«Marty Supreme»:  – Eit kjærleiksbrev til pingpong

20 hours ago 5



I ei kyrkje på Sofienberg strøymer ein god gjeng inn ein torsdag ettermiddag.

Dei er ikkje samla for tru, men for å bruke tid på sporten dei elskar.

Bordtennis.

Mange spiller ping pong i en kirke med bordtennisbord.

Dette er altså ikkje frå filmen «Marty Supreme», men frå Sofienberg kyrkje der det blir spelt ping pong no på vinteren.

Foto: Åsmund Hasli

I filmen «Marty Supreme» møter vi Marty Mouser, ein mann som ønsker å bli andletet ovanfor omverda for ein framveksande sport på 1950-talet. På den tida var bordtennis framleis langt frå allment kjend.

Filmen er òg storfavoritt før Golden Globe-utdelinga, som går av stabelen sundag.

Karakteren Marty Mouser gjer alt for å vise at han er best.

Truverdig

Åsmund Hasli meiner filmen gir eit truverdig bilete av bordtennismiljøet.

– Det kjennest som eit kjærleiksbrev til pingpong.

– Det er ekstremt lett å kjenne seg att i kor mykje som står på spel for desse folka, om dei vinn eller tapar. Det er bokstaveleg talt liv og død, seier Hasli.

I bildet sees en person med kort hår i fokus, som sitter foran flere bord i en stor sal. I bakgrunnen er det flere mennesker som er i ferd med å forberede eller delta i en aktivitet. Omgivelsene har høye tak og blå gardiner, hvor lys fra taklampene skaper en uformell atmosfære. Det ser ut til å være en sosial eller sportslig sammenkomst. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Åsmund Hasli brukar mykje av tida si på sporten.

Foto: Tuva Marie Sørum / NRK

Han kjenner seg òg att i det sterke konkurranseinstinktet til Marty.

– Eg likar òg å vinne, ja.

– Det treff midt i blinken.

Hasli har sjølv laga dokumentarfilm om miljøet «Oslo Street Ping-Pong».

Grünerløkka har Norges mest populære bordtennisbord. Men noen av entusiastene har et noe mer liberalt forhold til rus enn kommunen setter pris på.

Om vinteren trekkjer dei nokre gonger inn i Sofienberg kyrkje i staden for parken, på grunn av kulda.

– Det er så mange karakterar i denne sporten, folk med sterke personlegdomar.

– Det er akkurat det filmen treffer så godt på.

En mann som spiller poingpong (bordtennis)

I filmen svindlar han også andre for pengar.

Foto: Nordisk Film Distribusjon

Interessa for bordtennis er aukande, meiner han.

– Eg trur mange blir trekt til sporten fordi ein ikkje treng mykje ressursar for å vere med. Det er ein svært inkluderande idrett.

Han håpar filmen kan bidra til å auke interessa endå meir.

– Kanskje bordtennis blir litt kult igjen på grunn av filmen.

– Det håpar eg, seier Hasli.

Ikkje alt stemmer

I filmen blir det spelt mykje om pengar, og karakterane tyr til ganske ekstreme middel for å kome seg til VM.

Det er ikkje noko alle bordtennisspelarar kjenner seg att i.

– Det er ein veldig amerikanisert film. Vi spelar ikkje om pengar, seier Jan Heymanns, medarrangør i «Oslo Street Ping-Pong».

En mann sitter foran et bordtennisbord med en racket i hånden. I bakgrunnen foregår det flere bordtennisspill. Lokalet ser ut til å være stort og er innredet med blå bord og dype gardiner. Det er flere personer engasjert i spill og aktivitet rundt omkring. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Jan Heymanns meiner filmen ikkje er heilt riktig.

Foto: Tuva Marie Sørum / NRK

– Sporten vår er svært inkluderande. Vi er eit tett fellesskap der alle er gode vener.

Han merkar at interessa har vakse.

– Før hadde vi tre bord i parken, no har vi elleve.

Bordtennis i parken med masse folk rundt

Dei pleier å spele i parken.

Foto: Skjermbilde Instagram

Heymanns er likevel glad for at favorittsporten hans får sitt eige kinolerret, sjølv om filmen ikkje er heilt «rett».

– Når ein spelar bordtennis og ser det framstilt slik på film, blir ein jo heilt «wow».

– Filmen vekkjer fascinasjonen for bordtennis til live, og det er veldig fint, avsluttar Heymanns.

Publisert 11.01.2026, kl. 16.38

Read Entire Article