Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid imponerte under sprinten i OL og tok kvar sin medalje.
– Han ser ut som ein okse ute i løypa her, seier Tarjei Bø i det Vetle Sjåstad Christiansen passerer forbi i løypa.
Christiansen skaut fullt hus og tok sin første individuelle sølvmedalje i OL.
Også Sturla Holm Lægreid gjekk ein solid sprint. Han tok sin andre bronsemedalje frå meisterskapet i Italia.
Ingen kunne gjere noko med franske Quentin Fillon Maillet, som vann sprinten.
OL-SØLV: Vetle Sjåstad Christiansen tok ein sølvmedalje på sprinten.
Foto: Heiko Junge / NTB– Det var fantastisk bra. Det var heilt herleg. Det var ein kamp, seier Christiansen til NRK.
Sølvvinnaren held fram:
– Det blei mykje tyngre enn eg hadde trudd fordi eg følte meg i god form. Fytti katta, eg måtte grave då eg kom inn på stadion her, men det klarte eg, så det er deilig.
Ein som er litt meir reservert i møte med NRK etter rennet, er Lægreid.
– Korleis opplevde du dette?
– Veit ikkje heilt. Det er gøy å ta medaljar, svarar han.
– Det har storma
Lægreid har kanskje ikkje hatt den beste oppladinga til sprinten. Etter å ha tatt ein bronsemedalje på normaldistansen for nokre dagar sidan, innrømma han utruskap på direktesendt TV:
I dagane etter at har han blitt verdskjend for gesten.
– Korleis har dei siste dagane vore for deg?
– Det har vore spesielt. Eg har prøvd å ikkje bli prega av det. Eg er nøgd med det eg fekk til i dag, trass forholda.
– Han er hard i hovudet her, sa Torgeir Bjørn då Lægreid fylte på den siste serien.
Sturla Holm Lægreid med fem treff på andre skyting.
NRK møter bror av skiskyttaren etter rennet:
– Det har storma litt, og det at han klarer å leggje det frå seg og prestere på det nivået, det er Sturla i eit nøtteskal, seier Sindre Holm Lægreid.
Han held fram:
– Det er morosamt å kunne dele det med han. Den siste runden, både frå han og Vetle, det var ut av ei anna verd. Det var kjempegøy.
NY BRONSE: Sturla Holm Lægreid tok ein bronse på sprinten og på normaldistansen.
Foto: Heiko Junge / NTB– Heilt unik
NRKs ekspertar Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø kjenner Lægreid godt frå før:
– Førre OL var vi ringside med Sturla. Då var han ikkje heilt seg sjølv og fekk ikkje ut sitt beste. Han hadde litt høge skuldrer. No har han tydelegvis lagt sine høge skuldrer på ein heilt annan måte, seier Tarjei Bø.
Den tidlegare skiskyttaren held fram:
– Han er jo heilt unik. Det er ingen andre som hadde klart å prestere med dei førebuingane der. Han er veldig sterk mentalt, og så er han veldig god til å kanalisere kreftene sine rett. Det er 25 minutt sprint. Eg trur han berre skrur på ein brytar, og så skrur han av når det er over. Det er toppidrett på sitt aller beste.
Bror Thingnes Bø forklarar korleis det er å prestere under press:
– Det er vanskeleg. Skiskyting krev veldig mykje av deg.
Han held fram:
– Kanskje kan det at det skjer litt i privatlivet, eller utanfor sporten, setje ting i eit anna perspektiv. Dersom alt går som planlagt, eller alt er perfekt, kan OL på ein måte bli veldig skummelt og farleg. Det er det nok andre utøvarar som har fått kjenne på, som Sturla for fire år sidan, fortel Thingnes Bø.
Lægreid har eit OL-gull frå stafetten i Beijing i 2022, men ingen individuelle medaljar.
PALLEN: Quentin Fillon Maillet vann framfor Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid.
Foto: Heiko Junge / NTBFekk melding frå NRK-ekspert
– Desse gutane (Johannes og Tarjei) rosar den mentale styrken din.
– Jo, takk. Eg fekk melding frå Tarjei før løpet i dag, og han sa «er det nokon som kan takle dette her, Sturla, så er det deg». Den tok eg til meg, eg skulle verkeleg vise kva eg kan. Det følte eg at eg klarte i dag.
– Kva er grunnen til at du får det til?
– Veit ikkje. Mange år med hardt arbeid og trening, å gå i ryggen på desse her (Johannes og Tarjei) i mange år før dei la opp.
Eksperten forklarar bakgrunnen for meldinga.
– Før løpet i dag syntest eg han hadde fått køyrd seg så mykje dei siste dagane. Eg hadde lyst til å sende han ei melding om å berre gi gass: «No legg du att tankane på hotellrommet og går for det», forklarar Bø og held fram:
– Og det gjorde han jo, absolutt. Eg trur han har stått i ein tøff periode, og av og til er det berre hyggjeleg å få ein klapp på skuldra.
EKSPERTAR: Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.
Foto: Hanne Skjellum / NRK– Kva er det du gjer rett i dag?
– Eg prøver å ikkje tenke så mykje på resultat, berre gjennomkøyring. Det har kanskje vore viktigare enn nokon gong å vere til stades i eige hovud og ikkje la andre tankar kome inn. Å berre fokusere på det ein kan gjere noko med, svarar Lægreid.
– Kva tenkte du i mål?
– Eg fekk sjokk då eg gjekk i mål som nummer to. Eg veit ikkje kva (Émilien) Jacquelin har gjort, har han stoppa og helsa på publikum eller noko slikt? Eg hadde heldigvis marginane på mi side i dag, seier Lægreid som skauv franskmannen ned til ein fjerdeplass.
NORSK MEDALJE: Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid tok kvar sin medalje på sprinten.
Foto: Matthew Childs / Reuters / NTBGod fransk dag
– Er det gullvinnaren me ser der? sa kommentator Torgeir Bjørn i det franske Quentin Fillon Maillet skaut fem rett ned på siste ståande.
Bjørn hadde rett, for ingen var betre enn franskmannen i dag, men det gjekk ikkje utan ein duell mot dei andre norske.
– Frankrike legg eit veldig press på Noreg med denne starten, seier Torgeir Bjørn.
Dei norske herrane gjekk nesten rett etter kvarandre, Christiansen starta best av dei norske i sporet, tett etterfølgt av Johannes Dale-Skjevdal.
Christiansen og Lægreid skaut feilfritt og kunne gå inn til kvar sin medalje.
Både Lægreid, Botn og Dale-Skjevdal har gått individuelle øvingar i OL så langt, Christiansen blei vraka til normaldistansen.
Publisert 13.02.2026, kl. 14.53 Oppdatert 13.02.2026, kl. 15.58












English (US)