5000 kroner til den som tipsar om rett person

1 day ago 1



Kunstig intelligens er i ferd med å endre verda.

Ifølge ekspertane er det omtrent ikkje grenser for kva teknologien vil effektivisere og endre.

Difor er det kamp om å få tak i dei folka som kjenner KI-teknologien best.

Ein av arbeidsgjevarane som er på leiting er Eirik Mofoss, dagleg leiar i tankesmia Langsikt.

I jakta på ein KI-rådgjevar har tenketank-toppen tenkt seg fram til eit kreativt grep:

5000 kroner i honorar for tips som fører til tilsetting.

– Arbeidsmarknaden er tøff for arbeidsgjevarar, og kompetanse på KI er særleg ettertrakta, seier Mofoss.

en vegg med bilder på

Langsikt er ei tankesmie som jobbar med å skrive forslag og innspel til politikk.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

I eit lite kontorlokale like ved Youngstorget i Oslo jobbar dei med forslag til ny politikk. Då er KI eit område dei må satse på.

– Eg håpar honoraret skal gje meir merksemd til annonsen vår. Kanskje det gir ein ekstra motivasjon for å sende ei melding til nokon

Sidan han no har fått NRK på døra, så har han i alle fall fått litt merksemd.

– Bekymra for Noreg si konkurransekraft

Hans Petter Karlsen kallar praksisen med honorar eit nytt fenomen i norsk arbeidsmarknad.

Han er partnar i Habberstad og har lang erfaring med i rekruttering.

– Det tyder på ein pressa arbeidsmarknad. Det kan føre til at du når breiare ut enn ein tradisjonell annonse, seier Karlsen.

NHO er uroa for om Noreg klarer å henge med på KI-revolusjonen.

– Rekrutteringa er eit omfattande problem, seier Rebekka Borsch.

en person som har på seg en hvit frakk

Rebekka Borsch er avdelingsdirektør for kompetanse, innovasjon og digitalisering i NHO.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Tidlegare i år utføre dei ei undersøking som vekker bekymring:

  • 67 prosent av bedriftene svarte at dei manglar kompetanse for å innføre og bruke KI.
  • 70 prosent svarte at dei meiner KI vil vere viktig for bedrifta sin vekst og konkurranseevne i framtida.
  • 64 prosent svarte at dei meiner KI vil endre oppgåvene i bedrifta.

– Vi innfører kunstig intelligens saktare enn dei andre nordiske landa. Vi i NHO er bekymra for Noreg si konkurransekraft. Vi sakkar akterut. Noreg må ta i bruk denne teknologien på ein klok måte, seier Borsch.

Ho understrekar at det skjer mange gode grep innan utdanning og vidareutdanning, men meiner Noreg må satsa enda meir på KI enn i dag.

Full innboks

Honoraret har ført til mange tips, men langt frå alle er aktuelle.

Mofoss ler litt av enkelte e-postar.

– Det er nokre som har prøvd seg på å sende ei liste over dei mest kjende KI-ekspertane i landet. Eg kan ikkje betale ut til alle som har nemnd ein kjend person, seier han.

Eirik Mofoss, dagleg leiar i tankesmia Langsikt

Mofoss har fått innboksen full av meir eller mindre relevante tips.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Kan du garantere at du kjem til å betale ut noko?

– Ja. Det kan skje på to måtar. Anten får vi eit tips om ein person vi ikkje kjenner til, og endar med å gje den personen jobb – eller så spør vi den som får jobben korleis dei høyrde om stillinga. Dersom eg får eit namn då, så lovar eg at dei får betalt. Det er det verdt, seier Mofoss.

Publisert 04.11.2025, kl. 06.14

Read Entire Article