– Sjå, der er det! Å, det er flott, seier dykkaren Jan Harald Torvund.
Jan Harald Torvund fann delar av flyet på botnen av Vangsmjøsa i Valdres i 1991. – Det var gripande å sjå flyet igjen no, seier han.
Foto: Tom Balgaard / NRKHan har køyrd frå Høyanger i Sogn til hangaren på Kjeller flyplass ved Lillestrøm.
Her får han sjå att Gloster Gladiator 423, eit av jagarflya som kjempa for Noreg den 9. april 1940.
Det var delar av dette flyet han fann og henta opp frå Vangsmjøsa i 1991.
– Handverket er så fint, seier Torvund, mens han går rundt og ser på den gamle dobbeldekkaren.






Tok opp kampen mot overmakta
I åra 1938 og 1939 fekk Hærens flyvåpen 12 britiskproduserte jagarfly av typen Gloster Gladiator. Det er eit einmotors fly med to vengepar og ei toppfart på 407 kilometer i timen.
Den 9. april 1940 var sju av desse jagarflya operative på Fornebu flyplass ved Oslo.
Kvart fly hadde fire maskingevær.
Tidleg om morgonen tok dei opp kampen mot ein overlegen tysk flystyrke. Saman med luftforsvaret på Fornebu skaut dei ned fem tyske fly.
Løytnant Dag Krohn i Gloster Gladiator nummer 423 skaut aleine ned to tyske bombefly, eit Heinkel 111 og eit Dornier 17.
I tillegg angreip han og skadde fleire andre tyske fly denne morgonen.
Gloster Gladiator 423 i lufta.
Foto: Forsvaret– Gav kongen og regjeringa eit forsprang
– Det unike med innsatsen som blei gjort av Gladiator-flya, var at dei saman med senkinga av kryssaren Blücher frå Oscarsborg, forseinka den tyske invasjonen av Oslo.
– Det gav kongen og regjeringa det nødvendige forspranget i flukta nordover, seier Finn Terje Skyrud.
Han er leiar i stiftinga «Gloster Gladiator 423», som i mange år har arbeidd for å restaurere det historiske flyet og få det i lufta igjen.
– Dei norske Gladiator-flya skaut ned fleire tyske fly og bidrog til å forseinke den tyske invasjonen 9. april, seier Finn Terje Skyrud, leiar i stiftinga Gloster Gladiator 423.
Foto: Tom Balgaard / NRKForlate på isen
Etter luftkampen 9. april gjekk dei fleste flya tapt då dei naudlanda eller blei skotne i brann på bakken.
Gladiator nummer 423 overlevde, og blei mellom anna brukt til rekognosering på Austlandet etter den tyske invasjonen.
Gloster Gladiator jagarfly ved hovudbasen til Hærens flyvåpen på Kjeller flyplass i 1938. Flyet som står nærmast, er snart ferdig restaurert.
Foto: ForsvaretMen dette flyet blei til slutt forlate på isen på Vangsmjøsa i Valdres. Etter kvart tok tyskarane flykroppen for metallet si skuld. Vengene, motoren og haleroret sokk til botnen då isen gjekk.
Der fann altså dykkaren Jan Harald Torvund delane på 14 meters djupn i 1991.
– Det er gripande å sjå flyet att no, seier Torvund.
I november kom det historiske jagarflyet tilbake frå England til Kjeller flyplass ved Lillestrøm i eit av Luftforsvaret sine transportfly.
Foto: Terje Haugnes / NRKSåg det norske flagget på botnen
Jan Harald Torvund frå Årdal begynte å dykke som 16-åring. Som historieinteressert dykkar har han funne alt frå Krag-Jørgensen-gevær til lokomotiv (!) under vatn.
Han hadde fått med seg at Vangsmjøsa blei brukt som flyplass for norske fly på flukt frå tyskarane i april 1940.
I strandkanten hadde han rundt 1990 sett eit norsk Caproni bombefly som naudlanda der i femti år tidlegare. Og på ein husvegg i Tyinkrysset såg han eit haleror frå eit norsk fly som var fiska opp frå Vangsmjøsa. Han fekk kontakt med flygaren Arvid Piltingsrud frå Valdres, som var feltflygar under kampane der.
Desse vengene til skal trekkast med duk og malast før dei blir monterte på flyet. Dei blir sølvfarga og med det norske flagget på.
Foto: Tom Balgaard / NRK– Piltingsrud fortalde meg at fleire fly hadde sokke i Vangsmjøsa. Så begynte eg å dykke, fortel Torvund.
Han fortel at han hang etter ein båt med ein slede då han dykka. Der han syntest han såg noko, slapp han ut ein ballong.
– Plutseleg såg eg det norske flagget på botnen. Det var malt på ein flyvenge og låg på 14 meters djupn, seier Jan Harald Torvund.
Av serienummeret gjekk det fram at dette var Gloster Gladiator 423.
Eit Gloster Gladiator frå Hærens flyvåpen.
I god stand
– Flydelane var i god stand. Dei var i aluminium og dette var ferskvatn, så det var ikkje noko rust på dei. Det var berre duken på vengene som var flerra opp. Men eg såg altså tydeleg det norske flagget, seier Torvund.
35 år etter at han fann vengene og fekk dei opp av vatnet i Valdres, er flyet nesten ferdig restaurert.
Det er bygd opp igjen av delane Torvund fann, delar frå Gladiator-fly som britane brukte i Noreg, og av heilt nye delar.
Flyet har vore under restaurering i England i fleire år. I november kom det heim til Kjeller, den første flyplassen i Noreg. Her skal kyndige i veteranflymiljøet gjere arbeidet ferdig. Det var også her på Kjeller at Hærens flyvåpen hadde hovudbase fram til 2. verdskrigen.
Teknisk ansvarleg Tor Nørstegård (til venstre) og Eivind Svenningsen trekker duk på eit av rora til jagarflyet. Dette var vanleg byggemetode for fly fram til omtrent 1940.
Foto: Tom Balgaard / NRKTrekker ror og venger med duk
I eit rom i hangaren på Kjeller driv Tor Nørstegård og Eivind Svenningsen og trekker kvit duk over ribbeverket på eit av rora på flyet.
– Det brukast duk for at det skal vere så lett som mogleg, forklarer Nørstegård.
Han har arbeidd mange år i Havarikommisjonen og er teknisk ansvarleg gjenoppbygginga av Gloster Gladiator 423.
Duken blir både limt, sydd og forsterka før den til slutt blir lakkert.
– Dette var standard byggemetode for fly fram til omtrent 1940. Deretter blei det meir og meir aluminiumhud i staden for duk, seier Nørstegård.
– Gladiatoren er eit lett fly med ein motor på 830 hestekrefter. Det blir eit fantastisk fly å flyge, seier Finn Terje Skyrud, som sjølv har vore jagarflygar på F-16.
Foto: Tom Balgaard / NRK– Folket sitt fly
Restaurering av flyet kjem til å koste om lag 30 millionar kroner og er finansiert av staten, private stiftingar og gåver frå enkeltpersonar. I tillegg kjem tallause timar med dugnadsarbeid.
Dykkaren som berga flyet opp av Vangsmjøsa beundrar Gladiatoren i hangaren på Kjeller.
– Dette er det norske folket sitt fly. Og snart skal det flyge, seier Torvund.
Publisert 12.01.2026, kl. 21.05






















English (US)