Går mot årets hittil varmaste dag: – Trist å vere på lesesalen

2 weeks ago 16



Det går mot årets hittil varmaste dag i store delar av landet.

I går vart Bergen temperaturvinnaren med sine 23,6 gradar. Også i dag ligg vestlendingane an til å gå av med varmesigeren hittil i år.

Gradestokken kan nemleg vise temperaturar heilt opp mot 25 gradar i ytre strøk av Vestland.

– Det er trist når du må inn på lesesalen og sitte der mange timar når det er så fint vêr, seier Jakob Undheim Brudelid.

Gjengen med lærarstudentar har tatt seg ein is-pause utanfor SV-fakultetet i Bergen, og kvir seg for å gå inn att.

STILL_05

Is og eksamensnotat i hende på det som kan bli årets hittil varmaste dag.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

– Alle er i godt humør, folk smiler og det er ingen paraplyar eller regnjakker. Det er veldig fint, seier sosiologistudent Venuga Ranjan.

Ho er ein av mange som tek seg hyppige pausar frå eksamensjobbinga i dag, sjølv om eksamen er i morgon.

– Det skal visst regne neste veke, så då kan eg ikkje ta sola for gitt no.

Student smiler mot kamera og sitter i solen

I morgon leverer Ranjan eksamen, men i dag blir det mange pausar og turar ut i finvêret, sjølv om ho eigentleg burde ha sete inne og jobba, ifølge henne sjølv.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Men det er ikkje berre på Vestlandet at sommaren har gitt seg til kjenne. Også i resten av Sør-Noreg og i Møre og Romsdal og Trøndelag er det venta temperaturar på over 20 gradar i dag.

Lungegårdsvannet i Bergen 2 mai 2024

Det ligg an til å bli årets hittil varmaste dag i Bergen i dag.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Høgtrykk gir lite skyer

Tysdag førre veke var det varmare på Island enn i Noreg - men no har altså godvêret treft over store delar av landet.

Grunnen til dei høge temperaturane er at veldig varm luft kjem opp frå Sør-Europa og dekker store delar av Sør-Noreg.

– I tillegg er det eit høgtrykk som ligg over oss som gir lite skyer mange stader. Og når sola byrjar å varme, så vil det dra temperaturane eit godt stykke opp, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Meterolog Eldbjørg Moxnes

Sjølv skal statsmeteorolog Moxnes prøve å vere mest mogleg ute i godvêret.

  • Temperaturvinnarane i dag er heilt klart Vestland, som kan få opp mot 25 gradar i ytre strøk.
  • På Austlandet og i heile Sør-Noreg vil temperaturane ligge på det same som onsdag, rundt 20 gradar. Nokre plassar kan dei stige endå meir.
  • I Møre og Romsdal og Trøndelag er det venta rundt 20 gradar i dag. Her er det venta litt meir skya vêr enn på Vestlandet, men det vil likevel bli varm og god luft.
  • I ytre strøk av Nordland kan ein vente seg temperaturar på opp mot 17-18 gradar. I går var det målt 19,3 gradar i Brønnøysund.

Men lengst nord må ein smørje seg med tolmod.

Eit luftmasseskilje går mellom Nordland og Troms, og gjer at folk i Troms og i Finnmark ikkje kan vente seg meir enn fem til ti gradar.

– Her ligg det meir kald luft frå nord som dominerer. Spesielt i Aust-Finnmark finn ein dei lågaste temperaturane. Det er stor kontrast mellom nord og sør i desse dagar, seier Moxnes.

Har sett ut båten i snøvêr tidlegare

I Valldal i Møre og Romsdal står Elisabeth Muri og vaskar vindauga i solskinet. Ho driv Muri camping i Valldal og merker at gjestane blir ekstra glade av sola.

– Når det er sol vil folk vere ute og flikke litt på campingvognene, plante litt blomster og putle på.

SOL VALLDALEN

– Det er jo litt fy-fy å vaske vindauge i sola, seier Elisabeth Muri, men gjer det likevel.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ekteparet Randi Alnes Dyb og Harald Dyb har fast plass på campingplassen og har opplevd mykje ulikt vêr.

– Når tåka ligg nedover fjella og det regnar, då køyrer vi herifrå. Men i dag er planen å ordne litt med plattingen før det blir ein tur i det nydelege vêret.

SOL VALLDALEN

Dei faste campinggjestane Randi Alnes Dyb og Harald Dyb seier godvêret gir mange moglegheiter. – Ein kan berre nyte det, seier Randi.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ved Blommenholm båtforeining i Bærum har Erik Aarnæs og Berit Storm sett ut seglbåten sin for sommaren.

– Vi har tidlegare opplevd snøvêr medan vi set ut båten, men i dag var det jo heilt strålande, seier Aarnæs.

– Er de trygge på at sommaren no har kome for å bli?

– Det ser lovande ut for dei neste ti dagane, men på denne tida er det jo veldig skiftande vêr her i landet.

Det er ikkje uvanleg at temperaturane kan svinge frå rundt ni gradar, slik som i førre veke, til opp mot 25 gradar denne veka.

– Dette er typisk april-mai. Av og på med klede og ut og inn med boblejakke og tynn sommarjakke, seier statsmeteorolog Moxnes.

Skogbrannfare og solkrem

Det er sendt ut farevarsel for skogbrann for delar av Austlandet, delar av Sørvestlandet, i snøfrie område av Nordland og i delar av Sør-Troms.

– Ein bør vere forsiktig med eingongsgrillar dei neste dagane, seier Moxnes.

Bålforbodet gjeld no, som betyr at det ikkje er lov å tenne bål, bruke bålpanner, eingongsgrillar eller anna open eld i utmark.

Andre ting kan vere viktige å hugse på, for dei som skal nyte sommarsola i dag og inn mot helga:

– Det er greitt å ta på solkrem om ein skal vere lenge ute i sola, slik at ein ikkje blir solbrent ved første høve, seier statsmeteorolog.

Ho minner på at det er lenge sidan vinterhuda har vore eksponert for sterk sol, så ein bør vere litt forsiktig.

Fint også i helga

Sommarvêret skal halde seg inn i helga. Spesielt i Sør-Noreg kan ein vente seg fine dagar meg høge temperaturar og mykje sol, i alle fall fram til og med laurdag.

Frå søndag søkk temperaturane litt, og det kan kome nedbør etter kvart.

Også her blir nord temperaturtaparane, for då vil den kalde lufta som har lege over Troms og Finnmark trekke seg litt sørover og treffe Nordland i løpet av helga.

I Finnmarksområdet vil det kunne kome nedbør i form av snø.

– Men elles er det venta ein god del sol i Nord-Noreg. Så litt skiftande vêr blir det.

Publisert 02.05.2024, kl. 13.57 Oppdatert 02.05.2024, kl. 14.07

Read Entire Article