Roger Kvello Hansen (51) og Geir Otto Lein Johnson (58) omkom i jobben med å sløkke ein bustadbrann i Verdal, natt til onsdag 7. januar.
Dei to røykdykkarane gjekk inn i det brennande huset på Vinne i Verdal, men kom seg aldri ut.
– Huseigar har fått status som sikta i saka som gjeld sjølve husbrannen.
Det seier påtaleansvarleg politiadvokat Kjetil Bruland Sørensen i Trøndelag politidistrikt.
Husbrannen utvikla seg raskt til å bli en svært kraftig brann.
Foto: Leif Arne Holme / Adresseavisen / NTBRøykdykkarane gjekk i huset for å prøve å sløkke brannen.
Foto: Vegard Woll / NRKTo av dei kom seg aldri ut igjen frå brannen i live.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKKrimteknikarar frå politiet skal no prøve å finne ut kva som har skjedd.
Foto: Jøte Toftaker / NRKKripos gjer også undersøkingar i brannruinane.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKFredag er kollegaar på staden for å minne dei to omkomne.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKHeile Verdal sørger og minnast dei omkomne, Roger Kvello Hansen og Geir Otto Lein Johnson.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
– Saka blir etterforska som eit mogeleg brot på straffelova si bestemming om aktlaus framkalling av fare, og politiet ønsker å undersøke digitale einingar tilhøyrande huseigar.
Politiet etterforskar samstundes saka bredt opp mot fleire relevante hypotesar.
– Politiet vil understreke at det framleis ikkje ligg føre noka klare svar på kva som er brannårsaka, legg Sørensen til.
Brannvesenet har rutinemessig status som sikta
Politiet er i gang med å etterforske brannen i to spor: Sjølve brannen og arbeidsulukka.
I etterforsking av arbeidsulukka har Brannvesenet IKS Midt rutinemessig status som sikta.
Det er fordi dei er arbeidsgjevar for dei to omkomne.
– Me jobbar bredt i etterforskinga og er i ein fase der me samlar inn informasjon, seier Sørensen.
Kriminalteknikarar har gjort undersøkingar i brannruinane i Verdal.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKPolitiet har gjort omfattande åstadundersøkingar med bistand frå Kripos og ein brannteknisk sakkunnig.
– Med mål om å finne årsaka til brannen og undersøke omstenda som førte til arbeidsulukka, skriv politiet i ei pressemelding.
I tida framover vil det bli gjort avhøyr og andre undersøkingar.
I tillegg er Arbeidstilsynet kopla på saka.
I helga var Arbeidstilsynet på plass for å gjere undersøkingar i brannruinane.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKSikta var i avhøyr onsdag
Advokat Geir Ove Sørholt er utnemnd som forsvarer for den sikta huseigaren. Han var med klienten sin i avhøyr hos politiet onsdag.
– Eg ønsker ikkje å kommentere korleis han stiller seg til siktinga, seier Sørholt.
Forsvararen fortel at klienten hans har det tungt etter brannen som tok to menneskeliv.
– Eg ønsker ikkje å kommentere siktinga utover det som står i pressemeldinga til politiet.
Utanfor brannstasjonen har folk tent lys og lagt ned blomar etter at dei to røykdykkarane omkom i brannen.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKBrannvesenet og lokalsamfunnet i sorg
På brannstasjonen i Verdal sit dei igjen med mange spørsmål, samstundes som dei sørger etter å ha mista to av sine nære kollegaer.
Dei to omkomne var deltidstilsette og blir beskrivne som dyktige røykdykkarar.
– No må me ta ein dag om gongen. Me må prøve å stå i det og bidra der me kan. Eg håpar at me klarer å stille opp for alle som treng oss.
Det seier brannsjef Håvard Bye i Innherred IKS.
Publisert 14.01.2026, kl. 12.10 Oppdatert 14.01.2026, kl. 12.57














English (US)