– Eg håpar ikkje forholda blir verre, men om dei gjer det, må helse og sikkerheit komme først, seier McKenzie til NRK.
Neste år brakar det laus på den andre sida av Atlanterhavet.
I USA, Mexico og Canada førebur dei seg på ein folkefest av dei sjeldne når dei skal arrangere fotball-VM.
Men i forkant av meisterskapet er det ytre faktorar som skaper bekymring.
«Fotballen er i fare»
I haust kom rapporten «Blir pitsja in Peril: How Climate Change Is Threatening Football», som er utarbeidd av Football For Future, Common Goal og Jupiter Intelligence.
Han tar for seg kva konsekvensar menneskeskapte klimaendringar vil ha på fotball framover.
«Undersøkinga slår fast éin ting: Fotballen er i fare», står det i rapporten.
Eit av funna er at 10 av 16 VM-stadion allereie nå er farlege å spele på som følge av ekstrem varme.
Definisjonen i rapporten av «for farleg» går på 35 varmegrader. Dersom det er meir enn det, blir forholda beskrivne som uspelbare.
AFP
Los Angeles Stadion
Éin dag med over 35 varmegrader i 2025. Rapporten antar at det i 2050 vil vere to dagar.
AFP
Dallas Stadion
Ifølge rapporten var det 33 dagar med over 35 varmegrader i 2025. I 2050 anslår de at det vil vere 64 dagar.
AFP
Houston Stadion
Den varmaste stadion av alle. I 2025 var det heile 51 dagar det blei målt over 35 varmegrader.
AFP
Kansas City stadion
17 dagar med over 35 varmegrader i 2025. Rapporten hevdar det vil vere 33 dagar i 2050.
Reuters
Estadio Monterrey
Den klart mest varmeutsette stadion i Mexico. Estadio Monterrey hadde ni dagar der det blei målt over 35 varmegrader i sommar. Om 25 år anslår rapporten at antalet vil auke til 29.
AFP
Atlanta stadion
I likskap med Estadio Monterrey blei det målt ni dagar i 2025, og rapporten hevdar det vil vere 19 fleire dagar om 25 år.
AFP
Boston stadion
På austkysten var det to dagar med over 35 varmegrader gjennom 2025. I 2050 vil det vere sju dagar, ifølge prognosane i rapporten.
AFP
Miami stadion
Miami hadde «berre» åtte dagar med over 35 varmegrader i 2025, men tala frå rapporten for 2050 er dystre. Ifølge rapporten vil det auke til 54 dagar. Det er 46 dagar meir.
Reuters
New York/New Jersey stadion
Finalestadion slit også med ekstrem varme, slik vi også såg eit eksempel på under klubb-VM. Gjennom 2025 er det målt tre dagar over 35 varmegrader. I 2050 hevdar rapporten at det kan vere elleve dagar.
AFP
Philadelphia stadion
«It's always sunny in Philadelphia» heiter det i songen, men under VM kan det vere at dei bør håpe på skyer.
Ifølge rapporten var det sju dagar med temperaturar over 35 i år. Innan 2050 kan vi sjå ein auke på elleve dagar.
– Det er vanskeleg å høyre, spesielt sidan det gjeld landet eg vaks opp i. Men det er dessverre realiteten, seier McKenzie.
26-åringen frå The Bronx speler til vanleg i Toulouse saman med norske Aron Dønnum og Warren Kamanzi.
Han har også 24 landskampar for USA, og vil mest sannsynleg vere ein del av den amerikanske troppen under neste års meisterskap.
Han har sjølv kjent korleis dei ekstreme forholda i heimlandet kan påverke kroppen:
– Varme generelt er ekstremt vanskeleg. Du set kroppen din i fare, fordi det tappar deg mykje fortare enn noko anna vêr. Du gjer nokon få løp, og plutseleg gispar du etter luft, fortel McKenzie.
Farleg høge temperaturar
Hans Olav Hygen, klimaforskar i Meteorologisk institutt, har sett nærare på tala for normal temperatur og gjennomsnittleg makstemperatur på dei ti nemnde arenaene.
– Normalen for makstemperaturen, det vil seie gjennomsnittleg høgaste temperatur for perioden 1991 til 2020, for sju av desse stadene er over 30 grader, fortel han til NRK.
KLIMAFORSKAR: Hans Olav Hygen, klimaforskar i Meteorologisk institutt.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKDallas skil seg ut som den varmaste med ein normal på heile 35,3 grader.
– Ein normal på 30 høyrer kanskje ikkje skremmande ut, men her må ein legge inn ein vanleg variasjon. Det vil seie at desse stadene raskt kan få temperaturar godt over både 35 og 40 grader på dagtid, understrekar Hygen.
Da startar det å bli farleg, forklarer klimaforskaren.
– Eg er ikkje ein ekspert på dette, men kroppen vår er på 36 til 37 grader, og den skal bli kvitt ein god del varme heile tida. Når det går over den temperaturen, så vil du ikkje bli kvitt den varmen. Da vil du ende opp med hetesjokk og få problem med det.
Hygen meiner rapporten har gjort ein god jobb med å sette grensa på rundt 35 grader.
– Under det bør du kunne handtere det brukbart. Går du over det, så begynner det å bli vanskeleg, slår han fast.
– Heilt utenkeleg
Klimaforskaren kjem også med det som kan bli eit verst tenkeleg scenario under meisterskapen neste år:
– Hetebølge med temperaturar rundt og over 40 grader på ettermiddagen. Truleg vil dei ligge i sona 33 til 36 grader.
– Alt anna enn at minst eitt stadion blir ramma av ei hetebølge, vil vere heilt utenkeleg for meg. Eg reknar med at fleire blir ramma, legg han til.
KJØLAR SEIG NED: Auckland Citys Gerard Garriga kjøler seg ned i samband med ein klubb-VM-kamp i Nashville i sommar.
Foto: George Walker IV / AP / NTBDersom Noreg kvalifiserer seg til neste års VM, slik svært mykje tyder på med to kampar igjen av kvalifiseringa, bør dei håpe på ein tur til vestkysten av USA.
– Ut frå tala eg såg på, kan San Francisco vere eit gullkort for Noreg. Der er det som ein god norsk sommar i den perioden. Men om dei får Dallas eller Houston, så blir det ekstremt varmt for ein nordmann som er vand til ti grader og regn, fortel Hygen.
Men da er landslaget avhengig av at president Donald Trump ikkje bestemmer seg for å flytte kampar frå byen, som han tidlegare har beskrive som utrygg.
Brennheitt tema
Den ekstreme varmen blei også eit stort samtaleemne under klubb-VM i USA i sommar.
I kampen mellom Borussia Dortmund og sørafrikanske Mamelodi Sundowns blei innbytarane til Dortmund sittande i garderoben i første omgang for å unngå den glødande sola.
«Aldri sett det før, men i denne varmen gir det absolutt meining», skreiv den tyske storklubben på X.
– Ein sommar i USA er intens, og om du ikkje er forsiktig, kan det vere dødeleg. Det har vore tilfelle der utøvarar har pressa seg sjølve for hardt i varmen og dessverre sett seg sjølv i fare. For meg er det ein reell ting, og helse og sikkerheita er noko vi må fortsette å ha fokus på, understrekar McKenzie.
Fryktar VM-flytting
Under klubb-VM sørgde enorme mengder nedbør for at kampen mellom Chelsea og Benfica blei utsett i to timar, og ekstremvêret i statane blei ein gjengangar på pressekonferansane.
– Eg kan forstå det dersom det er av sikkerheitsgrunnar, men om du avbryt sju eller åtte kampar, så er det sannsynlegvis ikkje den rette staden å arrangere turneringa, sa Chelsea-trenar Enzo Maresca etter oppgjeret.
Chelseas kampar blei også prega av ekstremvarme. Enzo Fernández uttalte at han kjente seg «svimmel» da han spelte under «veldig farleg» varme i USA.
I finalebyen New Jersey nådde temperaturen nærare 40 grader, og lokale meteorologar åtvara folk mot å vere utandørs eller drive fysisk aktivitet.
McKenzie trur nå det er ein fare for at meisterskapen i Amerika neste år blir det siste som blir arrangert på sommartid.
– Dersom utviklinga fortset i denne retninga og vi fortset å ignorere forskinga som viser at jorda treng vår hjelp nå med strakstiltak, er det sjølvsagt ei moglegheit, seier 26-åringen.
«Eit problem over heile verda»
NRK har vore i kontakt med Det internasjonale fotballforbundet (Fifa), som viser til president Gianni Infantinos utsegner før finalen i klubb-VM.
Der gjekk presidenten inn på ei rekke ulike tiltak som Fifa har innført. Han nemner avkjølingspausar, endring av kamptidspunkt og fleire banar med tak.
McKenzie fekk for alvor auga opp for klimautfordringane for tre år sidan da fotball-VM for første gong blei arrangert på vinterstid, i Qatar.
Sidan den gongen har han investert mykje av tida utanfor fotballbanen til temaet.
I fjor blei amerikanaren ein del av organisasjonen Football For Future, som har som mål å engasjere folk i klimadebatten gjennom det universelle språket i fotballen.
– Eg trur alle har merka klimaendringane, og det bevegar seg ikkje nødvendigvis i ei retning vi ønsker. Det sørger for at det er eit tema som har blitt hyppigare diskutert, fortel McKenzie.
SPENT FØR VM: Mark McKenzie.
Foto: SAMEER AL-DOUMY / AFP / NTBHan meiner openheit over heile bordet er det viktigaste for å få til ei endring.
– Ingen av oss er perfekte og alle har ulike mål og ambisjonar. Men likevel må vi prøve å få temaet klimaendringar tilbake i rett søkelys. Vi må bevege oss med ein intensjon, og forstå at det ikkje vil bli verre dersom vi fortset å snakke om det, men vi må faktisk ta steg, seier han.
Fotball-VM blir spelt frå 11. juni til 19. juli.
Micky van de Ven løper fra egen sekstenmeter og scorer - bilder fra TV 2
Publisert 05.11.2025, kl. 22.20




















English (US)