Tysk statskupp-sak i retten: Skulle styrte regjeringa og setje inn ein obskur tysk prins

2 weeks ago 22



Heile 20.000 personar har blitt kopla til Reichsbürger, eller «Reich-borgar» av tysk PST.

Dei har følgt med på medlemmene av den høgreekstreme gruppa i lang tid, nokre så lenge som i åtte år.

I slutten av 2022 blei dei første arresterte, mistenkte for å planlegge eit kupp. Påtalemakta meiner dei ville felle den sitjande regjeringa.

Hadde dei klart det, igjen ifølge påtalemakta, var ambisjonen å setje inn ein obskur tysk prins som nytt statsoverhovud.

-

I januar 2023 blei dei første fem tiltalene henta ut. Det var mot blant anna Reuss, som er tiltalt for «høgforræderi».

Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP

Dei første blei arresterte i desember 2022. I mars i fjor blei det gjennomført ein storstilt politiaksjon i sju regionar, og i desember blei 27 personar tiltalte. Ein av desse har sidan døydd i fengsel.

– Ingen av dei er identifiserte i Tysk presse, seier Astrid Sverresdotter Dypvik. Ho er redaktør i tidsskriftet Syn og segn, og har skrive bok om ytre høgre i Tyskland.

– Av dei som er skulda for kuppforsøket er det mange som har bakgrunn frå politi og militær, og er høgborgarlege. Så dei er ressurssterke folk.

Maratonrettssaka skal gå føre seg i tre stykke. Måndag skal ni av personane møte i retten for å høyre skuldingane mot seg, medan dei mest kjente figurane skal i retten 21. mai.

Dette er nokre av dei som tysk politi meiner er mest sentrale i det elleville plottet:

  • Suspected members and supporters of a far-right group were detained during raids in Germany

    Aristokraten

    • Prins Heinrich XIII av Reuss
    • Kallar seg «hans kongelege høgleik»

Mannen som påtalemakta kallar for «ringleiaren» i miljøet, er ein 71 år gammal aristokrat og forretningsmann. Han blei arrestert på vestkanten i Frankfurt i desember 2022.

Heinich XIII prins av Reuss nektar å anerkjenne noko tysk nasjonalforsamling sidan 1918, som er då keisar Wilhelm den andre gjekk av.

Han har levert fleire talar til store forsamlingar, der han mimrar om eit Tyskland som blei grunnlagt i 1871.

Suspected members and supporters of a far-right group were detained during raids in Germany

Heinrich XIII blei arrestert 7. desember 2022.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Ekte prinsetittel

Heinrich XIII sine forfedrar er eit faktisk kongehus med namn Reuss, som styrte ei gruppe statar i det som no er den tyske regionen Thüringen.

Tyskland har vore ein republikk i hundre år, og har ingen prinsar eller kongar lenger. Men nokre aristokratar som har arva kongelege titlar vel framleis å bruke dei.

– Familien hans seier han har tørna litt i samband med å drive med nokre rettsprosessar i Thüringen for å få tilbake eigedommar som høyrde til Reuss-slekta.

Germany Daily Life

Heinrich XIII har prøvd å krevje tilbake landområde som han meiner er rettmessig hans. Biletet viser Heldburg-borga, som høyrer til ei anna slekt.

Foto: Martin Schutt / AP

– Han har tapt alt.

Overhovudet i familien som no er Reuss-Greiz, prins Heinrich XIV, kallar han for ein «forvirra gammal mann» som har blitt oppteken av «feilaktige konspirasjonsteoriar».

  • Rüdiger von Pescatore

    Eks-militærmannen

    • Rüdiger von Pescatore
    • Tidlegare dømt for ulovlege våpensal

Ein annan person som tysk politi har knytt til rørsla, er Rüdiger von Pescatore (69). Han starta i det tyske militæret i 1971.

På 90-talet blei han sjef for fallskjermjegerbataljon 251 i Tyskland, ein jobb han mista då han blei kopla til eit uautorisert sal av våpen med opphav i den aust-tyske hæren, ifølge The Guardian.

Fleire personar knytte til miljøet er tidlegare politifolk og soldatar, og har dermed tilgang på våpen og militærtrening, ifølge kringkastaren ARD.

Virus Outbreak Germany

Fleire medlemmer i Reichsbürger-rørsla deltok på demonstrasjonar mot samfunnsnedstenging og vaksinasjon i 2021.

Foto: Boris Roessler / AP

Rettssak inne i fengselet

Etter ein vilkårsbunden fengselsdom flytta Pescatore til Brasil med familien sin, melder den tyske avisa Zeit.

Medan han budde her skal han ha fortalt ein omsettar at han var medlem i ein Telegram-kanal, der likesinna personar diskuterte «eit meir rettvist Tyskland for det tyske folket».

Pescatore flytta tilbake til Tyskland i 2021 fordi han skulle «hjelpe ein venn», og budde i ein mellombels bustad då politiet banka på døra.

Dei ni første som blir stilt for retten er «i den militære arma» blant planleggarane, melder New York Times. Blant dei er ein annan namngitt militærmann, Maximilian Eder.

– Dei er ikkje nødvendigvis så kjente, nokon av dei. For dersom du skal ha ei høg stilling i militæret så kan du ikkje samtidig vere ein kjend høgreekstremist, seier Dypvik.

– Men høgreekstremistar har vore veldig opptekne av å nettopp vere til stades i hæren.

  • Birgit Malsack-Winkemann

    Politikaren

    • Birgit Malsack-Winkemann
    • Tidlegare dommar i Berlin og forbundsdag-representant

Den siste av desse kjende karakterane er ein politikar som er skulda for å mate gruppa med informasjon frå innsida av Forbundsdagen, ifølge DPA.

Birgit Malsack-Winkemann (59) var dommar, og representerte partiet Alternativ for Tyskland (AfD) i nasjonalforsamlinga.

– AfD er eit veldig radikalt ytre høgreparti, og har innslag av ganske mange forskjellige typar miljø, men Malsack-Winkemann blei rekna for å vere ein moderat person, seier Dypvik.

– Det viste det seg jo at ho ikkje var. Ho har sete i varetekt sidan det blei kjent at ho var ein del av den konspirasjonen, og det er også kjent at fleire av dei sitjande forbundsdagsrepresentantane har besøkt ho fast i fengselet.

Germany Taurus Missiles

Malsack-Winkemann hadde vervet i den tyske nasjonalforsamlinga fram til 2021. Dette biletet er teke i år.

Foto: Britta Pedersen / AP

Skal ha delt politikarar sine rørsler

Politikarvervet hadde Malsack-Winkemann mellom 2017 og 2021, før ho gjekk tilbake til dommarjobben i det berlinske rettsvesenet i 2022, melder Politico.

Då ho blei arrestert eitt år seinare mista ho dette vervet, ifølge avisa.

– Det skapte veldig stort oppstuss. For veldig mange blir det halde fram som nok eit argument for at AfD er eit veldig farleg parti som ein bør med alle lovlege midlar avgrense påverknadskrafta til.

– Men frå AfD og den type miljø har dei prøvd å bagatellisere kuppet og seie at det berre var ein gjeng pensjonistar som prata litt tull.

Skjer inne i eit høgsikkerheitsfengsel

Noko av det mest spesielle med denne rettssaka er at den skjer inne i Stammheim-fengselet i Stuttgart, fortel Dypvik til slutt.

– Dei er tiltalte for statskuppforsøk og høgforræderi, så det er veldig alvorleg, seier ho, og legger til at alle dei tiltalte blir rekna som farlege personar.

Det betyr at dei sit i rom av skotsikkert glas, ikkje får ha fysisk kontakt med advokatane sine, og må kommunisere gjennom ein mikrofon.

Publisert 29.04.2024, kl. 12.21 Oppdatert 29.04.2024, kl. 12.25

Read Entire Article