Fleire vendar heim medan dei ventar på våpenkvile: Bur heller i ruinar enn i telt på Gaza

2 weeks ago 13



Saja Abu Sadah viser fram det som står att etter rommet hennar.

– Her hadde eg pulten min, bøkene mine, tinga mine og veska mi. Alt er brent opp.

Familien til Saja orka ikkje bu i flyktningleiren i Rafah lenger. Der var det drepande varmt, kaotisk og masse insekt.

– Me har kome heim fordi det var ekkelt å bu i telt og under dårlege forhold, seier Saja.

Ein heim i ruinar

Når dei lokale journalistane NRK samarbeider med treff Saja og familien hennar i Khan Younis, er ikkje heimen slik han var då dei forlèt han.

– Alle veggane har falle ned, gatene er skremmande, det er farleg å gå her, ein kan ramla ned, fortel Saja.

Heimen til familien Sadah i Khan Younis manglar vegger etter at israelske styrkar herja i området tidlegare.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

For tre veker sidan trekte dei israelske styrkane seg ut frå byen Khan Younis sør på Gazastripa. Før var byen heim til 200.000 palestinarar. Mange flykta sørover.

Ifølge forskarar som har kartlagt øydeleggingane, er berre halvparten av byen att etter angrepa frå Israel, skriv nyheitsbyrået AP.

Ein teltleir i Rafah sør på Gazastripa, 26. april.

Familien Sdah vil ikkje lenger bu i dei dårlege forholda i teltleiren i Rafah.

Foto: Mohammed Ahmed / AFP

Saja og familien hennar er likevel blant mange palestinarane som no er leie av å bu i teltleirar, og reiser heim att. Trass i krig og store øydeleggingar.

– Me er komne heim, sjølv om det ikkje er våpenkvile enno og sjølv om ingen har bede oss om å koma, seier Saja.

Våpenkvile i 40 dagar

Våpenkvila er nærare no enn tidlegare. Mens Saja og familien prøver å gjere heimen sin leveleg att, går det føre seg eit siste forsøk på å få på plass ein avtale mellom Israel og Hamas.

Ein delegasjon frå Hamas har reist til Egypt for å svara på avtaleforslaget til Israel.

Ifølge utanriksminister i Storbritannia David Cameron, har Israel kome med eit tilbod om våpenkvile i 40 dagar, mot at Hamas frigjer alle gislane dei tok 7. oktober i fjor. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.

Folkestraum inn mot Khan Younis etter tilbaketrekking 7. april 2024.

Folkestraum på veg mot Khan Younis etter at israelske styrkar trekte seg ut av byen 7. april.

Foto: Jebril Abu Kmeil

Godtek ikkje Hamas dette, truar Israel med å gjennomføre bakkeinvasjonen av Rafah.

Ei høgtståande Hamas-kjelde skal søndag ha sagt at gruppa er positiv til avtaleforslaget frå Israel.

Palestinarar NRK har snakka med i Khan Younis ser optimistisk på våpenkvila og håpar ein sju månadar lang krig går mot slutten.

Får vatnet tilbake

I gata utanfor heimen til familien Sadah jobbar arbeidarar på spreng med ein vassleidning.

Ingeniør Mohammed Abu Jame i det palestinske vassverket, ser til at innbyggjarane i Khan Younis snart har vatn i springen att.

– Me reparerer og koplar vassrøyrnettet fram til dit folk bur. Slik at dei kan venda tilbake til å halda ut, seier han.

Tre veker etter at Israel var ferdige med å jakta på Hamas i byen, er store delar av infrastrukturen øydelagd. Det vil ta lang tid å bygga opp att alt.

Abu Abedallah Abu Sadah har reist tilbake til heimen sin i Khan Younis sør på Gazastripa. Han vinkar til personane i gata utanfor.

Abu Abedallah Abu Sadah vinkar til forbipasserande frå det øydelagde huset sitt.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

I ei stove utan vegger står far til Saja, Abu Abedallah Abu Sadah og vinkar ned til folka i gata.

– Korleis går det med deg, håpar du har det bra! ropar han og inviterer naboen på te.

Publisert 29.04.2024, kl. 22.41

Read Entire Article