Trygve vakna av jordskjelv på Voss: – Syns det rista veldig lenge

2 weeks ago 17



Natt til måndag vakna Trygve Lyshagen Tømmerås av eit jordskjelv like utanfor Voss.

– Plutseleg vakna eg av at det rista veldig. Eg syns det rista veldig lenge, så eg skjønte ikkje heilt med ein gong kva det var, seier Tømmerås.

Ifølgje Det europeiske jordskjelvsenteret (EMSC) fann skjelvet stad klokka 04.21 og hadde ei styrke på 3,2. Dei melde fyrst at det hadde ei styrke på 3,1.

Fordi Tømmerås har budd i Mellom-Amerika før og opplevd jordskjelv der, var han ikkje lenge i tvil om kva det var han hadde vakna av.

– Men eg vart overraska over kor lenge det varte. Det varte lenger enn det har gjort før, seier han til NRK.

– Sånt ein verkeleg vaknar av

Tømmerås anslår at skjelvet varte omtrent eitt minutt.

– Det er nok til at du vaknar og kjenner det, seier han.

Han beskriv skjelvet som ei mørk, jamn during. Og sjølv om han tidlegare har opplevd fleire jordskjelv i Mellom-Amerika, har han ikkje opplevd det like sterkt i Noreg.

– Eg reknar med at resten av bygda må ha merka det òg. Det er sånt ein verkeleg vaknar av, beskriv han.

NRK har fått meldingar frå andre som vakna av skjelvet. Det same har VG og NTB.

Fleire utsette område

Fleire område i Noreg er ekstra utsette for jordskjelv, deriblant kysten utanfor Vestlandet.

I tillegg er Nordland og området rundt Oslofjorden ekstra utsett.

Kvifor det er så mykje jordskjelvaktivitet akkurat i desse områda, har forskarane prøvd å finna ut av. Truleg har det å gjere med svake soner i jordskorpa i enkelte område.

Sjølv om det ikkje er heilt uvanleg med jordskjelv i Noreg, er dei fleste så svake at dei ikkje er til fare for nokon.

Eit jordskjelv utanfor Helgelandskysten i Nordland i 1819 er truleg noregshistorias største. I etterkant vart det målt til 5,8 i styrke.

Publisert 29.04.2024, kl. 05.19 Oppdatert 29.04.2024, kl. 05.27

Read Entire Article