Blant dei benåda er Rudy Giuliani, John Eastman, Mark Meadows, Christina Bobb og Boris Epshteyn.
Rudy Giulani er tidlegare ordførar i New York og Trumps personlege advokat. Han var ein av dei mest synlege aktørane som aktivt prøvde å endre resultatet av presidentvalet i 2020.
Trump nekta å anerkjenne at motkandidat Joe Biden vann valet, og i etterkant prøvde han og fleire støttespelarar utan hell å få omgjort resultatet gjennom rettssaker og politisk press.
Rudy Giuliani og Donald Trump blei begge arresterte for forsøka på å gjere om på valresultatet.
Foto: - / AFP / NTBGiuliani brukte mellom anna juridisk press og forsøkte å få delstatsmyndigheiter i vippestatar til å underkjenne Joe Bidens fleirtal.
Han og fleire av dei andre som er skulda, har vore under etterforsking eller tiltalt for forsøk på å påverke valet ulovleg.
USAs benådingsadvokat Ed Martin har publisert benådingsbrevet.
– Denne proklamasjonen avsluttar ein alvorleg nasjonal urett som blei påført det amerikanske folket etter presidentvalet i 2020, og held fram prosessen med nasjonal forsoning, står det i brevet.
Rudy Giuliani etter presidentvalet i 2020.
Foto: BRYAN R. SMITH / AFP / NTBBenådar ikkje seg sjølv
Benådinga lèt til å vere symbolsk, all den tid ingen av dei som er benåda har vore tiltalte for føderale lovbrott. Det står heller ikkje når benådinga blei signert av president Trump.
Presidenten har ikkje makta til å benåde lovbrott på delstatsnivå, og dei på benådingslista er tiltalte nettopp på dette nivået. Fleire av dei er tiltalte i delstatar som også har etterforska Trumps rolle i saka, som Georgia, Arizona, Wisconsin og Nevada.
Trump sjølv er ikkje benåda, sjølv om han ved fleire høve har hevda at han kan benåde seg sjølv for kva som helst av føderale tiltaler.
Fleire av dei på benådingslista er tiltalte i delstatar som også har etterforska Trumps forsøk på å gjere om på valet, som Georgia, Arizona, Wisconsin og Nevada.
Avvisinga av valresultatet i 2020 enda med at Trump-tilhengarar storma Kongressen den 6. januar 2021.
Foto: OLIVIER DOULIERY / AFP / NTBI tillegg til Giuliani, er John Eastman og Kenneth Chesebro blant dei benåda. Dei to advokatane hjelpte til med å legge ein strategi for å presse dåverande visepresident Mike Pence til å gjere om på valet den 6. januar 2021, dagen Kongressen blei storma.
Advokaten Sidney Powell, som gjekk til juridisk angrep på valresultata i sentrale vippestatar, er også blant dei benåda.
I tillegg til Trumps indste krets, nemnar benådingslista fleire aktivistar som utgav seg for å vere valmenn i 2020 og slik prøvde å overtyde Mike Pence om nyval.
Interessert i det som skjer på utanriksfronten? Høyr den nyaste episoden av podkasten vår:
Publisert 10.11.2025, kl. 07.20 Oppdatert 10.11.2025, kl. 07.59


















English (US)