Søndag blei det klart at Noreg vil kjøpe fregattar frå Storbritannia til 125 milliardar. Det blir den største enkeltinvesteringa til Forsvaret i nyare tid.
Ronny Opsjøn Langset, som er leiar for Kongsberg-gruppas satsing på standardiserte fartøy, seier det er bra at regjeringa no har tatt ei avgjerd på kven som skal levere dei nye fregattane.
– Det blir nye moglegheiter no, det er eg helt sikker på. Eg trur dei som er i industrien no først og fremst berre syns det er kjekt at nå blei det tatt ei avgjerd. No skjer det noko! Og så begynner vi å brette opp ermene og lande gode avtalar.
– Eg blei heilt skjelven
I Harstad i Troms har Hamek ein avtale verdt over 100 millionar med BAE, det britiske selskapet som bygger fregattane.
– Eg blei veldig glad og heilt skjelven. Britane vil bidra med mest sannsynleg eit tresifra millionbeløp inn i den store investeringa, seier Jan Oddvar Olsen, administrerande direktør i Hamek.
Jan Oddvar Olsen jublar. Han er administrerande direktør i Hamek i Harstad.
Foto: Tora Jarnæs Vold / NRKI avtalen med BAE skal britane vere med å betale for ein ny, større dokkhall for Hamek. Han trur dette vil gjere dei mykje meir attraktive i den sivile marknaden.
– i Harstad så slit vi jo med dårleg kommuneøkonomi, og det einaste vi treng er fleire sivile arbeidsplassar. Dette opnar jo for det i kraftig monn, seier Olsen.
Vil gi jobb i lang tid
Umoe Mandal skal levere antennemaster til fartøya, noko som gir rundt 50 arbeidsplassar
– Dette blir veldig stort og viktig for oss. Dette er svært gledeleg for Umoe Mandal og for Lindesnes kommune. Eigentleg for heile Agder, seier Tom Fidjeland, administrerande direktør i Umoe Mandal.
Tom Fidjeland, administrerande direktør i Umoe Mandal.
Foto: Svein Sundsdal / NRKI tillegg inneber ein gjenkjøpsavtale at britane kjøper norske kommandobåtar – ein avtale som vil gi omtrent 200 arbeidsplassar for mandalsverksemda.
– Det betyr mykje for langsiktigheit og for arbeidsplassar. Dette er med på å gi oss jobb langt ut på 30-talet. Det eine er jo for så vidt at vi skal levere disse antennemaster og ein del andre ting til fregattane. Men like viktig er jo at vi har ein avtale om eit samarbeid med BAE Systems, dei som bygger fregattane, om å utvikle nokre båtar saman. Desse også kan bli veldig stort og viktig for oss.
Skuffa over avgjerda
Konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Vard på Nordvestlandet er skuffa over at dei ikkje valde den amerikanske leverandøren, som dei samarbeider med.
– Det er veldig synd, og synd at regjeringa ikkje brukar denne moglegheita til å sikre verdiskaping og bygging i Noreg, seier Marti.
Konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Vard.
Foto: VardHo respekterer likevel at det er ei politisk og vanskeleg avgjerd.
– No snur vi oss berre rundt, og satsar vidare på standardfartøy der vi meiner vi har hatt atraktivt tilbod. Og dersom dei vel å bruke den norske industrien til å gjere vedlikehald på den engelske fregatten, så er det ein moglegheit for oss sjølvsagt, seier Marti.
Publisert 31.08.2025, kl. 12.49 Oppdatert 31.08.2025, kl. 13.50