Alle løyve under lupa: Kan bli slutten på adopsjon til Noreg

2 weeks ago 19



Det har i fleire år storma rundt adopsjon frå utlandet. Saker om kidnapping, falske dokument og regelrett menneskehandel er omtalt av VG og NRK.

No er alle løyve for adopsjon til Noreg under lupa.

Blir dei trekte tilbake, blir det kroken på døra for alle som formidlar adopsjon.

«Fagleg og etisk forsvarleg»

I eit skarpt brev krev Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som har gitt løyva, svar frå adopsjonsforeiningane.

Bufdir vil vite om det er «fagleg og etisk forsvarleg» å adoptere, og dessutan om behovet framleis finst. Bufdir lurer også på om «autentisiteten til dokumentasjonen kan verifiserast».

Dette blir opplevd som ei mistenkeleggjering av oss, samarbeidslanda og partnarane våre der, seier Sidsel Elie Aas, dagleg leiar i Adopsjonsforum.

– Forstår du at styresmaktene er skeptiske, i lys av sakene i media?

– Eigentleg ikkje. Fleire av sakene i media handlar om adopsjonar frå mange tiår sidan. Då fanst det ikkje internasjonale konvensjonar som regulerte adopsjon. Det gjer det no. Vi vil sjølvsagt at ting skal gå rett for seg.

Trekte løyve

Tre foreiningar har i dag løyve til å formidle adopsjon frå totalt seks land: Colombia, Peru, Sør-Afrika, Tsjekkia, Ungarn og Bulgaria.

Det er barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) som har bede Bufdir vurdere desse løyva på nytt.

I fjor trekte Bufdir tilbake løyvet for Madagaskar. I tillegg avslo dei å fornye løyvet for tre andre land. (Sjå faktaboks.)

Det er i dag rundt 350 familiar i Noreg som er i ein adopsjonsprosess. Desse prosessane er no sett på vent grunna uvisse om vegen vidare.

– Ikkje dokumentgranskarar

Foreininga Inor Adopt stussar over spørsmåla dei må svare Bufdir på.

– Dette er allereie utbrodert i alle søknadane våre. Dette er grunnlaget for at vi har fått gyldige løyve. Bufdir veit altså svaret på mykje av det dei spør oss om, seier dagleg leiar Line Oseassen Onshus.

– Kan de verifisere dokumenta sin autentisitet?

– At styresmaktene spør om dette er heilt utruleg. Vi er sosialarbeidarar, ikkje dokumentgranskarar. Grunnleggande for alt vi gjer er tillit til og samarbeid med utanlandske styresmakter. Alle dokument blir uansett etterprøvd og godkjente av Bufdir, som siste instans i Noreg.

NRK har bede om intervju med Bufdir, men dei har avslått dette. NRK har også sendt Bufdir kritikken frå foreiningane.

Avdelingsdirektør Kristin Ugstad Steinrem svarer ikkje direkte på den, men understrekar at organisasjonane er bedne om å uttale seg om fleire forhold.

– Vi har også bede dei kommentere på utsegner frå blant anna FNs Barnekomite og frå den internasjonale organisasjonen International Social Services (ISS). Vi gjer grundige vurderingar av dette, men er ikkje ferdige og kan derfor ikkje anslå utfallet av vurderingane på førehand, seier ho.

Granskar heile adopsjonsfeltet

I fjor sette statsråd Toppe i gang ei ekstern gransking av utanlandsadopsjonar i eit historisk perspektiv. Ho vil vite om Noreg har hatt god nok kontroll og om det har vore eventuelle lovbrot eller uetiske forhold.

Rapporten skal vere klar i 2025.

Young K. Kim, dagleg leiar i foreininga Verdens barn, reagerer på at dagens løyve blir revurderte mens granskinga går føre seg.

Young K. Kim, daglig leder i Verdens barn

Young K. Kim, dagleg leiar i Verdens barn, er kritisk til at dagens løyve skal revurderast samtidig som granskinga går føre seg. 

Foto: Privat

Eg skjønar ikkje kva dei tenker. Det naturlege ville vere å vente på granskinga før ein gjer endringar, seier han.

Alle tre adopsjonsforeiningane seier til NRK at dei må legge ned dersom dei mistar løyva dei har.

Dermed kan utanlandsadopsjon bli historie i Noreg, før granskinga er ferdig.

– Mistar vi løyva, må vi legge ned. Då har vi ikkje lenger land å adoptere frå, seier Aas.

Utan adopsjonsaktivitet har vi ikkje midlar til å drive kontoret vidare. Eg tør ikkje eingong tenke på kva det betyr for barna som kunne fått eit betre liv i Noreg. Dei fleste må vekse opp på institusjon eller på gata, seier Kim.

Vurderer stans uansett

Revurderinga av løyver skjer ikkje berre samtidig med den offentlege granskinga. Den skjer også medan Toppe vurderer om ho uansett skal stanse alle adopsjonar ein periode.

Det tok nemleg Bufdir til orde for i januar. Då svarte Toppe at oppfordringa måtte greiast ut betre. 17. april kom Bufdir si nye utgreiing. Oppfordringa står fast og blir grunngitt slik:

«Mellombels stans er det tiltaket som mest effektivt varetar rettstryggleiken til barna det gjeld og den biologiske familien deira. Ved å ikkje adoptere barn frå utlandet tar norske styresmakter ingen risiko sett opp mot lovbrot i opphavslanda eller svakheiter i det norske systemet.»

Kjersti Toppe

Barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

NRK har bede om intervju med statsråd Toppe, men ho har avslått dette. NRK har også sendt ho kritikken frå foreiningane.

I ein e-post svarar ho at hovudprioriteten til styresmaktene er at adopsjonar skal vere sikre og trygge, og i tråd med Haagkonvensjonen.

Om revurderingane skriv ho:

«Eg bad Bufdir i november 2023 om å gjere ein gjennomgang av dei konkrete formidlingsløyva til alle landa Noreg samarbeider med i dag. Eg vil ha vissheit om rettstryggleiken i adopsjonssamarbeida her og no, og ønskjer derfor ein oppdatert gjennomgang.»

Bufdir skal innan 1. mai avgjere om dagens løyver blir trekt tilbake eller ei.

Hei! Har du innspill til meg?

Takk for at du leste denne saken. Jeg ser nærmere på adopsjoner fra Colombia. Hvis du er adoptert fra Colombia og mistenker at det har skjedd noe ulovlig i din adopsjonsprosess, send meg gjerne en e-post. 

Publisert 29.04.2024, kl. 05.37

Read Entire Article