meiner den seksuelle samhandlinga skjedde med kvinna sitt samtykke.

Bistandsadvokaten til kvinna som er den fornærma i saka, Egil Ax, seier han ikkje har noko kommentar til dommen.

Publisert 02.07.2026, kl. 10.30 Oppdatert 02.07.2026, kl. 10.57

Read Entire Article