Rasismesaka rysta ein heil nasjon: Søndag blei Arve heidra, 25 år etter

2 weeks ago 17



– Eg grua meg veldig til å snakke her i dag. Eg var redd for at stemma skulle breste, seier kultur- og likestillings­minister Lubna Jaffery.

Ho står ved elvebreidda til Sogndalselvi i Sogn.

For 25 år sidan mista Arve Beheim Karlsen livet i denne elva. No er det sett opp eit minnesmerke slik at ingen skal gløyme kva som skjedde.

– For meg er dette personleg. Eg føler meg veldig takknemleg for at eg har fått eit godt liv, trass i at eg har opplevd rasisme.

Kari Beheim Karlsen og Lubna Jaffery

F.v. Sogndal-ordførar, Stig Ove Ølmheim, Kari Beheim Karlsen, Lubna Jaffery og Vik-ordførar Roy Egil Stadheim på 25-årsmarkeringa for Arve.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

«Drep den negeren»

Seint fredag 23. april 1999 blei indisk-adopterte Arve Beheim Karlsen jaga over ei gangbru i Sogndal av to jamaldrande menn.

«Drep han, drep den negeren», ropte dei etter han.

Arve Beheim Karlsen

Arve Beheim Karlsen var berre 17 år då han blei funnen drukna i Sogndalselvi. Saka fekk mykje merksemd.

Foto: Privat

Måndagen etter blei 17-åringen funne drukna i Sogndalselvi.

Dei to unge mennene blei dømte til fengsel i høvesvis eitt og tre år for vald og trugslar.

Kva som faktisk skjedde ved elvebreidda i Sogndal denne vårnatta, har ein aldri fått svar på.

– Denne saka er ein del av meg. Den har påverka meg tydeleg i livet mitt, seier Jaffery 25 år seinare.

Kari Beheim Karlsen og Lubna Jaffery

Brynjul Tjønn las dikt. Han er sjølv adoptert og vaksen opp i Sogn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho er eitt år eldre enn Arve hadde vore i dag.

Begge har mørk hudfarge.

Begge vaks opp i Vestland.

Begge har opplevd rasisme.

– Arve enda opp her i elva etter å ha blitt jaga, mens eg har blitt kulturminister. Det er to veldig forskjellige liv, men der det likevel har vore likskapar i oppveksten, seier Jaffery.

Minnesmerke med stein frå elva

Steinen som ligg på toppen av minnesmerket er henta frå botn av Sogndalselvi.

Mor til Arve, Kari Beheim Karlsen, har vore med på å hente opp steinen.

– Det er veldig spesielt at steinen er frå same elv, eg kan ikkje seie noko anna, seier ho.

Minnesmerket for Arve Beheim Karlsen

Steinen i minnesmerket er henta frå Sogndalselvi, der Arve Beheim Karlsen var funnen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Steinen symboliserer håpet om å få slutt på vald og rasisme.

For Beheim Karlsen har det vore viktig at historia om Arve ikkje blir gløymd.

Ho har brukt eit kvart liv på å fortelje kva som skjedde sonen: på skular, til konfirmantar, lista er lang.

Kari Beheim Karlsen

Heime hos Kari Beheim Karlsen heng det mange bilde av sonen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Beheim Karlsen lar ungdommane høyre på musikken han likte, «Everybody Hurts» av R.E.M., fortel at han spelte fotball, var med i 4H og dreiv med musikk.

Ved å gi hendinga eit ansikt og minne ungdommar på kor alvorleg mobbing og rasisme kan bli, håper ho at ingen skal oppleve det same som Arve gjorde.

– Det er kjærleiken til Arve som driv meg, seier Kari.

Kvifor er det viktig å fortelje historia om Arve?

– Undersøkingar viser at mobbing, trakassering og vald framleis er til stades. Då treng vi desse dryppa for å framleis bli minna på kva som skjedde. For Arve er det for seint, men kan det hjelpe nokon andre, så gjer vi det.

Kari Beheim Karlsen

På rommet til Arve heng framleis plakatane og bilda hans.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Halvparten opplever rasisme

Framleis opplever nesten halvparten av barn og unge med minoritetsbakgrunn rasisme. Det viser ein fersk rapport frå Bufdir.

  • 70 prosent av dei med afrikansk bakgrunn seier at dei har opplevd rasisme.
  • Blant dei med bakgrunn frå Asia, seier 63 prosent at dei har opplevd rasisme.

– Vi synest dette er urovekkande. Det er vondt og nedslåande å lese at barn og unge opplever rasisme, seier avdelings­direktør Anna Bjørshol i Bufdir.

Anna Bjørshol avd.dir i Bufdir

Anne Bjørshol i Bufdir synest det er urovekkande at så mange barn og unge opplever rasisme i Noreg i dag.

Foto: Ida Yasin Andersen/NRK

Dei fleste vel å ignorere og late som ingenting når dei blir utsette for rasistiske ytringar, står det vidare i rapporten.

Mange opplever det som krevjande og nyttelaust å seie ifrå.

Fire førsteklassingar på Sogndal vidaregåande NRK har snakka med, seier det er vanlegare med kvardagsrasisme enn vald og truslar.

– Eg trur ikkje det kunne skjedd eit dødsfall no, men fråsegna som blei sagt den dagen trur eg framleis blir sagt, seier Sara Selman.

Det er særleg dei vaksne som kan komme med upassande kommentarar, meiner dei.

– Eg trur ikkje dei meiner det på ein hatefull måte, men at dei ikkje heilt ser at det kan vere rasistisk, seier Snit Tesfazgi.

Sara Selman, Snit Tesfazgi, Samsam Ali Abdi og Isra Ali Almobarak

F.v. Sara Selman, Snit Tesfazgi, Samsam Ali Abdi og Isra Ali Almobarak er eitt år yngre no enn Arve Beheim Karlsen var då han døydde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bjørshol i Bufdir meiner at det kan hjelpe å snakke om rasisme.

– Det skaper bevisstheit og refleksjon. Viss vi ikkje snakkar om at rasisme eksisterer i Noreg i dag, kjem vi ingen veg.

I mars uttrykte FN bekymring for at mange med afrikansk bakgrunn opplever rasisme i Noreg, skriv VG.

I ei pressemelding oppfordrar FN regjeringa i Noreg til å ta grep mot rasisme.

Publisert 28.04.2024, kl. 21.00 Oppdatert 28.04.2024, kl. 21.18

Read Entire Article