Noreg-profil om «vond» Solbakken-vraking: – Sjokkerande

2 hours ago 1



– Det var svært tungt. Eg kom til samling og hadde spelt alt for Hoffenheim. Eg hadde eit ønske om å spele mot Italia, det er ein gjeng eg har spelt mot i tre år. Så fekk eg beskjeden tidleg, så det er klart at det var vondt og jævlig.

Det seier Leo Østigård til NRK om det som blei ein stor personleg nedtur under førre landslagssamling i juni.

Den fysisk robuste stopparen blei nemleg vraka til den viktigaste kampen til VM-kvaliken, heime mot Italia, som enda med ein svært imponerande 3-0-siger til Noreg.

– Sjokkerande

Østigård hadde starta 28 av Noregs 30 siste landskampar sidan mars 2022. Dei to andre kampane hadde han mista med skade.

Nå, snart tre månader seinare, opnar Genoa-stopparen opp om korleis han opplevde og takla situasjonen.

– Nei, kva skal eg seie? Eg hadde spelt så å seie alt den siste tida, så det var sjokkerande. Eg kjenner ikkje eg har spelt meg ut av landslaget etter dei siste kampane, seier han.

østigård

POPULÆR: Leo Østigård har vore ein profil på landslaget i fleire år nå.

Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Sjølv om benkinga var eit slag i trynet, fekk Østigård ros for å klare og vere ein god lagkamerat.

– Kunne jo vore idiot

Torbjørn Heggem, som fekk sjansen i Noregs midtforsvar på kostnad av nettopp Østigård, gav han ros for å ha «backet meg og vore ein veldig god lagkamerat».

Østigård fortel at han gjorde ein innsats for å vere proff og handtere situasjonen på ein god måte overfor lagkameratane.

– Eg kunne jo vore idiot, men eg var klar til å komme inn dei siste 20 minutta. Det er jo ikkje lett, det heller. Eg er veldig stolt over at eg klarte det. Det var svært, svært tungt. For det betyr så mykje. Men eg måtte vere proff og «backe» dei andre, seier han til NRK.

– Korleis har den situasjonen påverka relasjonen din til Ståle Solbakken?

– Han er jo trenar og vel det han vil. Eg har alltid lyst til å spele, og eg har gjort det eg kan for han. Sjølvsagt blei eg veldig skuffa, men det er jobben hans å velje. Vi får sjå korleis det blir vidare. Det einaste eg kan gjere er å spele gode kampar og spele kampar, som er viktige for han. Eg har hatt fokus på å spele mykje dei siste åra for å kunne spele her òg. Eg er alltid klar for å bidra her, seier han.

solbakken østigård

JOBBEN HANS: Leo Østigård har forståing for at Ståle Solbakken må ta tøffe val som landslagssjef.

Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

På spørsmål frå NRK om korleis han meiner Østigård har slått tilbake etter vrakinga, svarer landslagssjef Solbakken:

– Det gjorde han jo, med 20 minutt innhopp mot Italia. Han kom inn på 3–0 der, det er ikkje så lett å gjere det, men han gjorde det veldig bra. Og så spelte han fem minutt mot Estland. Det har vore heilt ok, seier Noreg-sjefen.

Om kva slags dialog han har med Østigård nå, svarer han kortfatta:

– Den er som med alle andre spelarar.

– Forløysande at han tør si det

NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg har full forståing for at Østigård tok vrakinga tungt førre gong – og er ueinig i den.

– Han har vore ein berebjelke på landslaget i fleire år, og så fekk han eit slag i trynet på samlingas første dag, da Solbakken sa klart frå om kven som skulle spele midtstopparar. Da svartnar det nok for deg, og det er forløysande at han tørr å seie det, meiner Løkberg.

NRK-eksperten kjenner seg sikker på at det blir Kristoffer Ajer og Torbjørn Heggem som dannar Noregs midtforsvar også mot Moldova i den viktige VM-kvalikkampen på tysdag.

– Det er ingen grunn til å splitte midtstopparparet Heggem-Ajer. Slik er fotballen, han er brutal. Om du blir vraka og erstattaren din tar sjansen, må du som regel sitte ganske roleg og vente på å få moglegheita igjen, enten ved ein dårleg prestasjon frå dei eller ein skade, seier Løkberg.

Kommer Norge til VM?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Komme på rett hylle

I slutten av juli blei det stadfesta at 25 år gamle Østigård fortset karrieren i Genoa, der han nå er for andre gong.

Han kom frå den franske klubben Rennes på ein sesonglang leigeavtale, etter å ha vore leigd ut til Hoffenheim i fjor, og italienarane har sikra seg opsjon på kjøp.

Solbakken er fornøgd med klubbsituasjonen for midtstopparen nå.

– Nå trur eg han har komme på rett hylle. Eg har alltid sagt at han passar best i Italia, der det er ein del duellar. Bundesliga er mykje meir opne landskap, der det blir mykje fram og tilbake, store kontringsrom og begge laga blottlegg seg meir. Da er det kanskje andre midtstoppartypar som passar betre til det, seier landslagssjefen.

Østigård ser lyst på klubbframtida nå.

– Eg er veldig fornøgd og treivst veldig godt der tidlegare. Det er ein klubb med trykk og engasjementet rundt seg, og det er viktig for meg, seier han.

Noreg speler to kampar denne samlinga. Torsdag ventar privatlandskamp mot Finland på Ullevaal, før Moldova kjem på besøk til VM-kvalikkamp førstkommande tysdag. Begge kampane kan du høyre på NRK Sport.

Psst: Las du desse?

Publisert 03.09.2025, kl. 06.40

Read Entire Article