13 drepne i angrep mot tre hus i Rafah

2 weeks ago 18



29. april 2024 kl. 00:57

13 personar skal vere drepne i eit angrep mot tre hus i Rafah, heilt sør på Gazastripa, ifølgje helsepersonell i Gaza. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.

Det er førebels ikkje kjend om åtaket er ein del av ein lenge varsla bakkeinvasjon av Rafah.

Over 1 million internt fordrivne palestinarar oppheld seg i byen, ifølgje FN. Fleire verdsleiarar, mellom anna USAs president Joe Biden, har åtvara Israel fleire gonger mot å gå inn i byen, i frykt for enorme sivile tap.

Read Entire Article