Dobla tap av villmarkspreget natur 

2 weeks ago 13



Miljødirektoratet la i dag fram ein rapport som viser at tapet av villmark er dobla:

Frå 117 kvadratkilometer i perioden 2013–2017 til 241 kvadratkilometer i 2018–2022.

Villmark er definert til å vere naturområde som ligg fem kilometer eller meir (i luftlinje) unna tyngre tekniske inngrep. Ved starten av 1900-talet var om lag halvparten av fastlandsarealet i Noreg villmarksprega.

«Naturhierarkiet» har fleire nivå, og under villmarka sorterer «inngrepsfri natur» (INON).

Dette er område som ligg éin kilometer eller meir unna større naturinngrep som for eksempel veg, jernbane, steinbrot og energiutbyggingar.

– Noreg har mista omtrent 1,4 millionar fotballbanar med inngrepsfri natur sidan eg blei fødd. Dette er eit stort naturtap som er negativt for både natur og samfunn, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Han legg til:

– Vi kan ikkje fortsette slik.

Sjå fleire reaksjonar lengre ned.

Villmark i Norge

Ei ny oversikt frå Miljødirektoratet viser at tapet av villmarkspreget natur har meir enn dobla seg dei siste ti åra.

Foto: Miljødirektoratet

Må vike grunn av ny energiproduksjon

Kartlegginga viser at fylka som har mista mest inngrepsfri natur dei siste fem åra er Vestland, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.

Mellom 55 og 60 prosent av INON-reduksjonen kjem av ulike typar energianlegg. Energianlegg omfattar anlegg for produksjon og transport av energi, slik som vasskraftmagasin, vindkraft og større kraftlinjer.

– At energiutbygging er hovudårsaka til tap av inngrepsfri natur er ikkje overraskande, og illustrerer eit viktig dilemma i klima- og naturpolitikken, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Ho viser til at det «er heilt essensielt» med meir fornybar kraft om Noreg skal kutte klimagassutsleppa, men at dette har ein pris.

Mest mogleg kraft og nett bør byggast på, eller i nærleiken av, område som allereie er utbygget, seier Hambro.

Det er likevel grunn til å rekne med at inngrepsfri natur framleis kan krympe på grunn av ny energiproduksjon.

Dag Terje Klarp Solvang leder fellestur frå Hallingskeid til Osa Historisk Vandrerute på vestlandet august 2019.

Andr Marton Pedersen / Andre Marton Pedersen

Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT

– Viss nokon framleis lurer på om vi bygger ned naturen vår, bør desse dramatiske tala rydde all tvil av vegen. Dei viser at utviklinga fortset i feil retning, og at vi øydelegg både for naturmangfaldet og for vår eiga moglegheit til små og store naturopplevingar.

Kvinne med mørkt hår og blå boblejakke i fjæra

WWF Verdens naturfond

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet

– Det er ei svært urovekkande utvikling. Vi har ingen natur å miste, og sjølv om vi treng meir fornybar energi, må utbygginga ikkje skje på kostnad av naturen. Vi er nøydde til å få på plass strenge kriterium for alle typar utbygging, inkludert energiutbygging, for å stanse bit for bit-nedbygginga. Løysinga er energieffektivisering og utbygging i grå areal

Christian Steel Sabima.

NRK

Christian Steel, Sabima

– Det er heilt forferdeleg å sjå at tapet av inngrepsfri natur er dobla siste periode. Vi hadde trudd at tapet i det minste hadde flata ut, og det er useieleg trist at det aukar igjen. Det var Erna Solbergs første regjering med Framstegspartiet som fjerna inngrepsfri natur som forvaltningsverktøy, og nå må Støre-regjeringa omgåande stramme grepet.

Truls Gulowsen (bildet) er leder for Naturvernforbundet. De går nå til anmeldelse mot Vestby kommune for det de meiner er miljøkriminalitet.

Vegar Erstad

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

– Denne statistikken understrekar at vindkraftutbygginga dei siste åra har vore fullstendig ute av kontroll, og at respekten for den attverande inngrepsfrie naturen må gjenreisast på alle nivå. Vi forventar at regjeringa følger opp med klare retningslinjer om at inngrepsfri natur skal vernast og at ny vindkraft ikkje kan tillatast i slike naturområde.

Fredrik Holth

Anne Lognvik

Fredrik Holth, NMBU

– Det er lett å plassere ansvaret for denne utviklinga, men det er dessverre ingen teikn til evne og vilje til å gjere noko med dette. Signala frå regjeringa i førande dokument tyder gjennomgåande på at det er å viktigare å sikre handlingsrommet for lokalpolitikarane, enn å sikre at naturen som ei nasjonal interesse blir varetatt.

Klimakrisa må løysast på ein måte som ikkje forsterkar naturkrisa

Tala viser at vi i aukande grad øydelegg natur i kampen for å redde klimaet. Det er ein dårleg strategi, seier Dag Terje Klarp Solvang, som er generalsekretær i DNT.

Han legg til:

Vi må ta innover oss at klimakrisa må løysast på ein måte som ikkje forsterkar naturkrisa. Vi må slutte å legge store kraftutbyggingar i urørt natur. Vi håpar dei nye tala kan få avgjerdstakarar til å sjå kor viktig dette er.

I mars viste ei ny oversikt frå Miljødirektoratet at 83 kommunar har søkt staten om tilskot til å revidere gamle utbyggingsplanar.

Målet er å erstatte «grå» planar med nyare og meir naturvennlege arealplanar.

Miljødirektoratet kopla den auka interessa frå kommunane til at naturtap har fått større merksemd i media.

Sidan 1985 har kommunane høve til å godkjenne eigne arealplanar. Innan dette dreiv staten meir omfattande ettersyn.

Eit tilbakevendande spørsmål er om kommunane er «vaksne nok» til å skjøtte dette ansvaret, eller om dei treng ein «verje» som kan ha eit meir overordna blikk på norsk naturforvaltning.

Så seint som i januar presiserte Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen at det ikkje var aktuelt å «vengeklippe» det lokalet sjølvstyret.

Presiseringa kom etter auka press om å løfte meir av arealplanlegginga over på høgare plasserte forvaltningsnivå.

Publisert 29.04.2024, kl. 15.58

Read Entire Article