Usynleggjering av dei tilsette og deira organisasjonar

1 week ago 17



I det siste har Fædrelandsvennen hatt fleire oppslag om skjenketider i utelivsbransjen. Heile bransjen ønskjer å utvide skjenkinga frå kl 02 til klokka 03, får vi vite. Men det avisa kallar heile bransjen er vel snarare eigarane. Eg saknar synspunkt frå dei tilsette og deira organisasjonar. Kva med å intervjue tilsette og presentere kva Fellesforbundet som organiserer tilsette i bransjen, står for? Det er fint å få fram kva eigarane og kundane meiner. Men dei tilsette er vel også ein del av bransjen?

Dette er ikkje noko nytt. Eg har i tidlegare innlegg peika på at Fædrelandsvennen og andre media har ein uvane med å presentere berre den eine sida i arbeidslivet i reportasjar om næringspolitikk. Når eigarane blir omtalt som heile bransjen, så blir dei tilsette usynleggjort. Utan dei tilsette blir det dårleg med verdiskaping i alle bransjar, så media bør vere interesserte i å få fram kva dei meiner.

Dei tilsette og deira organisasjonar står heilt sentralt i den norske arbeidslivsmodellen. Det er den som har gitt oss høg produktivitet og god velferd. Media bør ta det inn over seg og få fram synspunktet også frå den sida i arbeidslivet. Utan fagrørsla hadde vi ingenting, for å seie det med Stig Holmås no når vi nærmar oss 1. mai.

Read Entire Article