– Sei det, før det er for seint

3 hours ago 1



Kva skulle du ønska du hadde sagt til dei du er glad i?

Kvart år døyr rundt 40.000 menneske i Noreg. Pårørande som har fått sagt kva dei føler, synest ofte sorga er litt lettare å bera.

Samtidig sit mange igjen og angrar på alt som aldri blei sagt. Det kan bli ei sorg i sorga.

Sindre Skeie har ein jobb som opnar for samtalar om desse store tinga.

Som sjukeheimsprest kjem han tett på menneske i slutten av livet. Han har erfart at mange kan streva med ting som aldri skjedde.

– Det er faktisk heilt vanleg å ha noko uavklart og vanskeleg i relasjonar i livet sitt. Det finst overalt, og det skulle eg ønska fleire fekk hjelp til å snakka om.

Det hjelper å seia kva ein føler

Hos Mental Helse merkar dei det same.

Førespurnadane aukar i jula, og mange ringer fordi dei ikkje får til nære relasjonar.

– Eg snakkar med mange pårørande, og mange er triste for alt dei aldri fekk snakka om.

Det fortel rettleiar Ida Engelstad.

En hjemmelaget juleengel henger i taket

Jula gjer oss meir sårbare, og då blussar ofte kjenslene opp. Mental Helse får ekstra mange førespurnader i jula.

Foto: Turi Grønbech / NRK

Nokon rekk det ikkje fordi dødsfallet skjer plutseleg, andre får det ikkje heilt til før det er for seint.

Samtidig får ho også høyra det motsette, altså at dei som har fått sagt «eg er glad i deg» er veldig letta. Ho har sjølv mista nær familie, og kjenner seg igjen i dette.

– Sorga er så tung, men det blir litt lettare når ein har sagt kva vedkommande betydde.

Ho meiner betydninga av å visa omsorg er undervurdert.

–Sei det, før det er for seint.

Samtidig treng det ikkje alltid vera ord som blir sagt høgt.

Holde hender

Det er ikkje alt som må seiast høgt.

Sjukeheimsprest Sindre påpeikar at mange uttrykker kjærleik gjennom handling. Dessutan er det ikkje alt som lèt seg snakka om.

– Det er ikkje alltid orda strekk til. Eg synest ofte sjølv at dei orda eg har, ikkje strekk til for å beskriva kva eg kjenner.

Klarte ikkje seia det

TV-profil Jon Almaas fortel til NRK kor vanskeleg det var å finna orda då mora døydde i 2019.

Mora Elisabeth var ernæringsfysiolog, og grunnla Ammehjelpen. Ho jobba mykje i utlandet då Jon var liten.

Jon Almaas

Jon Almaas ville at mora skulle vita at ho hadde vore ei god mor.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Ho var mykje borte då vi var små. Då ho låg på det siste, ville eg ho skulle vita at ho har vore ei god mor.

Jon fortel om å sitta på sengekanten og vita at mora skulle døy, samtidig som det var vanskeleg å finna orda.

Han klarte ikkje å seia «eg elskar deg». Men han fekk sagt at han er fornøgd med det livet dei hadde saman.

– Eg heldt henne i handa, og fortalde henne at ho har vore ei god mor.

– Skulle du ønska du hadde sagt meir?

– Eg skulle ønska eg var flinkare på det. Sånn som på film.

Få hjelp med å finna orda

Det er ikkje alle familiar som har ein kultur for å snakka om kjensler. Då kan det vera vanskeleg å finne orda, fortel sjukeheimsprest Sindre Skeie.

– Men om ein då klarar å seia det ein føler, og til dømes seia «eg er glad i deg», då synest eg det er veldig modig! For då bryt ein med ein kultur, og det kan det vera krevjande å gjera.

Samtidig er erfaringa hans at mange ber på vonde ting som dei angrar på, som dei ikkje klarar å snakka om med sine næraste.

– Då kan det vera veldig forløysande å få sett ord på det, med ein samtalepartnar som ein prest eller terapeut.

Han har erfart at det ofte hjelper å setta ord på det som er vanskeleg, for å klara å forsona seg med at ting blei som dei blei.

Når ein ikkje fekk sagt det

Det med forsoning trur Sindre er viktig, også når ein ikkje får sagt det som er viktig.

Han rår dei som ikkje klarte å setta ord på kjenslene, til å tenka at det uansett er stort at dei hadde lyst til å seia det.

– Ver fornøgd med at du hadde lyst til å seia det. Det er stort det òg.

Han trur heller ikkje at døden treng å vera så endeleg. Han meiner relasjonane vi har til menneske ikkje sluttar å vera verkelege, sjølv om personen er borte.

– Me blir jo framleis prega av folk som har stått oss nær. Då går det an å jobba med den relasjonen, også etter at dei er døde.

Det liknar på Ida Engelstads erfaring. Hos Mental Helse har dei erfart at mange samtalar held fram etter dødsfall. Nokon skriv brev til den som er borte, andre snakkar med dei på gravplassen.

– Og har du sett Pørni? Ho ringjer søstera si, og det er mange som har det sånn – dei fortset dialogen med den dei har mista.

En kvinne i motlys for sola snakker i telefonen

I TV-serien «Pørni» ringjer hovudpersonen ofte til den døde søstera si, og legg igjen beskjedar på svararen.

Foto: Netflix

Publisert 27.12.2025, kl. 07.49

Read Entire Article