Mann dømt til fengsel for å ha stukke kona si med kniv i Averøy

6 hours ago 1



Mannen stakk kvinna med ein kniv i mars i år. Dette skjedde i deira felles bustad i Averøy kommune.

I tillegg til drapsforsøk er mannen også dømt for mishandling i nære relasjonar. Dette fordi deira felles barn var til stades under deler av hendinga.

– Det er ikkje omstridt at skaden fornærma blei påført ved knivstikket i halsen var alvorleg og livstruande og retten legg dette til grunn, står det i dommen.

Mannen er også dømt til å ikkje kunne kontakte dei fornærma i fem år etter at dommen er rettskraftig.

I tillegg må han betale totalt 1.075.000 kroner i erstatning til dei fornærma.

Stakk med kniv

Mannen og kvinna var gang med ein prosess der dei skulle gå frå kvarandre då hendinga skjedde.

I retten kom partane med sine forklaringar rundt kva som skulle ha skjedd i bustaden denne dagen i mars.

Der fortalde den fornærma kvinna at det i utgangspunktet hadde vore ei normal stemning mellom henne og mannen.

Utover dagen skal det ha oppstått ein diskusjon mellom dei to og begge oppfatta den andre som sinte og opprørt. Kvinna ville då ta med seg barna ut av bustaden.

Då kvinna var i ferd med å forlate bustaden, saman med barna, angreip mannen ho. Først med slag, så med ein kniv.

I retten forklarte mannen at han ikkje hugsa deler av hendinga, men innrømte at han på eit tidspunkt tok fram ein kniv og stakk ho.

Mannen forklarte at han berre hugsar å ha stukke kvinna ein gong, medan den fornærma meiner det er snakk om fleire stikk og forsøk på stikk.

Hevda han ikkje meinte å drepe

I retten hevda mannen det ikkje var meininga å drepe kvinna. Han erkjente difor ikkje straffskuld for drapsforsøk.

Torbjørn Kolås Sognefest

I retten argumenterte Torbjørn Kolås Sognefest for at mannen heller burde bli dømt for grov kroppsskade og ikkje drapsforsøk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det var aldri min intensjon å drepe, sa han under rettssaka.

Mannen sin forsvarar, Torbjørn Kolås Sognefest, meinte at mannen heller burde bli dømt for grov kroppsskade og ikkje drapsforsøk.

Forsvararen argumenterte for at mannen ikkje skal ha hatt som hensikt å drepe kvinna då han stakk ho med kniven.

Retten meiner derimot at mannen har hatt drapsforsett. Dei meiner at han i det minste hadde ein passiv kunnskap om at den fornærma mest sannsynleg ville døy som følge av knivstikket ho fekk i halsen.

Aktor og statsadvokat Jogeir Nogva bad om åtte år i fengsel då saka var oppe i Nordmøre og Romsdal tingrett. Dermed er straffa i tråd med det han bad om under rettssaka.

– Vi er fornøgd med dommen og ser ingen grunn til å anke, seier Nogva.

Statsadvokat Jogeir Nogva.

Statsadvokat Jogeir Nogva seier dei ikkje kjem til å anke saka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Rømte over til naboen

Kvinna og barna greidde etter kvart å ta seg ut av bustaden. Dei flykta over til ein nabo, der dei fekk hjelp.

Kvinna hadde då fått eit stort kutt og var alvorleg skadd. Under rettssaka blei det lagt fram dokumentasjon på at ho kunne ha døydd hadde ho ikkje fått rask helsehjelp.

Mannen påførte også seg sjølv skader og blei i etterkant funnen i bustaden av politiet. Han var då kritisk skadd.

Begge blei frakta til sjukehus for behandling.

Mannen har tidlegare vore dømt for mishandling. Men ikkje mot nokon av dei fornærma i denne saka.

Publisert 16.10.2025, kl. 12.02 Oppdatert 16.10.2025, kl. 12.34

Read Entire Article