Har du pollenallergi? Styr unna desse matvarene

2 weeks ago 14



Det er høgsesong for pollenallergi. Nokre matvarer bør ein takka nei til for å unngå kryssallergi.

 Cornelius Poppe / NTB
POLLENALLERGI: Nysing og rennande nase er vanlege symptom på pollenallergi Foto: Cornelius Poppe / NTB

Publisert 22.04.2024 16:12

Våren er her, og like sikkert som grilling og tynne jakker som ikkje er heilt i tråd med temeperaturen, er pollensesongen i gang.

Noregs Astma- og Allergiforbund åtvarar no mot kryssallergi, som kan gjera ein allereie ubehageleg oppleving endå verre. 

Om lag ein million nordmenn har pollenallergi, og nys litt ekstra på denne tida av året. 

Pass deg for kryssallergi

Viss du har pollenallergi, kan du oppleva ubehag når du et enkelte typar frukt og nøtter. 

Dette er kalla pollenrelatert matallergi, og er ein type kryssallergi.

 Gorm Kallestad / NTB
FRUKT: Epler er ein frukt som kan gjera pollenallergien verre. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Grunnen til at kroppen reagerer er fordi proteina i ei matvare du et, liknar på proteina du er allergisk mot. Derfor feiltolkar kroppen signal, og ein kan oppleva kløe og heving i munnen, nasen og på leppene etter å ha ete det. 

For nokon kan symptom på kryssallergi koma først etter fleire år med pollenallergi, og for andre er symptoma berre til stades i pollensesongen. 

– Auke i allergiske sjukdommar

Torgeir Storaas er leiar for Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet i Helse Vest.

– Det har vore ei auke i allergiske sjukdommar dei siste 20–30 åra, både i Noreg og i resten av verda, seier Storaas.

Han meiner då det er naturleg å anta at òg kryssallergiar har blitt hyppigare.

–Bør allergikarar unngå å eta alt som kan provosera fram ein verre allergisk reaksjon?

–Nei. Kryssallergi er ein mild matallergi med lokal reaksjon i lepper og munnen. Det er svært sjeldan at kryssreaksjonar til mat gjer alvorlege reaksjonar. 

Storaas seier ein kan bruka vanleg allergimedisin mot desse plagene, og at fleire pasientar seier dei berre «må ha eit eple, og så tar dei berre ein allergitablett etterpå». 

Eit godt råd kan vera å heller unngå dei matvarene du veit du reagerer på. Mange reagerer berre i pollensesongen. 

I tillegg toler dei fleste frukt og grønt viss det er varmebehandla. Med andre ord kan du framleis nyta eit kokt eple eller steikt kiwi. 

Desse matvarene kan gjera pollenallergi verre:

  • Eple
  • Pære
  • Kirsebær
  • Nektarin
  • Fersken
  • Plomme
  • Hasselnøtt
  • Mandel
  • Valnøtt
  • Paranøtt
  • Gulrot
  • Selleri
  • Soya
  • Peanøtt
  • Potet
  • Kiwi
  • Sharonfrukt
  • Jackfruit

Allergi mot burot

  • Krydder
  • Mango
  • Solsikkefrø
  • Druer
  • Fersken
  • Honning
  • Sen­nep
  • Løk
  • Hvitløk
  • Selleri
Read Entire Article