Jente under 14 år skal ha blitt valdtatt i bysentrum midt på lyse dagen – fem gutar involvert i saka

2 weeks ago 18



Jenta var under 14 år då gutegjengen skal ha forgripe seg på henne i fjor sommar. Det skal ha skjedd ved ein av inngangane til Molde Domkirke.

Påtalemakta meiner at dei fem gutane i ulik grad deltok i den grove valdtekta av henne og sikta alle kort tid etter hendinga.

Nyleg blei dei to eldste tiltalte.

– Saka har vore ekstremt belastande for henne. Ikkje berre det som skjedde, men i like stor grad deling i sosiale medium i ettertid, seier bistandsadvokaten til den unge jenta, Curt Andre Lier.

Så langt er det ikkje kjent korleis gutane kom i kontakt med henne. Det er heller ikkje klart korleis gutegjengen skal ha klart å forgripe seg mot jenta midt på lyse dagen i sentrum av Molde utan å bli stoppa.

Molde Domkirke

Valdtekta skal ha skjedd utanfor Molde Domkirke like etter klokka 16 i juli i fjor.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tre av dei for unge for straff

I tiltalen frå statsadvokaten i Møre og Romsdal står det at valdtekta er grov fordi den skal ha blitt gjort av fleire i fellesskap og på ein krenkande måte.

To gutar er også tiltalt for å ha filma og oppbevart videoar av overgrepet.

Påtalemakta ser svært alvorleg på hendinga, det er ein alvorleg tiltale. Det at fleire er til stades og at deler av overgrepet er filma og tatt bilde av, er ikkje vanleg, seier statsadvokat Jogeir Nogva.

Jogeir Nogva

Foto: Synnøve Hole / NRK

Tre av dei fem gutane var under 15 år og dermed så unge at dei ikkje blir straffeforfølgt. Dei to siste var 17 og 18 år gamle, og desse blei tidlegare i vår tiltalt.

Molde politistasjon

Politiet i Møre og Romsdal har etterforska saka, og sikta fem unge gutar etter kort tid.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skal ha gitt henne narkotika før overgrepet

Dei fem gutane skal ha hatt ulike roller.

Den eldste i flokken, ein 18-åring, skal ha gitt den unge jenta hasj og alkohol, ifølgje tiltalen. Det skal ha gjort at ho var svært rusa.

Han skal også ha vore den første til å ta på henne og filma fleire overgrep: «han oppholdt seg deretter i umiddelbar nærhet og sluttet seg løpende til det som skjedde ved å kommentere og ta bilde/video av overgrepene».

18-åringen er tiltalt for medverknad til valdtekt og også for å ha filma under overgrepa.
– Han vedgår ikkje straffskuld for punkt 1. Han meiner han ikkje kan ta ansvar for det som skjedde. Samtidig vedgår han straffskuld for punkt 2, filminga, seier mannen sin forsvarar, Axel Villard Lange.

Axel Lange

Axel Villard Lange er forsvarar for 18-åringen. Ifølgje forsvararen meiner han at han ikkje kan ta ansvar for det som skjedde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein 17 år gamal gut er tiltalt for grov valdtekt og for oppbevaring av fleire filmar frå overgrepet. Advokaten hans, Erik Rolfsen, seier at 17-åringen vil vedgå straffskuld for deler av tiltalen under rettssaka.

Kripos slo alarm om deling

Hausten 2023 oppdaga både Kripos og det lokale politiet at filmar frå overgrepet blei delt i stor stil. Frå fleire stader i Noreg kom det inn tips om filmar frå det som skal ha skjedd på kyrkjetrappa midt på lyse dagen.

Det førte til at politiet gjekk ut og bad folk å la det vere, og omtalte kvar deling som eit nytt overgrep.

I ettertid blei ein tenåring dømt for dette.

Molde Domkirke

Valdtekta skal ha skjedd like etter klokka 16 i juli i fjor.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Jenta møter ikkje i retten sjølv

Den unge jenta blir no varetatt av barnevernet og har flytta til ein annan kant av landet. Ho møter ikkje sjølv i retten.

Det første politiavhøyret som blei gjort allereie dagen etter, skal spelast av i retten måndag. Seinare skal alle dei fem gutane forklare seg.

Ein mann som tilfeldigvis fekk med seg at det gjekk føre seg noko ved kyrkja skal forklare seg om kva han såg. Fleire vener og familiemedlemmer skal også vitne i saka.

Det er sett av sju dagar til saka.

Publisert 29.04.2024, kl. 05.53

Read Entire Article