«Så massivt, grovt og alvorlig at det er vanskelig å sette ord på det»

1 month ago 19



Den massive rettssaka i Hordaland tingrett blei avslutta så langt tilbake som 30. november i fjor. 

Då hadde fire tiltalte frå to familiar møtt i retten gjennom tre månader. 

Alle tiltalt for grove og gjentekne valdtekter mot tre barn i eit nabolag i ein vestlandskommune.

– Det er eit ekstremt grovt og altomfattande regime vi har fått skildra, sa statsadvokat Ellen Cathrine Greve i retten i haust.

Ho omtala likevel barna sine forklaringar, som er heilt sentrale i saka, som «robuste, truverdige og pålitelege». Dei tiltalte nekta straffskuld.

– Vi har aldri utsett barna for overgrep. Dette er allereie eit justismord mot ein heil familie, sa faren i 50-åra.



- Jente (11) og gut (16), som er barna til foreldreparet og søskena til den tiltalte storebroren

- Gut (10), sonen til nabomannen

Nabomannen er også tiltalt for grove overgrep mot dattera til foreldreparet.

Dei tiltalte risikerer alle 21 års fengsel, men nektar straffskuld og seier overgrepa aldri har skjedd.

Forsvararane meiner det kan vera snakk om falske minner og/eller systemsvikt i barnevernet og politiet slik at barna har blitt påverka til å fortelje om overgrepshandlingane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

«Han klarer ikke styre seg. Driften er for sterk»

«Sadistisk preg»

Onsdag fall dommen i Hordaland tingrett. Den er samrøystes og skildrar mellom anna overgrepa frå far og mor i den eine familien som «fullstendig grenseløst».

Dei skriv at fleire av overgrepa frå faren har «sadistisk preg og han hadde åpenbart ingen grenser for hva han utsatte barna for».

Sviket mot barna er «så massivt, grovt og alvorlig at det er vanskelig å sette ord på det», skriv dommarane vidare. 

Dei peikar også på at 

Far i 50-åra er dømt til 21 års forvaring

Mor i 40-åra er dømt til 18 år fengsel

Storebror i 20-åra er dømt til 10 år fengsel

Nabo i 30-åra: 12 år fengsel

«Det er fra alle forsvarerne anført at det må ses bort fra alle de tre barnas forklaringer blant annet på grunn av påvirkning. Retten ikke enig i dette. Retten legger etter en helhetlig vurdering av bevisene i saken barnas forklaringer til grunn. Retten har ikke vært i tvil om dette.», heiter det i dommen.

Dei skriv vidare at storebroren får lågare straff enn normalstraffen på 12 år, fordi «han var under innflytelse av sine egne foreldre».

Varslar anke

– Han er veldig skuffa over dommen. Den kjem til å bli anka, varslar forsvarar Jan Henrik Høines til TV 2.

Alle fire er også idømt kontaktforbod mot barna dei er dømd for overgrep mot.

– Eg har registrert at dommen er samrøystes, seier statsadvokat Ellen Cathrine Greve.

Millionerstatning

Dei fire er også dømd til å betale oppreisningserstatning til barna. 

Nabomannen må ut med totalt 800.000 kroner. Faren totalt 1,2 millionar kroner til barna sine, same med mora. Storebroren må ut med 900.000 kroner til søskena sine.

 May Husby / TV 2
To familiar i eitt nabolag i ein vestlandskommune er involvert i saka. Politiet har ikkje funne bevis for at dei samarbeida om overgrep. Foto: Grafikk: May Husby / TV 2

Tre av dei tiltalte tilhøyrer altså same familie, der offera er dei to yngste barna i søskenflokken. 

Det er særleg deira forklaringar som inneheld detaljerte skildringar av ekstreme og sadistiske overgrepshandlingar. Valdtektene skal ha skjedd gjennom fleire år, frå då søskena var tre og åtte år gamle.

Jenta er også fornærma i saka mot nabomannen. Han er anklaga for å ha valdteke både sonen sin (10) og jenta (11).

 Eva Frimannslund / TV 2
AKTOR: Statsadvokat Ellen Cathrine Greve i Hordaland tingrett. Foto: Eva Frimannslund / TV 2

Dette er bevisbildet statsadvokaten presenterte i retten

I straffesakene mot foreldra og storebroren:

Barna sine forklaringar, som påtalemakta meiner er truverdige. Overgrepa har skjedd mange stader, også på ferietutar utanfor kommunen.

Faren i 50-åra er tidlegare dømd for å ha lasta ned og delt overgrepsmateriale av barn. På nettet gjekk han under kallenamnet «Blondpus» og chatta med andre om overgrep mot barn. Mykje av det beslaglagde materialet er svært grovt. Påtalemakta meiner det er påfallande at mykje av det speglar det barna fortel dei er utsette for.

Då faren hadde sona ferdig i fengsel, slapp mora han inn igjen i heimen med barna. Sjølv om mannen i retten erkjente det han hadde gjort, har ho gitt uttrykk for at han blei utsett for justismord. Etter få dagar utanfor fengsel var faren i gang igjen med å søke etter overgrepsmateriale på nettet.

Søk på Google-kontoen til storebroren indikerer seksuell interesse for søster, meiner statsadvokaten. Det er gjort funn av søkeord som «jeg tenner på søstera mi» og andre detaljerte søk som omhandlar seksuelle handlingar med søster.

I straffesaka mot nabomannen:

Barna sine overgrepsskildringar, som statsadvokaten meiner er truverdige. Dei skildrar mellom anna overgrep i dusjen, ei kjellarstove, på soverommet og i eit telt i hagen.

Nakenbilete av nabojenta (11), som naboen lagra i ei kryptert mappe på mobilen kalla «intern info jobb». Han har sjølv forklart at det var sonen som tok bileta. I ein bildeserie er mannen avbilda kun iført undertøy, med jenta på fanget, også ho i berre trusa.

DNA-funn av same jenta på fleire sexleiketøy.

Varsel til barnevernet frå andre i lokalsamfunnet. Dei reagerte på den fysiske kontakten mellom mannen og jenta på leikeplassar og i symjehallen. Det skal ha vore kyssing og klemming.

Enormt mykje kontakt mellom jenta, som då var sju år, og nabomannen på chatteprogrammet «Duo». Greve omtalte den hyppige kontakten som «ellevill».

Faren lasta ned overgrepsbilde

Forklaringane til barna stod heilt sentralt i saka mot dei fire tiltalte. Over 50 timar med video av dei tilrettelagde avhøyra av barna vart spelt av i retten.

Skildringane av dei grove overgrepa eskalerte gjennom fleire avhøyr. Barna var høvesvis avhøyrd ni, tolv og femten gonger.

– Eg sparka han i magen. Han sa «det gjer du ikkje» og fortsette sjøl om eg sparka han og sa nei, sa jenta om overgrepa ho skal ha blitt utsett for av nabomannen.

Dei tiltalte hevda forklaringane ikkje er truverdige. Faren i 50-åra rista fleire gonger på hovudet av dei tidvis ekstreme skildringane barna kom med i avhøyr.

– Det er heilt ufatteleg. Vi har aldri gjort overgrep. Herregud, sa mannen.

Han er tidlegare dømd for å ha lagra og delt bilete og videoar som viser valdtekter og overgrep mot barn heilt ned i 1-årsalderen. Statsadvokaten har argumentert for at materialet speglar det barna fortel at dei er utsett for.

Kort tid etter han slapp ut av fengsel, og inn igjen i huset med kona og barna, gjorde han nye internettsøk etter «incest-teen», «9+years» og «illegal-sex».



- Jente (11) og gut (16), som er barna til foreldreparet og søskena til den tiltalte storebroren

- Gut (10), sonen til nabomannen

Nabomannen er også tiltalt for grove overgrep mot dattera til foreldreparet.

Dei tiltalte risikerer alle 21 års fengsel, men nektar straffskuld og seier overgrepa aldri har skjedd.

Forsvararane meiner det kan vera snakk om falske minner og/eller systemsvikt i barnevernet og politiet slik at barna har blitt påverka til å fortelje om overgrepshandlingane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Fostermor: – Eg veit eg har tråkka i salaten

Peikar på kvarandre

I prosedyrane argumenterte forsvararane for at barna er utsett for påverknad av barnevernet, fått planta falske minner og/eller overført opplevingar av overgrep på andre enn den faktiske overgriparen.

– Kva er det ho egentlig fortel? Er dette noko ho har opplevd heime og overført til min klient? Eller, er det rein fantasi, sa nabomannen sin forsvarar Kai Inge Gavle.

Der mor og far peika på naboen, peika naboen tilbake på den tiltalte faren.

– Det er ikkje tvil om at desse barna, og då særleg jenta, har hatt kunnskap om sex på ein måte andre barn ikkje har. Men spørsmålet er; kor har ho det frå? Kan ho ha blitt eksponert for overgrepsmaterialet til faren?, sa mora sin forsvarar, Astrid Aksnes, i sin sluttprosedyre.

Hardt ut mot barnevern og politi

Også ho argumenterte for at overgrep kun har skjedd ein av stadane og at barna i avhøyr har overført opplevingane på ein annan part.

Ho gjekk hardt ut mot barnevern og politiet sin etterforskning. Ho meinar prosessane rundt dottera til foreldreparet har påverka ho til å tru at foreldra har utsett henne for overgrep.

– Det er i seg sjølv eit alvorleg overgrep, sa Aksnes.

Fleire tilsette i barnevernet slo i retten tilbake mot påstandane om påverknad

Ei fostermor innrømma likevel at ho ikkje burde stilt den fornærma jenta ja/nei-spørsmål om grove overgrep før ho skulle i avhøyr.

Barnevernet i den aktuelle kommunen har også fått sterk kritikk av Statsforvaltaren i Vestland.

Read Entire Article