Slik vil Brønnøy spare 25 millionar

1 month ago 24



10. april 2024 kl. 13:16

Kommunedirektøren sitt forslag til kuttliste for Brønnøy kommune inneber å spare nesten 25 millionar kroner, melder Brønnøysunds Avis.

Det vil bety kutt i sosialtenester, kultur og endringar på rådhuset.

Ifølge avisa vil kommunedirektøren i Brønnøy kutte og omfordele stillingar på rådhuset, og fordele kutt på eit breitt utval av kommunen sine tenestetilbod.

Kutta skal bli vedtatt av kommunestyret 8. mai. I første omgang blir dei behandla i plan- og næringsutvalet sitt møte neste veke.

Dette er på bakgrunn av kommunen sin alvorlege økonomiske situasjon, og inkluderer også planar om eit nytt prosjekt med namnet «Familiens hus».

– Den økonomiske situasjonen er så alvorleg at vi er avhengig av at alle tenker økonomi framfor fag, så lenge det er innanfor lovverket. Lova er ofte ikkje eksakt på kva som er riktig nivå og det må bli tatt avgjersler som gjer at nivået blir justert slik at dette blir tilpassa kva vi har av midlar.

Det skriv kommunedirektør Frank Grønbeck Nilssen når han legg fram saka.

Til det nye tilbodet «Familiens hus» er tanken å samle fagmiljø frå barnehagar, PPT og ROP, i tillegg til spesialpedagogar. Dette skal bli utgreiia fram mot hausten 2024 og har oppstart i april og mai.

Direktøren foreslår fleire kutt knytt til kjøkken på sjukeheim, kommunepsykolog, spesialpedagogisk team, krisesenter, bibliotek, årsverk i barnehage, årsverk i vaksenopplæringa og årsverk programrådgivar i flyktningstenesta.

Fleire forslag kan du lese her.

Read Entire Article