– Trøyene blir meir og meir designa for å kunne brukast utanom fotballbana.
– Det blir meir for fansen enn for spelarane.
Det seier modell og style-editor i Costume, Alphons Amuri.
Amuri med ein Manchester United-trøye, med Prada-slips under.
Foto: Hanna Hiim Sindre / NRKOg det er ikkje berre fansen som vil ha trøyene.
For dei siste åra har fotballdraktene blitt ein del av motebiletet.
På årets moteveke i Paris dukka trøyene opp på catwalken.
Balenciaga har laga sine eigne fotballtrøyer.
Artistar som Travis Scott har samarbeidd med fotballklubben FC Barcelona.
– Det eksploderte
Reportasjeleiar i D2 og spaltist for «Stilkoden», Anders Kemp, seier det var etter 2010 at fotballtrøyer verkeleg blei mote.
– Gatemotemerke som Palace byrja å lage sine eigne fotballdrakter.
– Plutseleg hadde du verdas mest kjende skatarar i fotballdrakter. Etter det eksploderte det.
Anders Kemp er sjølv Tottenham-supporter.
Foto: Hanna Hiim Sindre / NRK– For Nike, Adidas og ambisiøse klubbar er nye drakter pengar i kassa, og eit verktøy for historieforteljing på sosiale medium.
– Vi lever i ei nostalgisk tid, der appetitten på arv er stor, men vi blir litt manipulerte òg.
Han meiner også drakter frå 90-talet passar inn i vintagestilen ungdommen er oppteken av.
– Dei var meir fargerike og leikne på 90-talet.
Kemp samlar også litt, til hans kone si store fortviling.
Foto: Hanna Hiim Sindre / NRKHan trudde likevel at trøyetrenden ville gå over, men det gjorde ho ikkje.
– I 2016 trudde eg at det var på topp, og at det kom til å gå over. Men det har berre fortsett og fortsett.
Vintage er best
Krister Haraldsen driv ei Facebook-gruppe for sal av vintage fotballdrakter.
Dei har merka ei tydeleg auke i interessa dei siste åra.
– Vi får mellom 100 og 500 nye medlemar i månaden. No er vi over 34 000 i gruppa.
Krister Haraldsen har samla sida han var åtte.
Foto: Arild Eskeland / NRKHaraldsen seier at vintage-draktene er dei mest populære.
– Alt retro kjem tilbake på eit tidspunkt. Jo meir gammalt design det er på ei drakt, desto meir populær er ho.
Han begynte sjølv å samle då han var åtte år.
– Då fekk eg mi første drakt av far.
Etter det tok det heilt av for Haraldsen.
I huset hans er det nemleg fullt av drakter. Dei heng overalt.
– Samlinga er verdt godt over ein million.
– Så ikkje sei til nokon kvar eg bur, seier Haraldsen og humrar.
Trøyar er fast fashion
Stylisten Amuri synest ikkje det berre er positivt at trøyene har blitt trendy.
– Fotballtrøyer har blitt litt fast fashion, vil eg våge å innrømme.
– Det handlar meir og meir om pengar. Dei forstår korleis mote påverkar verda.
Amuri bruker ikkje trøyene så mykje ute.
Foto: Hanna Hiim Sindre / NRKHan merkar at det kan vere slitsamt å bruke trøyene ute.
– Eg orkar ikkje å krangle på bussen med nokon fordi eg har på meg ei Manchester United-skjorte, om eg eigentleg er fan eller ikkje.
Men Amuri er sjølv fan, og han spelte fotball lenge.
Han har tru på at dei yngre kan style trøyene sine.
– Men dei eldre har eg ikkje tru på, dei stylar det ikkje bra.
Amuri med Kongo si fotballdrakt.
Foto: Hanna Hiim Sindre / NRKHan trur òg at draktene kan skape tilhøyrsle for mange.
– Dersom eg ser ein nordmann bruke ei Kongo-drakt, ville eg blitt stolt av landet mitt.
– Det vil jo seie at landet mitt på ein eller annan måte påverkar verda.
Publisert 07.11.2025, kl. 21.13 Oppdatert 07.11.2025, kl. 21.18





















English (US)