Meninger
Debattinnlegg
Kan det vere nyttig å sjå på staten og kapitalen — les finansnæringa — med andre auge også i dag? Ja, det trur eg.
Dagleg leiar, Fair Play Bygg Oslo og omegn
“Staten och kapitalet, de sit i samma båt”, song Joakim Thåström i punkbandet Ebba Grön.
Songen var ei sarkastisk framstilling av staten sett frå eit anna perspektiv enn det staten sjølv og finansnæringa gjerne legg til grunn.
Gjennom ei rekkje møte med menneske som blir utnytta i arbeidslivskriminalitet (a-krim), har vi i Fair Play Bygg lært mykje om metodane dei kriminelle nyttar.
Når vi ser samfunnet frå perspektivet til den som blir utsett for a-krim, ID-tjuveri, lønstjuveri eller valdelege og kriminelle arbeidsgivarar, forstår vi korleis kriminaliteten skjer og kven som blir råka betre enn byråkratene i staten og leiarane i finansnæringa.
Les også: Økokrim åtvarar: Slik har kriminelle nettverk endra taktikk
Denne kunnskapen gjer at vi kan førebyggje a-krim.
Vi varslar politiet, Skatteetaten, Nav og andre før kriminelle rekk å hente ut enorme summar ved å manipulere opplysningar i offentlege register — såkalla registerkriminalitet.
Både staten og finansnæringa blir svindla fordi kriminelle kan utnytte tryggingshol i det norske tillitsbaserte systemet. Staten betaler ut ytingar frå Nav, MVA-refusjonar og ulike tilskot på sviktande grunnlag.
Finansnæringa gir lån og kreditt som endar hos kriminelle nettverk. Samtidig blir menneska som er utsette for kriminaliteten, marginaliserte.
Fair Play Bygg har varsla om dette i årevis. No har også Økokrim oppfatta alvoret. Men finst det vilje til å tette hola i systemet?
Fair Play Bygg Oslo og omland sit på ei skattekiste av informasjon. Nyleg bad Økokrim oss samle alle varsla våre om registerkriminalitet. Mappa omfattar 302 varsel sende inn frå 2023 og fram til i dag.
Les også: Skatteetaten avdekket feilaktige frådrag for 1,9 millarder
Varsla viser korleis aktørar etablerer seg i arbeidslivet, tek kontroll over tilsynelatande lovlege føretak og sender inn falske opplysningar til Brønnøysundregistera, Skatteetaten og Nav.
Desse opplysningane blir brukte til å hente ut varer på kreditt, få banklån til eigedom og bilar, gjennomføre trygdebedrageri, bankbedrageri, misbruke tilskotsordningar og kvitvaske pengar i stor skala. Bak selskapa står organiserte kriminelle med internasjonale nettverk.
Metodane er enkle. Dei kjøper opp selskap, skaffar stråmenn og -kvinner som står oppførte som arbeidstakarar eller styreleiarar, og sender inn falske opplysningar om løn, inntekt, MVA, roller i selskapet eller adresse.
Opplysningane blir i liten grad kontrollerte. Når dei først er registrerte i Brønnøysundregistera eller hos Nav, blir dei lagde til grunn for kreditt, lån, dagpengar, trygd, forsikring og andre ordningar.
Pengane blir deretter i stor grad kvitvaska gjennom nye lån, som blir betalte ned med svarte pengar frå personar eller føretak med fiktiv inntekt.
aJa, absoluttbJa, men det er rom for forbedringcNei, innsatsen er for svakdVet ikkje
Ofte er det nesten komisk kva staten godkjenner av falske opplysningar. Fair Play Bygg har mellom anna varsla om:
- falske rekneskap der inntektene blir endra frå 0 til 7 millionar
- stråpersonar som ikkje bur i Noreg, eller som er døde, blir registrerte som styreleiarar
- falske forretningsadresser, til dømes i ein garasje
- kriminelle som får registrert høg inntekt og mottek ytingar frå Nav på grunnlag av fiktiv løn
- bankar som gir lån til dyre bilar og eigedom basert på falske rekneskap
- kriminelle som får utbetalt MVA-refusjon frå Skatteetaten etter falske MVA-rapportar
- tilsette som blir utsette for lønstjuveri, ID-tjuveri og vald
- offer for ID-tjuveri som blir påførte stor gjeld
Resultatet er at kriminelle nettverk blir svært rike.
Les også: 433 millionar i mistenkelege transaksjonar ikkje rapportert
Samtidig fører rivalisering mellom kriminelle grupper til granatangrep og drap. Arbeidstakarar blir grovt utnytta, og delar av næringslivet forslummast når kriminelle tek over marknader.
Dette er nettverk som tenkjer langsiktig.
Dei plasserer folk i strategiske posisjonar og har ressursar til å kjøpe tenester frå personar med kompetanse innan rekneskap, jus, eigedom, offentleg forvaltning og finans.
Store delar av verdiane blir investerte i eigedom.
Det er ein liten krins av sentrale personar som står bak mykje av denne kriminaliteten. Det bør vere mogeleg å setje denne gruppa ut av spel. Her er nokre framlegg:
- Kontroller registerdata. Brønnøysundregistera, Nav og Skatteetaten må ikkje bli reiskap for kriminelle.
- Inndra verdiar frå kriminelle. Ta bilar, klokker og eigedom når dei ikkje kan gjere greie for kvar pengane kjem frå.
- Etterforsk lønstjuveri og ID-tjuveri. For mange saker blir lagde bort av politiet.
- Ha tillit til den kunnskapen Fair Play Bygg sit med.
Om ikkje byråkratane i staten og finanskapitalen vil høyre på Ebba Grön, kan dei likevel ha nytte av å sjå makta dei utøver frå eit anna perspektiv.
Kanskje vil dei då oppdage at dei har blindpassasjerar i båten.

1 hour ago
2









English (US)