– Stopp MDG-galskapen, tornar Framstegspartiets Ingeborg Bjørnevik.
– Eg seier som Erna: Eg ville ikkje brukt akkurat dei orda, seier byutviklingsbyråd James Stove Lorentzen (H).
Han og byrådet jobbar for tida med å mjuke opp dagens reglar og tillate meir parkering i nye byggeprosjekt.
I det same byrådet sit Venstre.
Venstre har – i motsetning til byrådspartnar Høgre – sagt ja til dagens svært restriktive parkeringsreglar.
Saman med blant anna MDG.
– Enda ein gong er det full splitting og borgarleg kaos. Mens Frp og Høgre vil sleppe biltrafikken laus, vil Venstre halde igjen, konstaterer MDGs gruppeleiar Sirin Stav.
OPPGITT: Sirin Stav er MDGs gruppeleiar i Oslo bystyre og leiar samferdsels- og miljøutvalet.
Foto: Bård Nafstad / NRKSykle til Ikea?
Dermed er bordet dekt for ein ny, heftig parkeringskrangel i Oslo.
Til nå har mykje handla om at gateparkering blir borte til fordel for raud asfalt og nye sykkelfelt.
Striden denne gongen står om kor mykje parkering som skal vere lov når ein bygger nye bustader og butikkar, skular og sjukeheimar.
Vi ser same problematikk mange stader i landet.
Den blei sett på spissen i saka om det planlagde Ikea-varehuset i Stavanger.
Det får 183 parkeringsplassar for bil.
Og 1099 for sykkel.
5300 plassar borte
Oslo Handelsstands Forening har fått Vista Analyse til å sjå på verknadene av den nye parkeringsnorma som blei innført i Oslo i 2022.
Den la strenge avgrensingar på kor mange parkeringsplassar som kunne byggast ved nye bustader, forretningar og institusjonar som skolar og sjukeheimar.
Derimot blir utbyggarane pålagde å sikre mange parkeringsplassar for sykkel.
Konklusjonen er at dersom alle daglegvarebutikkar i Oslo skulle blitt etablerte med dagens reglar, ville 5300 av 6500 parkeringsplassar vore borte.
Eller åtte av ti.
Hadde ikkje blitt bygd
For betre å forstå saka tar vi turen vestover i byen.
Der opna Meny Gressbanen i Holmenkollveien i november i fjor.
Butikken er sprengd ned i bakken saman med ein parkeringskjellar med 45 bilplassar.
P-HUS: Både butikken og parkeringshuset er sprengt ned i bakken på Holmen.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKPå toppen har Ready fått ein flunkande ny bane med kunstgras om sommaren og kunstis om vinteren.
Ifølgje Norgesgruppen er dei fornøgde, naboane fornøgde, kundane fornøgde og idrettsforeininga fornøgd.
Rakk det akkurat
Dei rakk akkurat å få prosjektet godkjent før den nye parkeringsnorma til Oslo kommune blei vedtatt i 2022.
Om ikkje hadde talet på parkeringsplassar vore maks 14 eller 15, ikkje 45.
– Da hadde vi ikkje bygd denne butikken i det heile, seier utviklingsdirektør Geir Inge Juriks i Norgesgruppen Eiendom.
Og idrettsanlegget på toppen hadde heller ikkje sett dagens lys.
GRAS OG IS: Kunstgrasbanen oppå butikken blir kunstisbane om vinteren.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKTreng parkering
– Vi er heilt avhengig av eit minimum parkeringsplassar. Denne plassen er akkurat passe stor til denne butikken.
– Treng folk i Oslo bil når dei handlar mat?
– Meny har eit stort vareutval. Folk handlar gjerne mykje, både til helg og til fest. Å ta med seg tre–fire bereposar tilbake på T-banen eller bussen, det er ikkje sånn ein ønsker å ha det.
– Da køyrer dei heller til konkurrenten, som fort har eit tilbod på parkeringssida som er betre, seier Juriks.
Det bekreftar kundar NRK snakka med på veg frå butikken til bilen:
Hallgeir Braastad / NRK
Solveig Skauan
Eg har vore rundt og gjort ein del ærend. No er eg her, og no skal eg vidare til ein annan butikk for å handle. Eg prøver å handle éin gong i veka, og då må eg bere litt.
Om det ikkje hadde vore parkering her, kva hadde du gjort då?
Då hadde eg vore i ein annan butikk.
Politikarane meiner at folk skal gå, sykle eller reise kollektivt?
Ja, men gjer ein det når ein er 86?
Hallgeir Braastad / NRK
Harald Bruu
Eg handlar stort sett når eg er ute og køyrer. Då er det viktig å kunne svinge inn ein stad, stoppe raskt og handle det eg skal ha.
Så det blir ikkje meir biltrafikk av at du køyrer bil når du skal handle mat?
Det gjer det ikkje.
Hallgeir Braastad / NRK
Merethe Ørneberg
Det er superviktig. Eg handlar der eg kan parkere. Viss ikkje, bruker eg ikkje den butikken.
Så då hadde denne butikken mista deg som kunde?
Ja. Og eg synest nesten det er litt for lite parkering her, litt trongt.
Geir Inge Juriks i Norgesgruppen seier at dei har fleire butikkar med heilt grei parkering, men mykje anna som ikkje fungerer.
– Gjerne i knutepunkt der kommunen ønsker at det skal fortettast og byggast bustader.
I så fall vil dei nye parkeringsreglane gjelde.
– Om vi da må bygge ned parkeringskapasiteten vår, er investeringslysta liten, seier Juriks.
VIL HA ENDRING: Geir Inge Juriks er utviklingsdirektør i Norgesgruppen Eiendom.
Foto: Hallgeir Braastad / NRK– Gamle, stygge bygg
Adm. direktør Daniel Torkildsen Lea i Oslo Handelsstands Forening seier at det er mange eksempel på at dagens parkeringspolitikk hindrar utbygging.
Også NRK er kjent med dette, men det er vanskeleg å få utbyggarar som har pågåande planprosessar med Oslo kommune til å stå fram.
– Oslo går glipp av milliardinvesteringar i flott byfornying og forskjønning der ein flyttar stygg overflateparkering og får det under bakken.
– Det blir ståande gamle, stygge bygg i staden for nye, fine, seier Lea.
KRITISK: Daniel Torkildsen Lea er administrerande direktør i Oslo Handelsstands Forening.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKHandelsstanden ber rett og slett politikarane bruke sunn fornuft når dei nå skal lage nye reglar.
– I dag er det sånn at dei likebehandlar ein bar med Ikea, og eg trur dei fleste ser at dei har litt ulike behov, seier Daniel Torkildsen Lea.
Bekymra for sjukeheimar
Det får han godt høve til å meine noko om når byrådet sender reviderte parkeringsreglar ut på høyring i løpet av året.
– Det vi har sett, er at dagens norm gir nokre veldig uheldige utslag, seier Høgres byutviklingsbyråd James Stove Lorentzen.
– Det gjeld for næringslivet. Det gjeld for institusjonar som sjukeheimar og skolar. Og det vil nok også gjelde for bustadprosjekt i ytre by, seier han.
VIL ENDRE: James Stove Lorentzen (H) er byråd for byutvikling i Oslo.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKHan er spesielt bekymra for sjukeheimane fordi få parkeringsplassar både kan hindre rekruttering av helsepersonell og at pårørande besøker dei gamle.
– Fungerer etter hensikta
Høgre er likevel i ein trippel skvis, frå begge sider og innanfrå.
Byrådspartnar Venstre meiner dagens norm i hovudsak fungerer etter hensikta.
Men gruppeleiar i bystyret, Haakon Riekeles, gir ei lita opning.
– Byrådspartane er einige om at parkeringsnorma treng nokre mindre justeringar på nokre punkt, blant anna knytt til institusjonar i ytre by, seier han.
SPLITTA: Haakon Riekeles er gruppeleiar for Venstre i Oslo bystyre og leiar byutviklingsutvalet. Dei og Høgre er ikkje einige i parkeringssaka.
Foto: Olav Juven / NRK– Stenger barnefamiliar ute
Til høgre for byrådet er Framstegspartiets primære standpunkt at utbyggarar skal få lage så mange parkeringsplassar dei vil.
Ifølge dagens reglar treng for eksempel ikkje bustadbyggarar å bygge ein einaste – med unntak av handikapparkering.
– Dette stenger barnefamiliar og andre med behov for bil ute frå byen, seier Ingeborg Bjørnevik i Frp.
MISFORNØYD: Ingeborg Bjørnevik er samferdselspolitisk talsperson for Frp i Oslo bystyre.
Foto: Olav Juven / NRKGrøn utvikling i revers
På motsett side seier Sirin Stav i MDG at dagens norm er ei norm – ikkje eit rigid regelverk – og kan fråvikast ved behov.
Ho er redd Høgre og Frp vil sette den grøne utviklinga av Oslo i revers.
– Resultatet blir meir biltrafikk, meir naturnedbygging, utrygge skolevegar og meir utslepp, seier ho.
Publisert 04.11.2025, kl. 07.24 Oppdatert 04.11.2025, kl. 08.42
























English (US)