Det andre stemmeskiftet

2 weeks ago 19



For songarar kan overgangsalderen bety karrieredød.

Songarar ber instrumentet sitt i kroppen. Om kroppen endrar seg, endrar stemma seg.

Då ho nærma seg femti, merka Hilde Haraldsen Sveen (59) endringar i kroppen: søvnmangel, smerter og store blødingar. Og det verste av alt:

Kroppen ville ikkje synge lenger.

Hilde Haraldsen Sveen, sopran

Midt i karrieren opplevde Hilde at stemma boikotta henne. Det skjedde noko nytt, noko den rutinerte sopranen ikkje hadde kontroll over.

Foto: Therese Pisani / NRK

Dei ho jobba saman med då, skjønte at noko måtte vere gale.

Men ingen, verken lærarar, kollegaer eller andre i Hilde sin krins, ante noko om kva som kan kunne skje med stemma i samband med overgangsalderen.

Naturtalent

Kristiansandjenta har masterutdanninga si frå Berlin, og karrieren begynte i Tyskland. Etter studia vart ho handplukka til eit av dei tradisjonsrike operahusa i delstaten Sachsen-Anhalt: Nordharzer Städtebundtheater. Ho lærte seg ei rekkje operaroller og memorerte enorme mengder tekst.

På det meste gjorde ho tre ulike hovudroller i løpet av ei helg.

Tilværet bestod av rolleinnstudering og reising mellom jobb i Tyskland og mann og barn i Bergen. Svigermor hjelpte når tida ikkje strakk til. Etter tre travle år hadde ho gjort dei fleste operaroller som ein lys sopran kan ha.

Hilde Haraldsen Sveen i Rigoletto av Guiseppe Verdi

«La oss merke oss navnet med en gang: Hilde Haraldsen Sveen.» Slik starta Kjell Moe meldinga si av Verdi sin «Rigoletto» i Kulturspeilet.

Foto: Erik Berg / Den Norske Opera og Ballett
Hilde Haraldsen Sveen i Rigoletto på DNO

Hilde som Gilda i famnen til Rigoletto (Ole Jørgen Kristiansen) på DNO.

Foto: Erik Berg / Den Norske Opera og Ballett
Hilde Haraldsen Sveen i kostyme til Karmelittsøstrene

Hilde i kostyme til Karmelittsøstrene av Francis Poulenc, på DNO i 2001.

Foto: Erik Berg / Den Norske Opera og Ballett
Hilde Haraldsen Sveen på prøvene til Karmelittsøstrene

Hilde og Ragnhild Heiland Sørensen på prøvene til Karmelittsøstrene i 2001.

Foto: Erik Berg / Den Norske Opera og Ballett
Helge Rønning, Johannes

Hilde med kollegaene Anna Einarsson, Johannes Weisser og Helge Rønning bak – etter framføringa av Missa Sancti Hieronymi i Stavanger i 2008.

Foto: Privat/Helge Rønning

Som gjest i «La Traviata» ved Den Norske Opera og Ballett vart Hilde kjent i det norske miljøet i 2001.

«Vi har ein ny stor sopran framfor oss, og vi gleder oss til å følge henne utover», skreiv Kulturspeilet om Hilde då ho hadde sunge den første hovudrolla si ved DNO i «Rigoletto» av Verdi. Fleire hovudroller følgde.

Karrieren blomstra. Hilde gav ut songar av Grieg i 2009, til strålande kritikkar. Ho hadde dessutan blitt førsteamanuensis i song på Griegakademiet og brukte stemma si både til undervisning og solistoppdrag.

Utdrag frå Mahler sin åttande – «Symfonien til dei tusen» med Hilde Haraldsen Sveen.

Livet smilte. Inntil vidare.

Blod, smerte og stemmetrøbbel

For i 2017 fekk ho eit problem: blødande og smertefulle muskelknutar i livmora.

Ho heldt fram i jobben, sjølv om ho vart ør av blodmangel. Det prega arbeidsdagen – ho måtte ta mykje smertestillande, og dei månadlege blødingane var så store at ho var redd for lekkasjar.

Hilde vart utmatta. Ho, som trente tre gongar i veka, klarte ikkje å gå bratte bakkar utan mange pausar.

– Det kjendest så urettvist!

Hormonspiral skulle hjelpe mot blødingane. To gongar prøvde legen å sette inn spiral. Det var smertefullt, og han ville ikkje feste seg. Begge gongar datt spiralen ut.

Etter kvart vart Hilde alvorleg blodfattig og måtte få hjelp.

Legen skreiv ut eit medikament, Esmya, som skulle redusere plagene.

– Esmya hadde ein viss effekt på smertene og blødingane.

Men stemma begynte å streike. Det ho hadde klart før, fungerte ikkje lenger.

Hilde Haraldsen Sveen med lukka auge og hand på tinningen

Stemmeboikott: Ingen av øvingane Hilde kjente til, hjelpte mot dei nye problema.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Stemma vart hås, og dei vanlege øvingane hjelpte ikkje.

Då ho begynte på Esmya-kur nummer to, vart det verkeleg ille.

Ho miste ikkje stemma heilt, men miste kontrollen over henne, og Hilde forstod ikkje kva som var årsaka.

Ultimatum

Songarar over heile Norden kjenner til den danske vokalpedagogen Susanna Eken i København. Blant hennar studentar finst namn som Randi Stene, Mari Eriksmoen, Johannes Weisser og Lise Davidsen. Mange fleire oppsøkjer henne dessutan når dei treng råd eller har fått stemmeproblem.

Susanna Eken underviser

Stemmepedagog Susanna Eken har vore tilsett på konservatoriet i København sidan 1972 og har undervist mellom anna Randi Stene og Lise Davidsen

Foto: NRK

Hilde hadde hatt sporadiske timar med Susanna Eken sidan ho kom tilbake til Noreg, og reiste no til henne for å få hjelp.

– Eg stod i stova til Susanna og song med tårer i auga. Ikkje berre fordi det let dårleg; eg kjente også på skam over å ha pådratt meg eit stemmeproblem.

Eken spurde roleg om kva som var problemet.

Då fortalde Hilde alt: om blødingane, smertene og medikamentet ho tok.

Første råd frå Eken var: «Slutt med Esmya om du vil halde fram å synge!»

Fleire songarar Eken kjente, hadde opplevd at medikamentet tørka ut slimhinnene i strupen.

Stemmebanda hos kvinner er 1,4 cm lange og tar del i eit finstilt samspel med musklar og slimhinner når ein syng. Som del av forskingsprosjektet sitt ved UiB song Hilde konsert med eit laryngoskop i halsen, altså eit kamera som visere stemmebanda i aksjon.

Roy Hilmar Svendsen / NRK

Susanna Eken fortalde Hilde at ho måtte begynne frå botnen – «vi må begynne akkurat der du er no». Gjenopprette kontakta med muskulaturen.

Stemma responderte positivt då Hilde slutta på Esmya. Og ved hjelp av nitide øvingar og råd frå Susanna Eken kom stemma smått om senn tilbake.

Men blødingane og smertene kom også tilbake, for fullt.

– Eg vart rykt tilbake til start.

Hilde prøvde igjen å halde ut: øvde, mosjonerte og venta på betring. Men ho vart igjen kritisk blodfattig.

Det såg ut som det sto mellom helsa og songen.

Hilde Haraldsen Sveen i gjenskinn notestativ klaver

Hilde visste ikkje om stemma nokon gong ville bli som før då ho vart ramma av store plager.

Foto: Therese Pisani / NRK

Vendepunktet

Legen hadde ein gong nemnt eit anna alternativ.
Ein siste utveg som legane nølte med å tilrå.
Operasjon.
Å fjerne livmora.

Livmora har faktisk ingen funksjon for ei kvinne etter overgangsalderen. Den pærestore «posen» er ein viktig opphaldsstad for fosteret, men dei kvinnelege kjønnshormona blir produsert i eggstokkane.

Likevel – skulle ho operere bort sjølve symbolet på det moderlege?

Hilde må le.

– Nei, det var eg ferdig med! Eg hadde ingen kjenslemessige skruplar med å fjerne livmora. Heime spøkte vi med at både eg og hunden hadde hatt våre siste kull.

Hilde Haraldsen Sveen, sopran

– Det var eit slags overlevingsinstinkt som fekk meg til å søke hjelp, seier Hilde Haraldsen Sveen, som har funne tilbake til stemma si.

Foto: Therese Pisani / NRK

No ville ho spørje legen om å få operasjon.

Men legen meinte at kroppen helst skulle ordne opp i dette utan inngriping.

– Eg har respekt for at legane nøler med å tilrå operasjon, for alle inngrep medfører jo ein viss risiko.

Men Hilde kjente at ho ikkje kunne vente på ubestemt tid.

– Eg oppdaga kor mykje av identiteten som låg i å kunne øve, synge og undervise. Eg miste meg sjølv fullstendig.

Ho spurde igjen om operasjon. Men det tok tid å overtyde legen. Kroppen burde ordne opp sjølv.

Hilde gav seg ikkje, men måtte vente tolmodig. Frå første gong ho ytra ønsket til ho faktisk fekk fjerna den blødande livmora, gjekk det halvtanna år.

Men då ho først hadde fått avtale, gjekk det plutseleg fort. Haukeland sjukehus ringde, dei hadde fått ei avbestilling, så kunne ho komme på kort varsel?

Hilde avlyste alle avtalar og kom til operasjon. Medan ho låg i narkose, vart det trøblete organet fjerna av robotar styrt av kirurgar. Ho måtte bli på sjukehuset over natta.

– Eg kom meg fort og var tilbake på jobb etter nokre dagar. Eg var ikkje klar over at eg var sjukemeld i to veker ... typisk meg!

Operasjonen vart eit vendepunkt for Hilde.

Hilde Haraldsen Sveen på Griegakademiet, spegelbilete

Det vart stor skilnad på tilværet før og etter operasjonen. Men Hilde Haraldsen Sveen måtte vente lenge.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Etterpå har det vore fantastisk! Stemma er nesten som før, og alle plagene er borte. I dag er eit hormonplaster alt eg treng.

For då blødingane vart borte, kunne Hilde få østrogentilskot.

Verktøykassa

Ein som er nesten like glad som Hilde, er pianist og samarbeidspartnar Knut Christian Jansson.

– Ja, Hilde syng nesten enno betre no, ho slepper seg meir laus, seier han. Ho har eit enormt toneomfang, ein nydeleg pianissimo, er veldig open og har rett og slett talent for læring. Kanskje dette er ein grunn til at ho har komme så godt ut på andre sida? – seier Knut.

Hilde Haraldsen Sveen

Øving i Fridalen kyrkje, der Hilde er sopransolist i Mozarts Requiem, med Knut Christian Jansson som dirigent. Både altsolist Kristin Mulders og tenorsolist Ole Morten Velde er tidlegare studentar av Hilde. Bass Torsten Nielsen til høgre

Foto: Marion Hestholm / NRK

Når vi går saman gjennom korridorane på Griegakademiet i Bergen, må vi ofte stoppe. Hilde helsar på studentar til høgre og venstre, slenger ein oppmuntring til ein av dei og ein spøk til ein annan.

Sopranen er no professor i song ved Griegakademiet og den som løyser stemmeproblem for andre.

Hilde Haraldsen Sveen med student

Songundervisning inneber både læring og avlæring – av t.d. spenningar i kjeven.

Foto: Therese Pisani / NRK

Og ho er ein skarp lærar.
– Ein kan komme på sangtime og tru at ein skal klare å skjule kva ein strevar med, eller jukse seg til teknikk. Men Hilde høyrer alt, seier sangstudent Una Kristín Sagatun Kristjánsdóttir.

Hilde Haraldsen Sveen, sopran.

Hilde underviser på kontoret sitt på Griegakademiet, her med student Una Kristjánsdóttir.

Foto: Therese Pisani / NRK

Erfaringane til Hilde har gitt henne ei stor songteknisk verktøykasse som studentane hennar no kan nyte godt av.

– Vi som går ut av Griegakademiet med Hilde som lærar, får eit solid teknisk grunnlag å bygge vidare på, uansett kva vi vel å jobbe vidare med, seier Una.

– Ho har ein plan for kvar student. Om ein spør om spesielle songfaglege ting i første klasse, kan ein oppleve at Hilde seier «ja, men dét skal vi begynne å jobbe med i tredje klasse».

Hilde Haraldsen Sveen underviser Una Kristin Sagatun Kristjansdottir

Songarar brukar eit stort utval konkrete og mentale teknikkar, sånn som her - å «spinne» luftstraumen vidare, som ein sykkel som held tonen i gang ...

Foto: Therese Pisani / NRK
Hilde Haraldsen Sveen underviser Una Kristin Sagatun Kristjansdottir

... eller å «fange» klangen i nasen!

Foto: Therese Pisani / NRK
Una Kristin Sagatun Kristjansdottir

– Eg hadde ikkje sunge så mykje klassisk før eg begynte på Griegakademiet, seier Una Kristin Sagatun Kristjansdottir. – Det er Hilde som har bygd stemma mi.

Foto: Therese Pisani / NRK
Hilde Haraldsen Sveen og student

Hilde jobbar med studentar med heilt ulike stemmer. Ingrid Sagabraaten har det ein kallar ei stor stemme, med mykje volum og klang.

Overlevingsinstinkt

For Hilde leidde røynslene til eit forskingsprosjekt innan stemmefysiologi i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus.

– Kunnskap om stemma i overgangsalderen kan nok gagne både skodespelarar, lærarar og andre som har yrke der dei brukar stemma mykje, meiner sopranen.

Hilde veit at historia hennar er på den dramatiske enden av skalaen, og ho har av og til tenkt at dette er for privat til å dele. Men dette er menneskekroppen, og overgangsalder er ein del av livet for alle kvinner.

– Hos meg var det eit slags overlevingsinstinkt som slo inn, og som fekk meg til å oppsøke hjelp. Og heldigvis – ved hjelp av tolmodig øving og østrogentilskot – var det mogleg å finne tilbake til meg sjølv og stemma mi igjen.

Hilde Haraldsen Sveen, sopran

Prosessen med å vinne tilbake stemma vart både dramatisk og lærerik. – Det var inga sjølvfølge at eg skulle komme tilbake, seier Hilde Haraldsen Sveen.

Foto: Therese Pisani / NRK

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi i NRK Kultur burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Publisert 29.04.2024, kl. 10.57

Read Entire Article