Forskar åtvarar om klimafelle: – Risikerer å bli fanga i faresona i årevis

1 day ago 1



I Sunndal er det unntakstilstand for eit heilt nabolag.

Inne på stua til ekteparet Reidar og Linda Strand ligg luftmadrassane på golvet. Dei tør ikkje bruke soverommet og kjøkkenet etter raset som ramma bustadområdet i Tredalsbotn 10. oktober i år.

Et rom med mørke møbler og teppe, hvor flere personer samles. En voksen mann står med en hammer, mens en kvinne sitter i en stol og holder en kopp. To barn sitter ved bordet, og det er mat og drikke på bordet. Rommet har vinduer med gardiner og bilder på veggene.

Dei kjenner seg tryggare i stua enn dei andre romma. Men ikkje trygge nok. Ekteparet har derfor lånt eit hus av kjente i Trøndelag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Stua er rommet lengst frå fjellveggen, så det er her vi oppheld oss no, seier Roar Strand og fyller kaffi i tre koppar.

Dette blir siste kaffiprat med nabo Kjell Sommervold på ei lang stund.

Kjem seg ikkje vekk

– Eg meiner dei er fanga i faresona, seier forskar Lene Sandberg frå Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Tromsø.

Ho har forska på kva som skjer når bustadområde og eigedommar plutseleg ikkje blir opplevde som trygge å bu i lengre.

Lene Sandberg

Forskar Lene Sandberg meiner dagens regelverk ikkje er tilpassa klimaendringane og auken i naturskadar på bustader.

Foto: Per Inge Anthi Åsen / NRK

– Det er kostbart å sikre eigedommar mot ras, flaum og kvikkleire. Så det som skjer er at kommunen søker om støtte frå NVE.

Dei fleste får avslag

Men hos NVE får over halvparten av søknadene avslag.

– Kvart år får vi fleire søknader enn det finst statlege midlar til å dekke. Når vi prioriterer, vurderer vi risikoen og kva konsekvensar ei hending kan få for liv, helse og eksisterande busetnad, seier seksjonssjef Siss-May Edvardsen i NVE.

Men kommunane kan søke på nytt neste år.

Resultatet blir uavklarte situasjonar som kan strekke seg over lang tid.

Dei som bur der kjem ingen veg. Dei kan ikkje flytte, for huset har ingen verdi og kan ikkje seljast.

Skader i tak etter at steinsprang gikk i Tredalsbotn.

Nabolaget i Tredalsbotn var heldige da steinspranget gjekk haust. Berre eitt av husa blei trefte, men frykta for neste steinsprang gjer at dei vil vekk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

«Ikkje ansvaret til kommunen»

Samtidig gjer klimaendringar at stadig nye område blir utsette for fare frå naturen. I Sunndal har dei opplevd dette fleire gonger dei siste åra.

– Dette er område som har vore bygd ut lenge. Før var reglane for å tillate bygging annleis enn i dag. Når ting endrar seg, så har eigentleg ikkje kommunen noko ansvar, seier ordførar i Sunndal, Ståle Refstie.

Ståle Refsti

Ståle Refstie er ordførar i Sunndal som har fått fleire nye, utsette område etter at vêret blei villare.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Han etterlyser klarare føringar frå staten for korleis dei skal gå fram i slike saker.

I dag legg lova opp til eit samarbeid mellom kommune og den som eig eigedommen. Men sikringsarbeid er ofte så kostbart at ingen av partane tar initiativ til å starte.

Dei ventar heller på staten og NVE.

Uoversiktleg

I etterkant av kvikkleireraset i Gjerdrum i 2020, blei det laga ein omfattande granskingsrapport.

Der blei det blant anna konkludert med at ansvaret for sikring av eigedommar var uoversiktleg og vanskeleg å forhalde seg til.

4. januar. Kvikkleireskred. Gjerdrumras Kvikkleire rasområde. Leirskredras ras skred jordskred i Gjerdrum.
Ras og skip på land på Byneset i Trondheim

Gjerdrum 2020 og Byneset i Trondheim i år.

På Byneset i Trondheim måtte ein familie vente i fem månader før det endeleg blei klart at kommunen og staten saman tar rekninga for å sikre eigedommen.

Da hadde dei vore evakuerte sidan eit lasteskip gjekk på grunn og utløyste skredet like ved huset deira i mai i år.

Eksempla er mange.

Ingen vil svare

NRK har prøvd å få svar frå Klima- og miljødepartementet, Energidepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Justisdepartementet.

Ingen av dei meiner at dette er deira ansvar å kommentere.

– Har ikkje nokon stad å dra

I Tredalsbotn blir siste kopp med kaffi tømt. På stua står nokre store bagar.

Reidar Strand bøyer seg over en bag mens han står inne i et rom med møbler. Bakgrunn inkluderer en stor bordflate, kasser og noen personer som sitter. Rommet har planter og er pyntet med vinduer og gardiner. Belysningen er naturlig fra vinduene og kunstig fra taklampen.
Kjell Sommervold sitter på en sofa i et rom med nøytral innredning. Han har på seg en t-skjorte med tekst i flere farger. I bakgrunnen er det deler av lampene og bilder på veggen. Lyset i rommet er mykt og naturlig, med vinduer synlige i bakgrunnen.

Reidar Strand har pakket ned litt klær før de flytter de ut til et lånt hus for å slippe å være redd nye steinsprang. Nabo Kjell Sommervold (nederst) har ingen steder å flytte og må bli boende.

Ekteparet Strand har fått låne eit hus av ein kjent og flyttar vekk frå nabolaget. Nabo Kjell Sommervold blir buande.

– Eg har ikkje nokon stad å dra. Eg kan ikkje bu på hotell gjennom heile vinteren heller.

Publisert 01.12.2025, kl. 16.03 Oppdatert 01.12.2025, kl. 16.47

Read Entire Article