Uvisst kor lenge Bergensbanen vil vere stengt - måndag blir lokomotivet henta ut

1 month ago 25



– Det er ein stor jobb å rydde skadestaden på Arna stasjon, seier Anne Kirkhusmo, pressevakt i Bane Nor.

Frå i natt og utover søndag har dei rydda på åstaden etter godstogulukka fredag. Ei svær kran, fleire store anleggsmaskiner og ein lift vart tekne i bruk.

– Ei mobil kran heiser konteinarane frå dei øydelagde godstogvognene, fortel Kirkhusmo.

Bane Nor kan ikkje seia kor lang tid oppryddingsarbeidet vil ta, men seier at dette vil ta tid.

Inntil vidare må passasjerar ta buss for tog mellom Bergen og Vaksdal for lokaltog, og mellom Bergen og Voss for regiontog, melder Vy.

Opprydningsarbied ved Arna Stasjon. Heisekran.

Ei kran heisar konteinarane frå dei øydelagde godstogvognene.

Foto: Oskar Rennedal / NRK
Opprydningsarbeid ved Arna stasjon

Oppryddingsarbeidet starta søndag ved Arna stasjon.

Foto: Oskar Rennedal / NRK
Opprydningsarbeid ved Arna stasjon

Bane Nor seier at opprydningsarbeidet vil ta tid.

Foto: Oskar Rennedal / NRK
Buss for tog

Mellom Bergen og Vaksdal er det sett opp buss for tog. Det er uvisst kor lang tid det vil ta før sporet er rydda og toga går att.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Havarikommisjonen ferdig på staden

Søndag var også Havarikommisjonen ferdig med sine undersøkingar av åstaden.

– No startar arbeidet med å sette saman informasjonen vi har samla for å forstå kvifor dette kunne skje, seier Ida H. Grøndahl, avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon.

Før hendinga blei det tatt eit naudanrop, opplyser kommisjonen. Dei vil kartlegge kva som skjedde og kvifor toget ikkje stoppa som venta.

I staden køyrde det på raudt lys.

Dei har konkludert med at passasjertoget som stansa lenger inne i tunnelen, gjorde det «om lag 1 km frå godstoget», og ikkje 500 meter som tidlegare er blitt opplyst av naudetatar til pressa.

– Vi vil komme med nøyaktig avstand i rapporten vår. Om lag ein kilometer unna, pluss- minus 100 meter, er det mest nøyaktige vi vil gå ut med no, seier Grøndahl til NRK.

Dronebilde ulukka Arna

Havarikommisjonen frigav søndag dette dronebildet av ulukkestoget.

Foto: Statens havarikommisjon

Hentar ut lokomotivet

Måndag skal politiet, Bane Nor og havarikommisjonen få ut lokomotivet som ligg velta inne i Arnanipatunnelen ved Arna stasjon.

– Vi vil ha krimteknikarar til stades. Det er eit stort arbeid, seier påtaleansvarleg Anja Mathiesen i Vest politidistrikt til NRK.

Lokomotivet inne i tunnelen

VELTA: Lokomotivet hamna inne i Arnanipatunnelen etter avsporinga ved Arna stasjon fredag. Måndag blir det henta ut og undersøkt.

Foto: Havarikommisjonen

Fryktar 3000 liter olje og diesel hamnar i sjøen

I tillegg til skader på staden har det begynt å renne olje gjennom eit dreneringsrøyr nær Arna stasjon og ned i Arnavågen.

Søndag var brannvesenet på staden for å legge ut lenser for å fange opp olja.

– Det er potensielt kanskje opp til totalt 3000 liter transformatorolje frå og diesel som har rent ut frå ulike vogner på togsettet. Vi veit ikkje kor mykje som har rent ut, seier Jostein Steinsland Hauge, vaktleiar i 110-sentralen

– Det er aldri bra at diesel og olje kjem ut i naturen. Brannvesenet har hjelpt til i akuttfasen, legg han til.

Togavsporing opprydning Arna

Brannvesenet la søndag ut lenser for å fange opp oljesøl etter godstogulukka.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Mistenkte samarbeider med politiet

Lokomotivet velta i Arnanipatunnelen og lokføraren blei lettare skada. Han har status som mistenkt i saka, saman med ein kollega i Onrail, som var med på å klargjere toget.

Dei er mistenkte for å aktlaust kalle fram fare for ålmenta eller å medverke til dette. Begge blei avhøyrde av politiet laurdag ettermiddag og kveld. Ingen av dei er sikta.

Politiet opplyser at dei vil halde fram etterforskinga si og at saka framleis er i ei innleiande fase.

– Dei har samarbeidd med politiet og forklart seg. Vi har fått opplysningar vi ser på som viktige for saka, seier påtaleansvarleg Anja Mathiesen i Vest politidistrikt til NRK søndag kveld.

Påtaleansvarlig Anja Mathiesen

Anja Mathiesen er påtaleansvarleg ved Vest politidistrikt.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Publisert 24.03.2024, kl. 19.32

Read Entire Article