Ny rapport: – Vi ser tydelege signal

1 week ago 18



Fjoråret blei prega av dystre vêrrekordar i Europa. Klimaforskar meiner særleg éin konsekvens er urovekkande.

 Tore Haraldset / TV 2
MEIR EKSTREMVÊR: I framtida vil ekstremnedbør, slik som «Hans» i fjor, bli meir vanleg. Foto: Tore Haraldset / TV 2

Publisert 23.04.2024 02:58 Sist oppdatert 28 minutter siden

Hetebølger, skogbrannar, flaum og uvêr påverka millionar av menneske i Europa i 2023.

No slår Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) fast at fjoråret var eit av dei våtaste og varmaste nokon gong registrert på kontinentet.

– Det er dessverre ikkje overraskande. Vi følger dette veldig tett, og har sett kva klimaframskrivingane har sagt i lang tid, seier klimaforskar Hans Olav Hygen i Meteorologisk institutt til TV 2.

I Europa stig temperaturane nesten dobbelt så raskt som det globale snittet, ifølge rapporten. I elleve av månadane låg temperaturane over gjennomsnittet.

– Det har gått i denne retninga lenge, og vi ser no effekten av menneskapte klimaendringar.

Kraftig auke i dødsfall

Konsekvensane av klimakrisa har aldri vore større. Noko som var godt synleg i Europa gjennom fjoråret.

Året var prega av rekordstore skogbrannar, alvorlege marine hetebølger og store øydeleggande flaumar.

Det går også utover helsa til befolkninga. WMO ser nemleg ei kraftig auke i antal dødsfall relatert til varme.

– Det er dessverre ein ting vi er forberedt på. Vi har sett frå tidlegare år med hetebølger at det har vore ein overdødelegheit.

I Europa har dødsfall knytt til varme auka med 30 prosent frå 2000 til 2020, ifølge rapporten. I dei europeiske regionane som blir overvaka er auken på heile 94 prosent.

– Det er skikkeleg urovekkande at folk blir så hardt ramma og at vi ikkje klarar å handtere dette betre. Her har vi ein stor jobb å gjere som eit internasjonalt fellesskap.

Ser tydelege signal

Noreg er det landet i verda som er hardast ramma av stigande temperaturar. Ingen andre stader blir varmare raskare enn Svalbard.

I likskap med resten av kontinentet vil den globale oppvarminga også merkast her.

 Odd Arne Hartvigsen / TV 2
KLIMA: Klimaforskar Hans Olav Hygen er klar på korleis klimaendirngane vil ramme Noreg. Foto: Odd Arne Hartvigsen / TV 2

– Det vi ser i Noreg er at det stort sett blir varmare. Med ein kald vinter bak oss er det kanskje utenkeleg, men det blir det, seier Hygen.

Sjølv om det blir varmare, er det ikkje hetebølger og tørke som kjem til å prege været mest i åra som kjem.

Det fekk store delar av befolkninga i Sør-Noreg verkeleg merke under ekstremvêret «Hans» i fjor.

 Fredrik Ulen / TV 2
EKSTREMVÊR: Gudbrandsdalen er ein av fleire stader som blei hardt råka av ekstremvêret Hans i fjor sommar. Foto: Fredrik Ulen / TV 2

– Vi ser tydelege signal om meir nedbør. Det vil oftare kome kraftige nedbørsbyger som gir lokale overfløymingar og flaum i Noreg også.

Ekstreme temperaturar

Rekordvarmen i fjor har fortsett inn i 2024, og mars blei den tiande månaden på rad med rekordhøg global snittemperatur.

Sommaren er rett rundt hjørnet, og Hygen er ikkje i tvil om at klimaendringane også vil gjere seg til kjenne i år.

– Eg ventar at vi vil få hetebølger i Europa i år også. Kvar, når og kor kraftig er vanskeleg å seie, seier Hygen.

Han trur året også vil by på kraftige regnbyer, både på kontinentet og i Norge. I tillegg til tørke i Sør-Europa.

– Grunnen til at eg kan sei dette er mønsteret vi har sett over lang tid. Nemleg eit varmare klima med meir ekstreme konsekvensar.

Read Entire Article