Fosterbarn kan miste morsmålet sitt: ­– Dette har vore ei blindsone i barnevernet

15 hours ago 3


Fem år gammal var vesle «Maryan» ei uvanleg livleg jente. Ho snakka som ein foss på bergensk, var full av temperament og elska dessutan å danse og synge. 

Maryan er ikkje hennar verkelege namn.

Fostermora, Milfrid Tonheim, skildrar henne som «ein stor personlegdom», og må smile når ho tenkjer tilbake på korleis det var å ha henne i heimen.

 – Kva gjer ho der i lag med deg?

Ho hadde kalla Tonheim for mamma heilt sidan dag ein, på det aller første møtet mellom dei. 

Når ho og Maryan gjekk på gata saman, hende det at somaliske kvinner kom bort til dei to, sidan dei lett kunne sjå at Maryan var somalisk og at Tonheim ikkje var det. 

Men om dei prøvde å snakke til jenta på heimspråket, svarte ho ikkje. Ho forstod ingenting av det dei sa. 

Dei somaliske kvinnene hadde som regel mange spørsmål til fostermora: 

Kva gjer ho der i lag med deg? Tek du henne med i moskeen? Kvifor snakkar ho ikkje språket sitt?

Vanskeleg å bli konfrontert på dette viset

Som fostermor kunne det vere vanskeleg å bli konfrontert på dette viset. Men no, årevis seinare, skjønar ho at kvinnene kjente ein eigarskap til jenta, og at det låg ein kjærleik i det.

– Med dette signaliserte dei: Vi er eit samfunn som ser kvarandre og tek vare på kvarandre. Og det er godt for eit barn å oppleve! seier Tonheim.

– Sjølv uroa eg meg også for tapet av språk og kultur som Maryan allereie hadde vore gjennom etter fleire år i beredskapsheim. Dette var aldri noko tema frå barnevernet si side, og eg visste heller ikkje kva eg kunne gjere med det. Det var eit sakn, seier ho.

Lag på lag med tap

Sidan har Tonheim, som i dag er professor i sosialt arbeid ved Høgskulen på Vestlandet, grubla mykje over nett denne problemstillinga. 

Som forskar har ho dei siste åra leia eit større prosjekt om heimkjensle og kulturell identitet for barn i fosterheim med migrasjonsbakgrunn. 

Nett desse barna opplever alle dei vanlege tapa som andre omplasserte barn – dei forlèt ein heim, foreldre og søsken, skule, vener, kjende og kjære omgjevnader. 

Men i tillegg finst det endå eit lag av tap i desse barna sitt liv. 

Mange av dei flytter til ein familie som både er synleg forskjellig i hudfarge, hår, språk, og kulturelt forskjellig frå familien dei har vokse opp i – med andre tradisjonar, vanar, familiehistorie og økonomi.

Dette handlar om mange barn

– Kva gjer dette med sjølvkjensla deira? Når tida går, mister dei ein kulturell kompetanse dei opphavleg hadde: Om korleis du snakkar, korleis du et og korleis du oppfører deg blant dine eigne, seier Tonheim.

– Eg trur ikkje vi har teke innover oss alle tapa desse barna blir påførte.

Dette dreier seg ikkje om noka lita gruppe med barn – så mange som ein av tre barn som blir omplasserte i Noreg i dag, har migrasjonsbakgrunn. 

Det vil seie at dei anten har migrert sjølve eller har foreldre som har migrert. 

Dette er omtalt i fleire offentlege rapportar, mellom anna stortingsmelding 29 (2023-2024).

Plikta til å legge vekt på kulturell bakgrunn

Norsk barnevern har ei lang og stolt historie, som det aller første barnevernet på verdsbasis. 

Den nyaste barnevernslova legg større vekt på kulturell bakgrunn enn tidlegare. Når barnevernet vel fosterheim til eit barn som ikkje lenger skal bu med dei biologiske foreldra sine, pliktar dei å ta omsyn til det som kallast kontinuitet. 

I dette ordet ligg det at dei skal ha eit blikk for barnets opphavlege kultur, språk og religion, og jobbe for at brotet med dette ikkje blir for stort eller ugjenkalleleg.

– Problemet er at det finst veldig få tiltak for å sørge for kontinuitet. Barnevernet og samfunnet elles har lite å tilby, og det er ein systemsvikt, seier Tonheim.

Barnevernet har få besøksheimar med andre bakgrunnar

Løysingane blir gjerne ad hoc – som at barnevernet forslår at eit somalisk barn i fosterheim skal få ein somalisk besøksheim som dei kan vere innom iblant. 

Men på same vis som dei manglar fosterfamiliar med andre kulturelle bakgrunnar enn den norske, har barnevernet også få tilgjengelege besøksheimar av det slaget.

Ein annan tanke har vore at barnet skal kunne halde på språket sitt gjennom det sporadiske samværet med sine biologiske foreldre. 

Men når slike møte berre skjer seks gongar i året, er det langt ifrå nok til å oppretthalde eit heilt språk. 

Ofte skjer desse møta dessutan under tilsyn, noko som betyr at dei må snakke norsk.

– Fosterheimsplassering skal ideelt sett vere eit mellombels tiltak. Men når barnet mister språket sitt, kan det også øydelegge relasjonar. I nokre tilfelle blir det umogleg for dei å flytte heim igjen, seier forskar Fylkesnes. (Foto: Eivind Senneset)

Gamle synder om igjen?

Ei mindre stolt side av norsk barnevernshistorie er korleis institusjonen tidlegare har vore ein sentral aktør i fornorskinga av samar og andre nasjonale minoritetar. 

Mange barn blei plasserte i internat eller fosterheimar der dei skulle lære seg norsk og helst gløyme det samiske.

Oppi dette såg barnevernstilsette på seg sjølve som gode hjelparar. 

Tanken var: Jo likare vi er, jo lettare kan vi bygge nasjonen. Også overfor barn av romfolk gjaldt denne strategien.

Har fått medhald i at barnevernet har forsømt seg

– Eg fryktar at vi er i ferd med å gjere dei same feila om igjen, denne gongen overfor barn med migrasjonsbakgrunn. Viss vi verkeleg har lært noko av overtrampa våre mot samar og romfolk, er det på tide å ta høgde for dette no, meiner Tonheim.

Biologiske foreldre har kritisert norsk barnevern nettopp for å påføre barna deira språktap og kulturtap. 

Nokre har teke saka med til Den europeiske menneskerettsdomstolen. 

Der har dei fått medhald i at barnevernet har forsømt seg når det gjeld retten til språk.

– Når barnet mister språket, kan det øydelegge relasjonar

Barnevernsforskar Marte Knag Fylkesnes ved Universitetet i Bergen er med i prosjektet leia av Tonheim, og har sett spesielt på effektane av språktap:

– Fosterheimsplassering skal ideelt sett vere eit mellombels tiltak. Men når barnet mister språket sitt, kan det også øydelegge relasjonar. I nokre tilfelle blir det umogleg for dei å flytte heim igjen, seier ho.

Då Tonheim for mange år tilbake sa ja til å bli fostermor for Maryan, kjentest det riktig for henne å ta imot ei somalisk jente. 

Familien hennar bestod allereie av folk frå ulike stader i verda.

Alt ho ikkje visste

Ho ville så inderleg at den vesle jenta skulle kjenne seg heime. Bakgrunnen hennar var hard. 

Som fireåring, blei Maryan akuttplassert i beredskapsheim for andre gong, men det som berre skulle vere eit høgst mellombels tiltak, enda med å vare i to år.

– Eg trur det var difor ho kalla meg mamma alt første gongen ho såg meg. I årevis hadde ho lengta etter nokon å høyre heime hos, seier Tonheim.

Tonheim tenkte mykje på alle brota denne femåringen alt hadde opplevd i livet.

– Eg ville vite kva Maryan bar på, difor bad eg om ei utgreiing frå barnevernet. Det skjedde ikkje. Dei meinte at ho berre skulle få falle til ro hos meg, så kunne vi sjå på det sidan, hugsar Tonheim.

«Verkeleg koseleg, veldig varmt»

Eit av barna i fosterheim som Fylkesnes har snakka med gjennom forskinga på språktap, fortel om kor viktig morsmålet er for henne. 

Jenta ser på det som ein del av den ho er, noko ho kan kalle sitt eige: «Viss eg gløymer språket, så kjenner eg at eg vil gløyme kor verdifull den kulturen er. Det er verkeleg koseleg, veldig varmt på ein måte.»

Desse adjektiva – koseleg og varmt – tydar på at både heimspråket og heimkulturen er noko som gir denne jenta tryggleik. 

Ho vil vere i den stemninga, halde fast i den, hugse verdien av den. Men slik er det slett ikkje for alle, seier forskaren.

– Morsmålet betyr ulike ting for ulike barn. Nokre er sterkt knytte til det, mens andre barn kan kjenne det som eit press og mas å skulle oppretthalde det i ein ny og annleis kvardag. Kanskje er dei meir opptekne av å bli gode i norsk og engelsk – språk som har høgare status, seier Fylkesnes.

Nokre kjem dessutan frå familiar med fleire språk, eller dei har veksla mellom ulike språk som ein del av migrasjonshistoria si. 

Dermed er det ikkje så lett å berre definere eitt morsmål som sitt eige. 

Nokre angrar seg

Barns ønske skal høyrest og takast omsyn til, heiter det i barnevernslova. Dette er ein styrke, synst både Fylkesnes og Tonheim. Samstundes er det eit problem her: Barn kan ikkje alltid vite kva som er best for dei.

– Ein barnevernsarbeidar må beskytte barnet ut ifrå eit livsløpsperspektiv. Kva treng barnet på lengre sikt? Det spørsmålet må dei stille seg, seier Fylkesnes.

Gjennom forskinga si har ho møtt fleire ungdommar i fosterheim som angrar på at dei i yngre alder gav slepp på morsmålet sitt. 

Her ligg noko av dilemmaet: Identitet er omskifteleg, ikkje konstant for noko menneske. Særleg kan identiteten forandre seg mykje gjennom ein oppvekst.

– Språk ber i seg ein heil kultur

Eit barn kan ønske seg å vere typisk norsk og ikkje skilje seg ut, men når tenåra kjem, bli sterkt oppteken av opphavet sitt. 

Nokre vil også etter kvart ønske seg kontakt med storfamilien eller det etniske miljøet dei kjem ifrå. Viss morsmålet er borte då, vil dei kanskje ikkje lenger klare det.

– Språk handlar om å bli forstått, men også om mykje meir enn det – om kjensler og uttrykk. Det ber i seg ein heil kultur, ein måte å tenkje på og vere på, seier Fylkesnes.

– Vi har hatt for lite kunnskap om betydninga av det i barnevernet. Verdiar som tilknyting og tryggleik har vege tyngst. Kultur har derimot blitt sett på i kontrast til tryggleik, i staden for at det også kan vere ein form for tryggleik, seier ho.

Få får morsmålsundervisning

I røynda er sjansen til å vedlikehalde det opphavlege språket sitt veldig liten for desse barna, sjølv når dei ønsker å gjere det. 

Morsmålsundervisning i norsk skule er berre tilgjengeleg for barn som slit med norsk. 

Andre alternativ – besøksfamiliar, opplæring i etniske miljø – krev mykje kulturell kunnskap å finne fram til, og barnevernet har sjeldan overskot til å løyse dette i det daglege arbeidet sitt.

– Eg synst vi må løfte denne problemstillinga. Viss morsmålsopplæring ikkje var eit individuelt val for barn i fosterheim, men noko storsamfunnet tilbydde av seg sjølv utan at det blei stilt spørsmål ved, ville det truleg vere ei betre løysing, seier Tonheim.

Skal barna alltid få bestemme sjølve?

Fylkesnes stiller også spørsmål ved om barna alltid skal få bestemme sjølve:

– Slik det er i dag, legg vi altfor stort ansvar på fosterforeldra og barna sjølve til å halde morsmålet ved like. Barna må verkeleg insistere på det, ville det, for at dei skal få sjansen til å gjere det, seier ho.

Men desse barna er som regel for små til å føresjå konsekvensane av å velje det bort, meiner ho.

– Så skal vi eigentleg overlate det valet til dei? Du ville jo ikkje spurt eit barn om det ville til tannlegen, til dømes!

Spørsmåla på leikeplassen

Maryans to mødrer var vidt forskjellige: Den norske og den somaliske. Ho budde hos den eine, men møttest også iblant med den andre. For henne var dei begge «mamma».

– Det verka ikkje å vere noko problem i det heile for henne å ha to mammaer, hugsar Tonheim.

Annleis var det for verda kring Maryan.

Iblant gjekk fostermora og Maryan til ein bestemt leikeplass i byen der Tonheim visste at dei ville møte somaliarar. 

Der kunne ho snakke med dei somaliske mødrene, mens Maryan leikte med barna. Dette var noko dei begge likte å gjere. 

Jenta kunne bli utfordra på identiteten sin

Samstundes kunne jenta bli utfordra på identiteten sin under desse leikestundene på måtar som kunne vere ubehagelege for henne. 

«Ho der kan ikkje vere mora di!» sa barna ofte, og kravde ei forklaring. Kven var ho eigentleg? Somalisk eller norsk? Eller noko midt imellom?

– Eg trur at barn må vere ganske robuste og trygge i seg sjølve for å stå i slikt over tid. Kva betydde det for henne, å stadig måtte forklare seg om familieforholda sine, identiteten sin? undrar Tonheim.

Tida ho hadde med Maryan blei kort – berre eit halvt år. Etter ønske frå den biologiske mora, flytte jenta tilbake til henne. Brått blei det veldig stille i huset.

– Eg håpar ho har det bra, seier Tonheim.

Om prosjektet

Forskningsprosjektet utforsker hvordan fosterhjem som tiltak ivaretar barn med migrasjonsbakgrunn sine behov, både når det gjelder livskvalitet, språk og deltakelsesmuligheter. Prosjektet ledes av professor Milfrid Tonheim.

Les mer om forskningsprosjektet her.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article