Sette eitt krav då han selde bilen: Ringer Norsk Tipping, må eg kjøpe den tilbake

2 weeks ago 17



– Oddsen var jo lik null. Men eg hadde ein følelse av at det var noko i lufta, seier John Egil Svortevik og humrar.

Vi spolar nokre dagar tilbake – nærmare bestemt til fredag morgon.

Då stod 51-åringen med tungt hjarte i Førde.

Kontoen var slunken og det måtte påfyll til. Sunnfjordingen hadde difor bestemt seg for å selje bilen sin til ein bruktbilforhandlar.

Hadde ei god magekjensle

Men medan han signerte kontrakten med dagleg leiar Geir Thomas Espe på Førde Bilsalg, hadde han eit lite håp i form av fleire lodd hos Norsk Tipping.

Dagen før hadde han ringt banken sin og sagt at kontoen kanskje kom til å fylle seg opp snart.

bilen til svortevik .

Det var med tungt hjarte at John Egil Svortevik måtte selje bilen, ein Ford Transit Custom 2023-modell. Han var klar for å kjøpe ein billigare bil, men så ordna det heile seg fredag kveld.

Foto: privat

Difor sette han eitt krav før han lukka døra bak seg på bilforretninga denne fredagen:

«Dersom dei ringer frå Norsk Tipping i kveld, så kjem eg tilbake over helga og kjøper bilen tilbake».

– Heilt greitt, svarte Espe, som ikkje hadde problem med å love dette.

– Dersom eg hadde fått 1000 kroner kvar gong nokon sa dette til meg, så hadde eg vore millionær for lengst, seier bilseljaren til NRK.

Firmaet polerte og pussa bilen blank og fin, og gjorde den klar for sal.

Vann 1,5 millionar

Same kveld ringte telefonen heime i Kvalvika i Eikefjord.

jon egil svortevik vann 1,5 mill

John Egil Svortevik hadde ei god magekjensle då han leverte inn lodd hos Norsk Tipping i førre veke. Fredag kom telefonen som gjorde han 1,5 million rikare.

Foto: privat

Norsk Tipping stod det på displayet. Og då kom også nyheita sunnfjordingen hadde håpa på: Han hadde blitt Lotto-millionær.

Men det viste seg snart at det også var endå meir i vente, for også på fleire av dei andre lodda på spelet Nabolaget var det pengepremie.

– Dei som sat i andre enden av telefonen nærmast ropte inn i røret då dei fant ut av dette, seier sunnfjordingen.

Totalt enda premiesummen på 1. 540.000 kroner – til Svortevik si store glede.

– Eg fekk beskjed om å passe på blodtrykket mitt av ho som ringte, seier han og humrar.

John Egil Svortevik vann i Lotto

Svortevik fekk meldingar som viste at pengane tikka inn på konto.

Foto: Arne Stubhaug

Kort tid etter tok den nybakte Lottomillionæren telefonen til bilhandlar Espe og fortalde kva som hadde skjedd.

– Eg måtte berre gratulerer han. Vi har ei avtale, og den må eg halde, seier Espe.

Hentar den tilbake

No står den «gromme varebilen», som bilforhandlaren kallar den, blank og fin i lokala på Førde bilhandel. Og eigentleg klar for fotografering, bilannonse og ny eigar.

Men vinnarlukka til ein sunnfjording ville det altså annleis.

Geir Thomas Espe i Førde bilsalg

Geir Thomas Espe hos Førde Bilsalg med bilen firmaet kjøpte fredag, men som seljaren ville kjøpe tilbake same dag etter at lotto-pengane tikka inn ...

Foto: Astrid Solheom Korsvoll / NRK

– Kollegaen min var litt snurt, seier Espe.

– For det første ville han også vinne i tipping, og så hadde vi jo leita veldig lenge etter ein sånn type bil. Men sånn er det.

– Kjem du til å trekke deg i tida framover dersom kundar kjem og seier dei vil kjøpe bilane sine tilbake om dei vinn i Lotto?

– He-he, nei, det er jo relativt små sjansar for det, så dersom fleire vil selje meg bil med det vilkåret, så skal dei få lov til det.

Tysdag tek Svortevik bussen til Førde for å kjøpe att bilen sin, noko han gler seg stort til. Om lag 400.000 kroner skal han ut med for køyretøyet.

Resten av pengane han vann fredag, skal gå til å betale ned på huslån, samt at dei tre sønene hans og nokre velgjerande foreiningar skal få glede av nokre kroner.

Det høyrer også med til historia at Svortevik har vunne i Lotto før. Det var i 2003, og den gong vann han 2,1 millionar.

Og han har ingen planar om å gi seg med det første heller.

– Eg kan jo vinne neste fredag også, seier han.

John Egil Svortevik lottomillionær

Det er ikkje første gong at Svortevik vinn i Lotto. Tidlegare har han vunne over 2 millionar kroner.

Foto: Arne Stubhaug

Publisert 29.04.2024, kl. 16.47

Read Entire Article