Adventskalendrane har blitt ein fast del av julesalet.
Også Vinmonopolet sel ein variant med 24 små flasker akevitt.
Alkovettorganisasjonen Av-og-til meiner det sender uheldige signal i ei tid der alkoholkonsumet allereie er høgt blant nordmenn.
– Å telje ned til jul med sprit kvar dag i desember er ein dårleg idé. Desember er allereie ein månad med mange høve til å drikke.
Det seier generalsekretær Ragnhild Kaski.
Folk på gata: – Hadde spart dei
I 2024 blei det omsett 6,16 liter rein alkohol per person over 15 år i Noreg.
Det er 17 prosent mindre enn rekordåret 2021, kor det blei omsett for 7,44 liter rein alkohol.
Grensehandel er ikkje inkludert i den registrerte omsetnaden av alkohol.
Folk på gata i Bodø er ikkje direkte negative til å få ein akevittkalender, men dei NRK snakka med er nøkterne:
– Korleis hadde du reagert dersom du fekk ein slik adventskalender?
– Det verkar valdsamt. Eg hadde nok spara dei, kanskje gitt nokon vidare. Men det kostar jo litt, så tanken er jo fin. Og eg er jo glad i akevitt.
Elias Albert Bergseth
– Det er ikkje meg å drikke kvar dag i adventstida. Eg hadde nok tatt dei med på et vors. Helst et vors med 24 stykk
Andreas Sandnes Olsen
– Eg hadde blitt kjempefornøgd! Men eg hadde spart dei.
– Du hadde ikkje drukke ei flaske kvar dag i desember, altså?
– Å, nei, nei. Kanskje til julaftan og nyttårsaften.
Ingunn Pedersen
Kaski får støtte frå nestleiar i KrF og helsepolitisk talsperson, Ida Lindtveit Røse.
– Det er fullstendig tonedøvt med ein julekalender som aktivt oppfordrar til å drikke sprit kvar dag fram til jul.
IKKJE IMPONERT: Vinmonopolet sin alkoholkalender får Ida Lindtveit Røse (KrF) til å sjå raudt.
Foto: Nadir Alam / NRKPeikar på paradoks
Røse seier til NRK at ho meiner Vinmonopolet bør skrote produktet.
Ho peikar på eit ansvar for å ikkje bidra til meir fyll i ei høgtid som bør bli feira på barna sine premiss.
– Eg lurer på kva Vinmonopolet har å seie til desse barna?
(Les Vinmonopolet sitt svar lenger ned i saka).
Også Kaski i Av-og-til tenker særleg på dei barna som allereie opplever at mamma og pappa har litt for mange grunnar til å drikke meir i desember.
ETTERLYSER ETISKE VAL: Kaski skulle ønske at nokon tok eit etisk val om å ikkje tilby produktet, om det så er pol eller distributør.
Foto: Thomas Brun NTB KommunikasjonHelsedirektoratet: – Tilrår ikkje dette
Helsedirektoratet seier til NRK at dei ikkje tilrår sal av adventskalendrar med alkohol, slik Vinmonopolet no tilbyr med 24 flasker akevitt.
– Kvart glas alkohol folk vel bort, bidrar til betre folkehelse.
Det seier avdelingsdirektør Øyvind Giæver, og understrekar at produkta likevel ikkje er forbode, så lenge innpakning og utforming er innanfor lova.
Øyvind Giæver
Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
Dei er einige med Av-og-til i at akevitt-kalender ikkje er spesielt godt for folkehelsa.
– Kvifor blir gåveinnpakning rekna som tilgift og dermed ulovleg, mens ein adventskalender med 24 flasker brennevin ikkje blir omfatta av same forbod?
– Ein adventskalender kan også bli ramma av reklameforbodet, litt avhengig av korleis produktet ser ut, altså emballasjen, kva opplysningar som kjem fram på det og korleis det blir marknadsført.
Kva synast du om ein slik alkohol-kalender? 🎁
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Givæer i Helsedirektoratet seier at dette må bli vurdert konkret i kvart enkelt tilfelle.
– Men kva er det som skil ein kalenderinnpakning frå å pakke inn alkohol i gåvepapir?
– Skilnaden er at ein pakke med 24 småflasker ikkje er pakka i gåvepapir, like lite som ein six-pack med øl er det. Begge kan likevel rammast av reklameforbodet, det kjem heilt an på emballering og utforming av produktet.
Vinmonopolet: – Ikkje noko vi sjølv etterspør
Vinmonopolet peikar på at dei ikkje kan nekte produktet så lenge det er lovleg.
Samtidig verkar dei ikkje vidare begeistra over julekalender som produkt.
– Vi har hatt ein gjennomgang av dette produktet og ser at vi ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å unnlate å listeføre det.
Det seier kommunikasjonsrådgivar i Vinmonopolet, Kristine Sanne.
Kristine Sanne
Senior kommunikasjonsrådgivar i Vinmonopolet.
Ho fortel at kalenderen har eit avgrensa sal og ikkje får salsfremjande plassering i Vinmonopolet sine butikkar.
Ho forklarar at «24 norske akevittar» er i Vinmonopolet sitt bestillingsutval. I dette har alle grossistar med avtale med Vinmonopolet rett til å registrere produkt.
Ho legg til at Vinmonopolet sjølv har hatt ein gjennomgang av produktet.
– Og ser at vi ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å unnlate å listeføre det.
– Vinmonopolet skal bidra til å avgrense alkoholkonsumet og skadeverknadane av alkohol i samfunnet og slike julekalendrar er ikkje noko vi sjølv etterspør, men denne er altså lansert i bestillingsutvalet.
– Ser Vinmonopolet på seg sjølv som ein aktør med ansvar for å redusere alkoholkonsumet i høgtida?
– Vinmonopolet si rolle er å avgrense alkoholkonsumet hos den enkelte og i samfunnet og det gjeld så absolutt i desember også, seier ho og legg til:
– Derfor er Vinmonopolet stengt på julaftan og vi er opptatte av å gi gode, men balanserte og nøkterne råd om drikke til julematen.
Publisert 19.11.2025, kl. 05.24
















English (US)