Vil selje data­brikker til Kina: – Dette er svært viktig for Kina.

1 day ago 1



Kina og USA konkurrerer intenst om å utvikle dei beste produkta innan kunstig intelligens (KI).

Kappløpet har blitt kalla ein ny kald krig. Det handlar om å dominere framtidas helsetenester, utdanning, våpenmakt og informasjonsflyt.

Måndag tok USA ei vending.

Trump-administrasjonen gir no grønt lys til å eksportere nokre av dei mest avanserte KI-brikkene i verda til Kina.

To personer står ansikt til ansikt og håndhilser. Den ene har på seg en blå dress med hvit skjorte og slips, mens den andre bærer en hvit skjorte og en mørk blazer. Bakgrunnen er mørk, noe som gir fokus til personene. Händelsen kan indikere en form for diplomatiske møter. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Donald Trump og Xi Jinping på Apec-møtet i Busan 30. oktober.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters / NTB

Dei som jublar for opninga, meiner at salet vil la USA halde på forspranget i brikkekappløpet.

Dei som er ueinige, seier det vil gi Kinas enorme satsing på KI eit kjempeløft – og at det kan bli brukt til å utvikle KI-drivne våpensystem.

– Dette er svært viktig for Kina. KI blir brukt i alt no. Narrativet er at den som vinn teknologikappløpet, vinn stormaktsrivaliseringa, seier samfunnsøkonom Olav Chen.

Prislapp

Det verdsleiande brikkeselskapet Nvidia har hatt forbod mot å selje dei avanserte brikkene sine til Kina.

Sidan juli har dei kunna selje ein spesialprodusert versjon, men den vil ikkje Kina ha.

En mann står på scenen og presenterer en teknologi, med et kompleks maskineri projisert i bakgrunnen. Masket i grafikken er flere grønne apparater og ledninger som strekker seg fra en plattform. Mannen gestikulerer mens han holder en enhet i hånden. Scenen har en mørk bakgrunn som fremhever den teknologiske presentasjonen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Nvidia-sjef Jensen Huan.

Foto: JIM WATSON / AFP / NTB

No blir altså H200-brikkene tilgjengelege for utvalde kinesiske kundar.

Dei er avgjerande for å lage og drive avanserte KI-system, som chatbotar.

Samstundes er dei det nest beste av det Nvidia lagar. USA held framleis igjen på den aller beste brikka, Blackwell.

Avtalen blir omtalt som eit kompromiss. Målet er å gjere Kina avhengig av amerikansk teknologi, utan å gi dei tilgang på dei mest avanserte brikkene.

Asia-korrespondent Philip Lote forklarer Nvidias avgjerd om å selje databrikker til Kina

Andre amerikanske brikkeselskap, som AMD og Intel, får også selje sine tilsvarande brikker.

Men avtalen kjem også med ein prislapp. 25 prosent av salet skal gå rett til den amerikanske regjeringa, ifølge Trump.

Han seier at Kinas president Xi Jinping svarte positivt då han fekk beskjeden. Kina har likevel ikkje uttalt seg offisielt.

Sjefen vil selje

Dette skjer etter intens lobbying frå Jensen Huang, toppsjefen i NVIDIA.

Han drog til Washington D.C. for å overtyde Trump personleg førre veke.

En mann i dress står bak en talerstol med presidentens segl, mens en annen mann står ved siden av ham. Bakgrunnen viser amerikanske flagg og en vegg med tre paneler. Den første mannen gestikulerer mens han taler, mens den andre ser mot publikum. Det er synlige elektroniske enheter på et bord i nærheten. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Donald Trump og Nvidia-sjef Jensen Huang i april.

Foto: JIM WATSON / AFP / NTB

Amerikansk-taiwanske Huang har lenge sagt at Kina snart lagar like gode brikker sjølve. Han meiner salet til Kina vil sikre at resten av verda framleis skal vere avhengige av amerikanske databrikker.

Det høyrer også med til historia at Nvidia kan tene milliardar på salet, ifølge Financial Times.

Har lege bakpå

Samfunnsøkonom Olav Chen verkar ikkje like sikker på Kinas evner.

– Kina har lege bakpå i utviklinga av KI, og særleg avanserte databrikker, seier han.

Han trur at USA opnar for å selje H200-brikkene fordi dei ser at dei ikkje har dei sterkaste korta nett no.

– Tidlegare sanksjonar og avgrensingar på eksport har ikkje hatt så stor effekt. Det har også hatt betydning at Kina har kunna få tak i desse brikkene via andre land og ein svartebørs.

  • Sosialøkonom og porteføljeforvalter Olav Chen er gjest i Drivkraft.

    Olav Chen

    Samfunnsøkonom og porteføljeforvalter i Storebrand

Måndag stengde justisdepartementet i USA ned eit smuglarnettverk som mellom anna har sendt H200-brikker ulovleg til Kina og Hongkong.

– Ved å tillate sal av Nvidia-brikkene direkte, sikrar USA at dei får inntektene direkte også, seier Chen.

Fryktar militær bruk

Ei rekke senatorar frå Det demokratiske partiet åtvarar mot å selje.

– KI-brikkene er langt kraftigare enn det Kina sjølv er i stand til å lage. Å gi dei til Beijing vil svekke USAs største forsprang i kappløpet om kunstig intelligens, seier senatorane Jeanne Shaheen, Chris Coons og Jack Reed til Financial Times.

Forskarar ved Center for Security and Emerging Technology meiner at Kina allereie bruker brikker produserte i USA, mellom anna av Nvidia, til å utvikle militæret sitt.

En gruppe soldater i militære uniformer marsjerer under en parade, iført dresser med dekorasjoner. De holder geværer med blanke stammer og en stor rød fane. Soldatene har markerte ansiktsuttrykk, og står i tett formasjon. Bakgrunnen viser uskarpe trær, noe som indikerer utendørs omgivelse. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Folkets frigjeringshær, som er namnet på Kinas militære, under ein parade i Beijing i november.

Foto: Maxim Shemetov / AP / NTB

Men Kina har også noko USA treng.

Metall frå sjeldne jordartar er heilt sentrale i dagens teknologi- og forsvarsutvikling. Kina har nær sagt monopol på prosessering av slike metall.

– Det har vore eit effektivt våpen for dei at landet kontrollerer store delar av den marknaden, seier Olav Chen.

Nokon meiner at salet av brikkene kan gi USA godvilje og tid til å forhandle fram tilgang på metalla.

Kanskje kan det også vere at Trump no vil å framstå som ein vinnar på andre område, ifølge Chen. Han trur at USA no kan kome til å få handelsavtalar på andre område.

Tre gule maskiner arbeider på en industriplass fylt med jord eller mineraler. Store, røde kraner står i bakgrunnen, delvis dekket av tåke. Omgivelsene indikerer en havne- eller byggeplass. Scenen viser aktivitet relatert til tung industri. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Sjeldne jordartsmetall blir gjort klare for transport i Jiangsu-provinsen i Kina.

Foto: CHINA STRINGER NETWORK / Reuters / NTB

Interessert i meir utanriksstoff? Lytt til podkasten Urix, med reportasjar og nyheiter frå heile verda:

Publisert 09.12.2025, kl. 12.43

Read Entire Article