Magne Myrmo er død: – Han var ein legendarisk skiløpar

2 hours ago 1



Den tidlegare langrennsløparen er død, stadfestar familien til NRK. Han blei 82 år gamal.

– Han var ein legendarisk skiløpar, for han er den siste verdsmeisteren på treski. Under VM i Falun i 1974 stod han midt i glasfiberski-revolusjonen og på 15-kilometeren heldt han hovudet kaldt og gjekk på norske treski. Han var ein roleg og sindig kar, god teknisk på ski, forklarar NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn.

Han held fram:

– Han var ein av Noregs og verdas beste skiløparar i ei årrekke. God på alle distansar, og han tok sølv på femmila under OL i 1972.

I eit VG-intervju frå 2021 var Myrmo open om at han sleit med Alzheimers sjukdom. Sjukdommen fekk han i 2014.

En langrennsløper i drakt med nummer 19 beveger seg gjennom snøen. Bakgrunnen viser tribuner med tilskuere og flagg. Flere personer sitter og ser på konkurransen. Anlegget preges av en klar vinterdag.

OL: Magne Myrmo i aksjon på 50 km under OL i Sapporo i 1972. Han fekk sølvmedalje.

Foto: NTB

Myrmo nådde toppen av sin karriere ein gnistrande kald februardag i VM i Falun i 1974.

Meisterskapet toppa striden og kaoset som hadde vore i skiverda det siste året. Fleire av dei store skifabrikkane i Mellom-Europa hadde utvikla glasfiberski som skulle gi betre gli enn treskia, og mange toppløparar hadde teke til å bruke dei.

Problemet var at Skiforbundet hadde avtale med norske skifabrikkar, som enno ikkje hadde teke til å lage glasfiberski. Diskusjonen gjekk høgt. – Vi brukar dei skiene som er best, var gjennomgangstonen i det norske laget.

Det gjorde fleire av dei også, trass i avtalen med fabrikkane.

På tremila hadde det vist seg å vere dei nye «plastskiene», som svenske Thomas Magnussen vann på. Men då var det varmegrader og våt snø.

Ville ikkje eksperimentere i VM

15-kilometeren gjekk på gneistrande vinterføre i sju-åtte kuldegrader. Magne Myrmo tviheldt på treskiene.

– Eg har aldri gått på noko anna, så det vil eg ikkje i dag heller, sa han før start. Han våga ikkje å eksperimentere i ein VM-start.

TRESKI-TRIUMFEN: Innspurten som gav Magne Myrmo og hans treski VM-gullet på 15 km i 1974

Han hadde tidleg startnummer. Så seint som eit par kilometer før mål låg han nokre sekund bak Vasilij Rotsjev og Gerhard Grimmer.

Men Myrmo avslutta knallsterkt, og vann sekundstriden mot begge konkurrentane. Grimmer, på sine nye glasfiberski, fall i ei utforkøyring rett før mål, og blei slått med 0,91 sekund. Rotsjev var seks tidelar bak Grimmer igjen.

Myrmo og treskia hadde vunne det utruleg jamne slaget. Berre eitt og eit halvt sekund skilde dei tre på pallen.

Sjølv var han der og då ikkje klar over kor historisk han nettopp hadde blitt.

Magne Myrmo

GULL: VM-tittelen i 1974 var Myrmos einaste meisterskapsgull

Foto: Erik Thorberg / NTB

– Ein VM-tittel blir gløymd etter nokre år. Men ettersom eg blei den siste verdsmeisteren på treski, blir eg kanskje ikkje så fort gløymd som nokon av dei andre, sa han i eit intervju med Aftenposten i 2003.

Bragda gav han tittelen Årets idrettsnamn, og han fekk også Olavsstatuetten det året. Ei av gullskiene er på Skimuseet i Holmenkollen.

Men etterpå hadde alle glasfiberski. Også dei norske fabrikkane kasta seg rundt og tok til å produsere det.

Starta med kombinert

Magne Gunnbjørn Myrmo vaks opp i Rennebu, med både ein far og ein storebror som gjorde det skarpt i kombinert. Også Magne starta som kombinertløpar, men det blei raskt klart at det var i langrennssporet han var best.

Magne Myrmo i Holmenkollen

KOLLEN: Myrmo i fint driv i Holmenkollen, der han vann to gonger

Foto: Arild Hordnes / NTB

Han slo gjennom allereie då han blei norsk juniormeister både i 1962 og 1963. Etter overgangen til senior gjekk det sakte, men veldig sikkert, framover med karrieren.

I 1966 blei han nummer åtte på femmila i NM, og teken inn på B-landslaget sesongen etter.

Men internasjonalt tok det tid før han markerte seg. Ikkje før i 1969, då han var 25 år, kom han på sigerspallen i eit større internasjonalt renn. Då gjekk han til topps på tremila i Svenska skidspelen, og året etter vann han 15-kilometeren i Holmenkollen.

Han var med i VM i Vysoke Tatry i 1970, med ein godkjend sjuandeplass på 30 kilometer i meisterskapsdebuten.

14 sekund frå OL-gull

Utover 70-talet markerte Myrmo seg som ein av dei jamnaste løparane. Han gjekk sjeldan heilt til topps, men rada opp ei mengde pallplassar og andre topplasseringar i store renn.

Framfor OL i Sapporo i 1972 var han ein av favorittane. Han var i storform, men var uheldig på opningsdistansen 30 kilometer. Like før han skulle starte, tok det til å snø. Han hadde ikkje tid til å smørje om, og var sjanselaus, og blei nummer 21.

Men han skulle slå kraftig tilbake på femmila. Han opna forsiktig, men jobba seg oppover lista. Han måtte sjå seg slått berre av Pål Tyldum, og var 14,7 små sekund frå gullmedaljen.

Det året fekk han også Holmenkollmedaljen, fordi han på nytt vann 15-kilometeren der.

Også i NM hadde han vanskar med å gå heilt til topps. Berre på femmila i 1971 og 15-kilometeren året etter blei det gull. Derimot blei det ei mengd sølv- og bronsemedaljar.

– Fekk førebu meg i fred

Magne Myrmos gullski på Skimuseet

MUSEUM: Slik blir ei av Myrmos gullski presentert på Skimuseet

Foto: Terje Bendiksby / NTB

I VM i 1974 var han ikkje favoritt. Dei unge talenta Ivar Formo og Oddvar Brå hadde slått gjennom for fullt, og var dei som skulle fronte det norske laget. Dei blei nummer 5 og 6 – på glasfiberski.

– Det var godt, for då fekk eg førebu meg i fred, sa Myrmo. Nokre dagar etter VM-gullet var han startmann på laget som tok bronse i stafetten.

Etter VM tok han også heim femmila i Holmenkollen, hans nest siste internasjonale triumf. Den siste kom som den første, på tremila i Svenska skidspelen i 1978.

Han fekk også med seg OL i 1976, der han sleit med halsbetennelse, og VM 1978, der han heller ikkje hadde suksess.

Smørje-suksess

Magne Myrmo og Håkon Brusveen

I SMØRJEBUA: Magne Myrmo blei smørjar for landslaget i mange år etter at karrieren var over. Her i samtale med Radiosportens Håkon Brusveen i smørjebua

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Etter sin aktive karriere var Myrmo saman med Idar Dahl i to år trenar for kvinnelandslaget i langrenn.

Seinare blei han skismørjar for skifabrikkane Landsem og Madshus, og blei seinare heiltids smørjar for langrennslandslaget i suksessåra utover 90-talet. Han hadde også denne jobben for Estland frå 1999 til 2007.

Publisert 19.11.2025, kl. 17.15 Oppdatert 19.11.2025, kl. 17.59

Read Entire Article