Norsk prest i Minneapolis: – Folk fryktar rett og slett for sitt eige liv

1 hour ago 1



– Demokrati døyr ikkje frå ein dag til ein annan. Det skjer steg for steg, slik som i USA i dag.

Det seier Bodøværingen Gunnar Kristiansen under ein Dagsnytt 18 sending. Han er prest i Mindekirken i Minneapolis og har budd der dei siste fire åra.

Kristiansen fortel om redde innbyggarar i byen etter at Alex Jeffrey Pretti (37) blei skoten og drepen av føderale agentar under ein immigrasjonsoperasjon i Minneapolis laurdag 24. januar

– Eg ser ikkje på dette frå avstand. Eg har jo budd og levd saman med folk i Minneapolis i over fire år. Eg er ein av dei.

en mann med et alvorlig uttrykk

Gunnar Kristiansen kjenner ikkje igjen byen han har budd i fire år lenger.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Store protestar

Drapet på Pretti har ført til at store protestar har blussa opp over heile USA mot immigrasjonspolitiet ICE.

I Minneapolis har demonstrantar ropt skjellsord mot agentane, som har svart med tåregass og bruk av batongar.

– Folk er redde. Det er tilsette i minnekyrkja eg jobbar i som rett og slett fryktar sitt eige liv når dei går ut. Mange er med i den sivile oppstanden og går ut mot ICE. Dei ser meir og meir kor harde metodar dei bruker mot observatørane.

– Det er ein slags borgarkrig som skjer i byen, seier Kristiansen.

Politiet står samlet i et tåket område, iført hjelmer og beskyttelsesutstyr. Flere betjenter holder våpen, mens noen diskuterer. I bakgrunnen er det kjøretøy og bygninger, og bakken viser spor etter demonstrasjoner. Flere personer kan skimtes i avstand, mulig medier eller tilskuere.

Politifolk frå Minneapolis Police Department i tåregass under samanstøytar med lokalbefolkninga på staden der føderale agentar skaut og drap ein mann under eit forsøk på pågriping i Minneapolis, Minnesota, USA, 24. januar 2026.

Foto: Reuters

Stengde kyrkja for representantar frå ICE

Kristiansen og Mindekirken valde å stenge dørene til kyrkja for representantar av ICE.

– Det var for å verne somaliarar i nabolaget. Trump har kalla dei «trash» og vil ha dei ut. Det er 80.000 somaliarar i staten Minnesota, og dei fleste bur i Minneapolis i nabolaget til kyrkja, seier han.

Kristiansen kom først til byen i 2021. Den byen han kom til beskriv han som fredeleg.

Gunnar Kristiansen, prest i Minnekirken i Minneapolis, ser mot Bodø domkirke

Gunnar Kristiansen fortel at innbyggarar i Minneapolis kjem til kyrkja og er bekymra.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Minneapolis er til vanleg ein veldig vennleg by, men no er folk triste og redde.

Rett før han skulle reise tilbake til Noreg, kom mange frå kyrkja til han med ei bekymring. Dei hadde ikkje tru på at det ville bli noko mellomval til hausten.

– Det seier noko om kor stor frykta har blitt. Mange trur, og er skeptiske på, om det i det heile blir eit mellomval.

– Partilause

Kristiansen fortel at republikanarar som kjem til kyrkja hans ikkje kjenner dei har noko eige parti lenger.

– Dei kjenner seg partilause fordi dei ikkje er MAGA.

En gruppe mennesker i klær

Demonstrantar roper slagord og slår på søppelkasser bak ein provisorisk barrikade under ein protest etter dødsfallet til 37 år gamle Alex Pretti. Pretti blei skoten og drepe av ein tenesteperson frå det amerikanske grensepolitiet tidlegare same dag, laurdag 24. januar 2026, i Minneapolis.

Foto: AP

Ketil Solvik-Olsen er rådgivar i Civita, og tidlegare statsråd og Frp-politikar. Han seier at motstanden mot Trump framleis er veldig stillteiande og at mange republikanarar er ueinige med Trump, men ikkje tør å gå direkte imot han.

– Dei har berre to sider, enten er du republikanar eller demokrat. Mange republikanarar er imot Trump og MAGA. Men det sit langt inne for mange republikanarar å velje kandidaten til motstandaren, sjølv om dei ikkje liker sin eigen.

Han seier mange føler at Maga ikkje representerer dei.

– Men det betyr ikkje at dei ikkje bryr seg om politikk. Det handlar om at dei må vere strategiske på når dei går ut. Tar du kampen på feil tidspunkt blir du overkøyrd, seier Solvik-Olsen.

Ketil Solvik-Olsen Seabrokers

Ketil Solvik-Olsen seier at mange republikanarar er ueinige med Trump, men ikkje tør å gå direkte imot han.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK ROGALAND

– Rettssystemet er under angrep

Ketil Raknes, førsteamanuensis på Høgskulen Kristiania, seier det er ein reel frykt at det ikkje blir noko mellomval.

– Det siste det amerikanske justisdepartementet gjorde no var å sende ein førespurnad til Minnesota, dei ville ha alle veljarfilene der. Dei ville gå gjennom dei for å sjå om det var noko dei kunne gjere med dei.

Raknes seier han er forskar, og er einig med demokratiforskarane som seier at demokrati i USA nå har rundt 50 prosent sjanse for å overleve.

– Rettssystemet i USA er under angrep. Den frie pressa er under angrep. Valsystemet er under angrep, seier Raknes.

Prest seier det liknar borgarkrig i Minneapolis etter det siste Ice-drapet.

Publisert 29.01.2026, kl. 20.29

Read Entire Article