Trump meiner Nato bør gå i front for å sikre at USA får Grønland

2 hours ago 1



Nato blir flottare og meir effektivt dersom USA styrer Grønland, hevdar Trump på sin eigen sosiale plattform Truth Social.

– USA treng Grønland av omsyn til nasjonal sikkerheit. Det er avgjerande for Golden Dome som vi bygger. Nato bør gå i front for å sikre at vi får det. Dersom vi ikkje gjer det, vil Russland og Kina gjere det, og det kjem ikkje til å skje, skriv han.

«Golden Dome» er eit nasjonalt rakettforsvar, inspirert av Israels «Iron Dome», som Trump har planar om å bygge for USA.

Skjebnemøte

Meldinga til Trump kjem få timar før det som blir sett på som eit skjebnemøte mellom Danmark, Grønland og USA i Washington.

Fire mennesker ute i snøen. En mann og en kvinne i vinterklær, to kvinner i kamuflasje militæruniform.

USAs visepresident J.D. Vance besøkte Grønland i mars i fjor.

Foto: JIM WATSON / AFP / NTB

Danmarks utanriksminister Lars Løkke Rasmussen og Grønlands utanriksminister Vivian Motzfeldt skal møte USAs visepresident J.D. Vance og utanriksminister Marco Rubio.

Møtet har kome i stand etter ønske frå Danmark og Grønland, etter at Trump ved fleire høve har sagt at USA ønsker å ta kontroll over øya.

Opphaveleg skulle møtet ha vore halde i Det kvite huset, men er flytta til eit nærliggande bygg. Møtet skal etter planen skje rundt klokka 16.30 norsk tid.

Publisert 14.01.2026, kl. 13.27 Oppdatert 14.01.2026, kl. 13.36

Read Entire Article