– Eg blir jo skremt når eg les at det er asbest i platene eg har kjøpt, seier Sofie Rokstad.
Tidlegare i haust kjøpte ho i god tru bygningsplater hos Right Price Tiles i Fredrikstad.
Platene skulle ho etter planen legge i baderomsgolvet i ei straumlaus hytte ho bygger sjølv.
– Eg gjekk bort til pallen og såg at ei av platene var knekt, så den løfta eg vekk. Så plukka eg med meg 18 plater, seier ho.
Rokstad seier at platene var dekt av «ei enorm mengde støv».
Støvet kvervla opp i butikken da ho løfta platene over på tralla.
– Det kan samanliknast med å stå i støvskya utan vern når ein blandar fleire sekker betong samtidig, seier ho.
Nå reagerer ho sterkt på avsløringa om at dei kinesiskproduserte platene ho kjøpte inneheld asbest, og at fleire hundre kundar er ramma.
Dårleg tid? Her kan du velje kva du vil lese om:
- Sofie som er redd for å køyre bilen sin
- Henrik som kappa platene i leilegheita si
- Kvifor asbeststøv er farleg
- At andre europeiske land er varsla
Veit ikkje om bilen trygg å køyre
Rokstad plasserte platene i varebilen etter å ha betalt.
– Da eg kom ut, kom det sterk motvind mot meg, og da pusta eg inn enda meir støv frå platene. Éi av platene knakk da eg lempa dei inn i bilen, seier ho.
Sidan har ho oppbevart platene i bilen.
I mellomtida har ho køyrt rundt med både bagasje og bygningsmateriell – og hunden sin. Jakka har ho ikkje vaska, og ho fryktar nå at ho har spreidd støv med asbest til fleire stader enn bilen sin.
Ho viser NRK at platene er rufsete i kantane.
NRK møter henne på hytta. Etter å ha lese om funna, har ho ikkje tort å bruke bilen.
Sofie Rokstad vurderer å sanere bilen.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRK– Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med bilen, og tenker nok at han må sanerast. Men helsefaren oppstod nok allereie da eg pusta inn støvet i butikken, seier Rokstad.
Right Price Tiles har opplyst til Rokstad at dei skal hente platene som ligg i bilen hennar. Dei skal òg rensa bilen hennar for asbest og asbeststøv.
– Vi har dialog med kundar og vurderer tiltak i kvart enkelt tilfelle, seier Kari Øgle Kjensberg, administrerande direktør i Right Price Tiles.
Right Price Tiles er ein av butikkane som har selt platene og som no har trekt dei tilbake. Her frå butikken deira på Alnabru.
Foto: Julianne Mossing / NRKOgså Elektroimporten fann asbest i prøvene og har trekt tilbake bygningsplater.
Foto: Nadir Alam / NRKOgså Duri Fagprofil har trekt tilbake bygningsplater.
Foto: Julianne Lindstad Mossing / NRK
Ho seier at eit eksternt firma har gjort luftmålingar i alle butikkane deira, og at butikkane var stengde inntil det var gjort målingar.
– Det er ikkje gjort funn i butikkane eller lageret våre som tilseier at butikkane eller lager må haldast stengt, seier ho.
– Elektrikaren min hosta mykje
Henrik Natås (23) fekk ikkje sove natta etter han las nyheita i NRK om asbestfunnet.
For tida renoverer han leilegheita si, men den han har nå sperra av.
Om natta den 15. oktober blei han ferdig med å legge dei asbesthaldige platene på badet sitt – berre timar før elektrikaren overtok for å legge varmekablar i golvet.






Her ligg platene i baderomsgulvet til Henrik Natås.
PrivatHan stod inne i leilegheita da han kappa til platene med stikksag.
Natås hugsar ikkje om han brukte maske, men er sikker på at han ikkje brukte ei maske som vernar mot asbeststøv.
Han har opphalde seg mykje i leilegheita etter kappinga.
– Eg har dårleg samvit overfor handverkarane som har gått rundt i leilegheita mi etter dette. Elektrikaren har fortalt meg nå at han har hosta mykje utan å vere forkjølt etter å ha lagt varmekablar på baderomsgolvet mitt, seier han.
Fryktar verditap på bustad
Natås er først og fremst uroleg for helsekonsekvensane, men fryktar også verditap og store kostnader knytte til sanering og eventuelt verditap på leilegheita.
Det er viktig å opplyse om bruk av asbesthaldige plater ved eventuelt vidaresal, seier Folkehelseinstituttet til NRK.
– Eg veit ikkje heilt om eg verkeleg har klart å prosessere dette ennå. Eg synest det er absurd at det er mogleg å kjøpe eit nytt produkt med asbest i dag, seier han.
Henrik Natås er lei seg for at både han og handverkarar kan ha pusta inn farleg asbeststøv i leilegheita hans.
Foto: Privat / PrivatHan vurderer å gå til sak mot Elektroimportøren for å redusere eventuelle økonomiske tap.
– Men dei potensielle skadane som støvet har gjort på helsa mi, får eg ikkje noko igjen for, seier Natås.
– Vi er i tett dialog med kundane våre i denne saka. Produktet er levert av ein ekstern leverandør, R&D Sourcing, som har bekrefta at dei tar det fulle økonomiske ansvaret for sanering og handtering av platene for kundane våre, seier Åshild Indresøvde, kommunikasjonsansvarleg i Elektroimportøren.
Kreftlege: – Eg blei sjokkert
Kreftlege Oluf Dimitri Røe tok kontakt med NRK da han las nyheita om at det var funne asbest i 32.000 bygningsplater.
– Eg synest det er sjokkerande å høyre at dei har selt så mange plater med asbest, seier Røe.
Han har forska på helsefarane knytte til asbest.
Ifølge Verdshelseorganisasjonen (WHO) er det 100 prosent sikkert at asbest er kreftframkallande, seier legen.
Men det betyr ikkje at alle som har pustet inn asbest vil få lungekreft.
– Det handlar om kor sensitiv ein er for støvet, men det kan ein ikkje vite på førehand, Røe.
Oluf Dimitri Røe
- Professor ved NTNU og overlege ved kreftpoliklinikken, Sykehuset Levanger.
– Blir liggande i lungene
Kreftlegen seier kortvarig eksponering av asbest også kan vere kreftframkallande. Det finst ikkje noko nedre grense for kor liten eksponering som er trygg, ifølge legen.
Han seier at det derfor er viktig å fjerne all asbest frå bygningar.
– Dei tynne, små fibrane frå asbeststøvet legg seg djupt ned i lungene. Der blir dei liggande og utviklar kreft over tid. Dei kan også gå vidare gjennom lungehinna og forårsake lungehinnekreft, seier han.
Utvikling av lungekreft etter asbesteksponering tar som regel 30–40 år.
Har varsla europeiske land
Leverandøren og butikkjedene har varsla fleire offentlege myndigheiter etter funnet.
Direktoratet for byggkvalitet har denne veka varsla vidare til fleire europeiske land om dei asbesthaldige platene.
Platene med asbest.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRK– I dette tilfellet har vi varsla det tekniske kontrollorganet for byggevarer i Italia, og vi førebur eit varsel til andre europeiske land, i tråd med dei forpliktingane vi har etter byggevareforordninga, seier avdelingsdirektør Lars Grøndal i Direktoratet for byggkvalitet.
Det er ikkje lov med asbest i bygningsplater i nokon land innan EU eller EØS.
Platene er importerte frå Kina, og leverandøren R & D Sourcing har tidlegare beklaga at platene blei distribuerte til butikkane og at dei skal granske kvifor dei fekk tilsendt plater med asbest frå produsenten.
Publisert 03.11.2025, kl. 19.20 Oppdatert 04.11.2025, kl. 11.46


















English (US)