Thea er ei av få kvinner som blir «elite-guide» i fjellet

3 hours ago 2



Tindevegledarar er dei flinkaste av dei flinke fjellførarane.

Dei tar med turistar i bratt og krevjande terreng, på ski og fjellklatring.

For å komme inn på utdanninga må søkarane meistre ski i alle typar terreng på eit høgt nivå. I tillegg må dei vere dyktige klatrarar.

Men jentene er det langt imellom – dette trass i overvekt av jenter på landslinja i bratt friluftsliv på vidaregåande.

Av 105 aktive tindevegledarar i Noreg er berre seks kvinner.

Ei av dei som snart kan kalle seg tindevegleder er Thea Kopala Røhme frå Hafslo i Sogn, som også er aktuell i NRK-serien «Eksponert».

Der følger vi henne når ho mellom anna trener til klatredelen av opptaket til utdanninga, som ho søker på for andre gang.

– Eg har lang fartstid i fjellet, og frå tidleg av skjønte eg at det var ein arbeidsveg, seier Rhøme.

Som 17-åring begynte Røhme å jobbe som guide på Nigardsbreen i Sogn, og har sidan jobba som både ski- og klatreguide.

Røhme trur årsaka til at det er så få kvinner er samansett. Ho viser mellom anna til at det tradisjonelt vore eit ganske mannsdominert miljø til fjells og at det framleis er få kvinner i sentrale roller i miljøet.

– Eg trur det er viktig å sjå at det går an for oss også, og at ein møter kvinnelege forbilde.

en kvinne som sitter på et snødekt fjell

Røhme har lenge sett på fjellet som ein karriereveg.

Foto: Krister Kopala

– Mange kunne ønsker seg kvinneleg fjellførar

Rektor ved Norsk Fjellfagskule som utdannar Tindevegledarar, Kyrre Østbø, seier at dei har hatt ein jamn kvinnedel på mellom 10–15 prosent dei siste 20 åra.

– Eg er jo ein godt vaksen mann, og eg veit ikkje helt korleis unge damer tenker. Men sidan det er såpass få tindevegledarar frå før som er damer, er det nok færre rollemodellar for damer i denne bransjen.

Rektoren understrekar at det låge søkartal ikkje heng saman med at det ikkje finst dyktige kvinner i fjellet.

Men treng vi fleire kvinnelege Tindevegledarar?

– Ja, heilt openbert. Sikkert halvparten av gjestene som bruker tindevegledarar i fjellet er damer. Eg kan godt tenke meg at veldig mange av dei kunne ønske seg ein kvinneleg fjellførar.

Østbø er også lærer på landslinja for bratt frilfustliv på vidaregåande skule, og visier til at dei der har om lag 75 prosent jenter.

Sjølv om Fjellfagskulen ikkje har merka ei auke i kvinnelege studentar, trur han at dei kanskje vi komme på sikt.

– Det kan godt hende at ei ny generasjon kvinner som enter dette virket er på veg.

– Maskulin kred

Thomas Wold, førsteamanuensis i friluftslivsfag ved Noregs idrettshøgskule.

Wold viser til at tindebestingningar ofte har vore forbunden med maskulinitet og at det stort sett har vore menn som historisk har drive med det.

– Å bestige høge toppar og tindar, det kan gi maskulin kred.

Han meiner likevel at det hadde vore bra med ein jamn kjønnsbalanse, og ser ingen grunn til at det skal vere så få kvinner.

– Turistane er gjerne både kvinner og menn. I tillegg har kvinner og menn ulike erfaringar og perspektiv.

en person som går opp et snødekt fjell

Tindevegledarane beherskar bratt terreng.

Foto: Krister Kopala

Rekordmange damer – usikker på trend

På Røhme sitt kullet er heile tre av ti deltakarar kvinner, og under utdanninga er det totalt fire kvinner.

– Vi er eit veldig fint kull, og eg trur det gjer noko med dynamikken at vi er litt av begge kjønn.

Ho er likevel usikker på om det er ein trend om at fleire kvinner søker på utdanninga, og viser til at det er ingen damer på kullet under henne.

Røhme håper likevel at fleire kvinner søker seg til tindeveglederutdanninga.

– Eg trur at mange berre treng å sjå at dette er ein moglegheit for oss òg, på lik linje med menn.

en person som bruker hjelm og klatrer på en stein

Røhme håper likevel at fleire kvinner søker seg til tindeveglederutdanninga.

Foto: Krister Kopala

Publisert 07.11.2025, kl. 21.23

Read Entire Article