«Lysdusjen» kallar dei for Noregs mest opplyste undervisingsrom

1 day ago 1



Klokka har akkurat tikka 09.00 når psykologstudent Sigrid Eek tuslar inn dørene på Universitetet i Bergen (UiB).

– Denne veka var det ganske tøft å stå opp, no når det har vore så mørkt ute, seier Eek.

en lyktestolpe med et tre i bakgrunnen

Mørketida kan vere tung og prege både søvn og humør for mange.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Overgangen er brå når ho opnar dørene inn til det nye undervisingsrommet.

Der får ho ei skarp blåaktig flaumbelysning i fleisen.

– Ein blir litt sånn «wow». Det er veldig skarpt lys, men samstundes litt deileg.

en person som bruker en bærbar datamaskin

På UiB testa studentane «lysdusjen» for første gong førre veke.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Ho har hatt ein litt «rotete» morgon, men no skal ho og medstudenten teste om ein «lysdusj» kan klarne opp dagen.

Den såkalla lysdusjen er det nye undervisingsrommet med spesiallaga lys i taket.

Eit heilt nytt velferdstiltak og forskingsprosjekt som opna på UiB førre veke.

Og fordelane med det skarpe lyset skal vere mange.

Noregs best opplyste undervisingsrom

Undervisingsrommet skal halde ope for studentar og tilsette ved UiB kvar dag mellom klokka 08 og 10 fram til nyttår.

Dei kallar det Noregs, og kanskje verdas, best opplyste undervisingsrom.

en dør med et skilt på

I taket er det spesiallaga ledlys med blåskjer som skal simulere dagslys.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

I taket er det eit såkalla Human Centric Lighting-system, som skal bidra til ei gunstig døgnrytme, betre prestasjonar og ei auka kjensle av velvære.

– På lengre sikt håpar vi at det kan gi oss større innblikk i korleis lys hjelper med å halde oss vakne og aktiverte når vi skal lære, seier Elisabeth Flo-Groeneboom, professor og søvnforskar ved UiB.

På kort sikt håpar ho at det kan gi studentane ein litt betre start på dagen.

Skal motverke vinterdepresjon

Ved å opphalde seg i lyset i 30–120 minutt skal ein kunne kjenne seg meir vaken og kome i betre humør.

Slik kan det gi ei betre døgnrytme, i ei tid der det naturlege dagslyset ikkje er til så stor hjelp.

– Vi har ei eiga døgnrytme i kroppen som går av seg sjølv, men den er ikkje nøyaktig 24 timar, seier søvnforskaren.

en person som står i et rom med røde stoler

Lysterapi kan vere gunstig for dei med vinterdepresjon, men også for dei som blir lettare nedstemt av mørket, seier professoren.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

For at kroppen og hovudet vårt skal justere seg til rytmen i samfunnet treng vi difor lys, og helst dagslys, om morgonen.

Spesiallysa skal også motverke vinterdepresjon, eller lettare «winter blues».

– Mange kjenner at ting blir litt tyngre og litt kjipare når det er mørkt, kaldt og guffent ute.

Då kan ein få stort utbytte av å bruke lyset.

– Ein blir trøtt av å vere i mørket, og lys gjer at ein føler seg meir oppkvikka.

Eit lysare eksamenstid

Psykologstudent Sigrid Eek har så vidt testa ut lysterapien, men merkar allereie ein skilnad.

– Då eg kom hit i dag så var det mykje lettare å konsentrere seg grunna det skarpe lyset. Også ser ein ting godt og sann.

en person som sitter ved et bord med en bærbar datamaskin

Psykologstudenten vurderer å innføre lysdusjen i rutinane sine denne hausten.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Ho merkar ein stor skilnad frå dei andre forelesingssalane som har eit mørkare og meir gulaktig lys.

– Ein merkar at ein blir litt klårare i hovudet, og ikkje så trøytt i auga.

No håpar ho at lysdusjen kan gjere eksamensperioden litt lettare og lysare.

– Eg må kanskje få meg ein rutine på å gå hit, sann at eg kan jobbe meir effektivt med eksamenslesinga. Starte morgonane godt, og ikkje dryge morgonen så veldig.

Publisert 03.11.2025, kl. 22.25 Oppdatert 04.11.2025, kl. 13.52

Read Entire Article