To døde etter at bil hamna i sjøen utanfor Stockholm

2 weeks ago 17



28. april 2024 kl. 21:32

Ein bil hamna i sjøen utanfor Stockholm då den skulle køyre om bord i ei ferje sundag. Dei to personane i bilen som vart henta opp frå sjøen er døde, stadfestar det svenske politiet til SVT.

Bilen skal ha køyrt om bord på ferja, og gjennom ho før den hamna i vatnet på andre sida. Ulukka skjedde i Norrtälje utanfor Stockholm.

Dei to personane som sat i bilen vart henta opp av dykkarar og flydde til sjukehus. Ifølge politiet i Stockholm var dei under vatn i minst 50 minutt.

Read Entire Article