Fryktar for elevane: – Har auka drastisk

2 weeks ago 14



– Elevgruppa som fell utanfor har auka dramatisk, og vi kan ikkje gjere anna enn å registrere det. Vi har ikkje ressursar til å hanke dei inn igjen.

Kristin Brattetaule Manger har jobba som lærar i 18 år. På den tida har situasjonen i skulen blitt mykje verre. 

Fleire unge slit med skulevegring og psykisk vanhelse. Samstundes har det vore ein dramatisk auke i ungdomskriminalitet dei siste åra. 

– Eg er svært uroa for elevane som fell utanfor, seier Manger. 

Stramme budsjett 

Læraren fortel at dei siste åra har budsjetta blitt strammare og strammare for kvart år som har gått.  

 Elias Engevik / TV 2
TILLIT: Brattetaule Manger etterlyser meir tillit og fleksibilitet til å løyse utfordringane i skulen. Ho meiner mykje kan løysast med meir ressursar. Foto: Elias Engevik / TV 2

Samstundes aukar både arbeidsoppgåvene og forventningane til lærarane. Meir kartlegging, rapportering og kontorarbeid er blant oppgåvene som gjer at dei har mindre tid til å følgje opp elevane.

– Kvar dag ser vi elevar som har bruk for meir tid med ein vaksen, men vi har ikkje nok vaksne som har tid til dei, seier Manger.

Ho seier heile skulen sitt budsjett er lagt opp før skuleåret startar. Dermed har dei ikkje noko handlingsrom til å sette inn tiltak når dei ser at nokon treng tettare oppfølging. 

Ho fryktar fleire vil falle utanfor om ikkje det snart blir betring. 

– Vi veit at unge vaksne som har hamna i rus, psykiatri eller kriminalomsorga, ofte har ei lang og vond historie bak seg med å ikkje meistre skulen og at mange ikkje har fått den hjelpa og støtta dei trengde, seier Manger. 

 Elias Engevik / TV 2
FEKK NOK: Krisin Brattetaule Manger etterlyser betre arbeidskår for lærarane og meir ressursar som gagnar elevane. Foto: Elias Engevik / TV 2

Situasjonen fekk henne til slutt til å skrive eit debattinnlegg i Bergens Tidende, i håp om å rette fokus på problemet. 

– Eg har fått meldingar frå lærarar og foreldre over heile landet som sa situasjonen er lik overalt. Eg tenker den frustrasjonen eg kjenner på er delt av veldig mange. 

Bryt lova 

Det er mange som delar uroa. 

Ifølgje Utdanningsforbundet har skular og barnehagar over heile Noreg varsla at strikken er i ferd med å ryke. 

Mellom anna i Fredrikstad, Bærum, Trondheim, Stjørdal, Bergen og Askøy har rektorar og styrarar samla seg i ulike opprop for å varsle om at situasjonen ikkje er haldbar. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
DEMONSTRASJON: Førre veke tok elevane ved Rothaugen skule i Bergen til gatene for å demonstrere mot skulebudsjetta. Skulebyråden i Bergen lova då dei ville sjå på budsjettet. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

I fleire kommunar har rektorar sagt opp på grunn av rammene. 

– Rektorar og styrarar melder at dei ofte må bryte regelverket, som til dømes arbeidsmiljølova. Nokon melder at dei faktisk gjer det kvar dag, seier Inger G. Haraldsen, leiar for sentralt leiarråd i Utdanningsforbundet.

Foreldre mobiliserer

I midten av april møtte over 3000 foreldre i Bergen opp til eit krisemøte, som eit motsvar på ei urovekkande utvikling med auka ungdomskriminalitet. 

Formålet var å danne eit nettverk der foreldre kan samlast i møte med dei aukande utfordringane. 

 Jenny Eidesvik / TV 2
FORELDREMØTE: 3000 foreldre møtte opp for å diskutere utfordringane ein står overfor i Bergen Sør når det gjeld ungdomskriminalitet. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Brattetaule Manger hyllar initiativet. Ho meiner det er ein klar samanheng mellom skuleøkonomien og utfordringane ein ser med ungdomskriminalitet, psykisk vanhelse og skulevegring. 

– Det er ikkje veldig rart at ein får alvorlege psykiske vanskar eller finn på ting som er meir spennande og interessant å halde på med, når ein opplever dag ut og dag inn at ein ikkje meistrar skulen.  

– Klart ei uro 

Forskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), Ann Cecilie Bergene, seier det er vanskeleg å slå fast om det er ein årsakssamanheng mellom skuleøkonomi og utfordringane læraren refererer til.  

– Men vi ser heilt klart ei uro for at det kan vere tilfelle. Det betyr jo at ein anerkjenner at lærarane har ei rolle med å førebygge og motverke slike uheldige scenario, seier Bergene. 

 Ronnie Smith / NIFU
STORT PRESS: Forskar ved NIFU, Ann Cecilie Bergene, meiner den største utfordringa er skulen er presset og forventningane som er til kva lærarane skal løyse. Foto: Ronnie Smith / NIFU

Ho seier vidare at den økonomiske tildelinga til skulane har vore stabil i kroner og ører dei siste åra. Samstundes har forventningane til lærarane har blitt større. 

– Sjølv om pengane er stabile, så skal lærarane og skulane utrette meir og meir. Eg skjønnar at dette blir følt som ein underfinansiering for den enkelte lærar og den enkelte skule. 

Prioriterer kommuneøkonomien

TV 2 har vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet om denne saka, som viste vidare til Kommunal- og distriktsdepartementet. 

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) skriv i ein e-post til TV 2 at kommunane no kjenner på dei same trendane som vi alle har merka på lommeboka dei siste åra. 

– Difor er det viktigaste Senterpartiet og Arbeidarpartiet har gjort i regjering å føre ein ansvarleg økonomisk politikk for å få prisveksten ned og unngå mange nye renteaukar. 

 Frode Sunde / TV 2
PRESSA: I 2023 gjekk 46 prosent av kommunane i minus og tre av fem kommunar brukte av sparepengane. Kommunalminister Erling Sande (Sp) seier regjeringa har prioritert kommuneøkonomien. Foto: Frode Sunde / TV 2

Han skriv vidare at regjeringa har prioritert kommuneøkonomien, mellom anna ved å styrke dei frie inntektene til kommunesektoren med 2.5 millionar kroner ekstra i 2022. 

– Regjeringa er klar over at situasjonen i Kommune-Noreg no er meir utfordrande. Det skal vi ta med oss inn i diskusjonane om neste års budsjett for kommunane.

I mai vil dei også legge fram eit forslag om eit meir utjamnande og rettferdig inntektssystem, for å jamne ut dei økonomiske skilnadane mellom kommunane. 

 Elias Engevik / TV 2
ANSVAR: Læraren føler skulen blir sittande med mykje av ansvaret for å førebygge mot at ungar hamnar utanfor. Også støtteapparata rundt, har avgrensa ressursar. Foto: Elias Engevik / TV 2

Håpar på endring 

Brattetaule Manger er ikkje trygga. Ho seier det er få teikn til betring. 

Ho håpar politikarane vil vakne og gi både skulen og apparatet rundt høve til å gi barn og unge dei rammene dei treng. 

– Det kostar jo enormt mykje pengar å reparere og hjelpe desse unge vaksne tilbake i eit normalt liv når dei har falle utanfor. Det vil koste mindre pengar å heller bruke ressursane på barn, meiner ho. 

Read Entire Article