– Dei kan ikkje berre legge det på oss unge, seier Pernille Hedløv Aase (18).
NRK møter ho og klassekameratane Leone Tambuscio Kloster (18), Marte Torset Gjøsund (18) og Håkon Eidsvåg Myhre (18) utanfor Elvebakken vidaregåande skule i Oslo.
Dei går alle linja medium og kommunikasjon, og kunstig intelligens (KI) er eit tema som engasjerer.
Pernille Hedløv Aase meiner at dei vaksne må ta meir ansvar for KI i skulen.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK– Nokon lærarar oppfordrar oss til å bruke det, mens nokon er veldig mot det. Det er det som er problemet, seier Aase.
– Når vi menneske har klart å lage eit verktøy som KI, så synest eg vi bør kunne ta det i bruk utan å få dårleg samvit for det, legg ho til.
Lærarane bruker også KI, utan at det blir sett på som eit problem, påpeikar Kloster.
– Dei er veldig opptatte av det, bortsett frå når dei bruker det sjølv. Det verkar som dei har litt dobbeltmoral, seier han.
Leone Tambuscio Kloster og Pernille Hedløv Aase.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRKRektor ved Elvebakken, Camilla Hauren Leirvik, seier dei aller fleste lærarane ved skulen oppmodar elevane til å bruke KI.
– Men kvar stor skule vil ha nokre lærarar som synest dette er litt utfordrande, seier ho.
– Då vil elevane oppleve noko ulik bruk, men vi opplever i utgangspunktet at det har vore veldig lite støy rundt bruken av KI.
Gjøsund, Aase, Kloster og Myhre seier dei bruker KI i sin skulekvardag.
Foto: Isabel Müller Eidhamar / NRK– Ein ny standard
Kunstig intelligens blir brukt meir og meir i skulen – både til læring, men fleire bekymrar seg også for at det kan brukast til juks.
Samtidig er politikarane ueinige om korleis reglane bør vere.
Allereie i 2023 etterlyste Elevorganisasjonen tydelege retningslinjer for bruk av KI i skulen. Også Norsk Lektorlag har sagt dei forventar føringar for ChatGPT.
– Eg trur elevar er einige i at KI kan vere eit problem, men eg trur ikkje dei bryr seg nok til å endre åtferd, seier Myhre.
Håkon Eidsvåg Myhre og Marte Torset Gjøsund.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRKNokon elevar opplever også at det blir vanskelegare å få toppkarakterar utan hjelp frå ein datamaskin.
– Det lønner seg å gjere jobben sjølv med tanke på eiga læring, men eg trur lærarane ubevisst har blitt ganske vant til KI-svar på oppgåver, seier Gjøsund.
– Utan at dei meiner det set dei ein annan standard for oss enn det var for ti år sidan, sjølv om læringsmåla er ganske like, legg ho til.
Må jukse for toppkarakter
Lektor Anne Grønlie ved Drammen vidaregåande skule er klar over utviklinga.
– Eg ser at mange er freista å bruke kunstig intelligens fordi dei opplever at nokon bruker KI og får veldig gode karakterar. Då blir dei freista til å gjere det same sjølv.
Lærar Anne Grønlie etterspør retningslinjer for bruk av KI i skulen.
Foto: NRKHo har sjølv erfart at elevar bruker KI til å skrive oppgåver, eksamen og til å gi raske svar på spørsmål i klassen.
– Dei får KI til å gjere alt for seg. Det er ikkje lov, men vi har ikkje nokon løysingar for det.
– Må elevar jukse for å få toppkarakter?
– Sjølvsagt. Ein av dei tinga vi gjer er å kvalifisere elevar til vidare studium. Då er nålauget er trongt. Så mange gjer nesten alt dei kan for å få gode karakterar.
– KI øydelegg
Elevane ved Elvebakken trur det er mogleg å få betre karakterar ved hjelp av KI.
– Eg skjønner korleis det kan bli urettferdig for folk som ikkje bruker det, men det er eit val skulen gir oss når vi har så enkel tilgang på det, seier Aase.
Elevane snakkar mykje om KI på skulen.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRKKloster er skeptisk til at KI har blitt ein så stor del av skulekvardagen.
– Dei fleste elevane i klassen bruker det til oppgåver. Eg tenker det utan tvil er grunn til å vere uroleg, seier han.
– Skulen handlar ikkje om å skape det aller beste. Det handlar om vegen dit. Og KI øydelegg for det sidan det berre handlar om resultat.
Eksamenskrøll
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) vedgår at det ikkje er tvil om at KI har endra vilkåra i skulen. Det utfordrar både læring og vurderingspraksis.
– Mange land arbeider med dei same spørsmåla som oss, og ingen har alle svara enno, seier ho.
– Men vi sit ikkje stille i båten og har alt tatt viktige grep for at spesielt skriftleg eksamen skal bli gjennomført rettferdig og utan juks.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun meiner det er behov for meir tid og arbeid for å finne gode løysingar for KI i skulen.
Foto: Rodrigo Freitas / NTBUnder årets eksamen tok Utdanningsdirektoratet (Udir) grep.
Blant anna kan sensorar varsle med ein «jukseknapp» dersom ein tekst er så god at det må bli vurdert om eleven har juksa på eksamen eller ikkje.
Det er problematisk, meiner rektoren ved Elvebakken.
– Ressurssterke elevar i skriftlege fag har fått tekstane sine flagga som KI-juks på eksamen, sjølv om lærarane som kjenner dei veit at dei har gjort jobben sjølv og at det ikkje er juks, seier Leirvik.
– Eg skjønner at elevane blir litt utrygge, fordi dei digitale verktøya og bruken av dei endrar seg omtrent frå veke til veke, legg ho til.
Trur du kunstig intelligens gjer at fleire juksar på skulen?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Vil ha KI-fag
Elevane ved Elvebakken etterspør tydelege reglar for når dei kan bruke KI og korleis teknologien kan bli tatt i bruk på ein forsvarleg måte.
– Det er nok eit mindre problem enn mange skal ha det til, men samtidig trur eg det er eit problem, seier Myhre.
– Eg synest vi bør få bruke det, men eg synest også det bør vere ganske god opplæring i korleis vi skal bruke det, seier Aase som meiner at eit skulefag kan vere svaret.
Elevane meiner at eit KI-fag kan vere nyttig å få på plass.
Foto: Isabel Müller Eidhamar / NRK– Det hadde vore fint med eit fag om korleis og kva vi skal bruke KI til, kanskje allereie på ungdomsskulen, seier ho.
Aase får støtte frå kunnskapsministeren.
Nordtun seier at regjeringa har bede Udir om å vurdere om norske elevar treng eit eige teknologi-fag på skulen.
– Her er det i så fall naturleg at KI vil inngå som ein del av faget. Men vi må også vere kritiske til når elevane skal bruke kva, seier ho.
– Og det er ikkje sikkert at dei yngste barna, med umodne barnehjernar under utvikling, skal bruke KI-verktøy i skulen.
Publisert 23.11.2025, kl. 20.44


















English (US)