UiO kjempar for å få forskarane sine ut av Gaza – to er allereie drepne

4 weeks ago 27



Professor Hege Hermansen arbeider iherdig for å få sine to tilsette ut frå Gazastripa.

– Eg har allereie mista to palestinske akademikarar tilknytt mitt prosjekt, drepne i israelske bombeangrep. Kvar einaste dag er eg redd for at det same skal skje med Asmaa og Mohammed.

bilde av hege hermansen.

Professor Hege Hermansen reagerer på at UD ikkje kan hjelpe palestinske forskarar med opphaldsløyve i Noreg, ut av Gaza.

Foto: UiO

Palestinarane Asmaa Abosamrah og Mohammed Almasri har fått stipend gjennom ordninga Scholars at Risk, som blir gitt til forskarar som anten er i livsfare eller blir forfølgt.

Dei skal bidra til forskingsprosjektet E-Pal ved Universitetet i Oslo (UiO), leia av Hermansen. Formålet med prosjektet er å styrke og bygge opp att den palestinske høgare utdanninga.

Restene av universitetet Al-Azhar i Gaza by.

Al-Azhar-universitetet i Gaza by blei øydelagt i eit israelsk luftangrep i november i fjor.

Foto: RONEN ZVULUN / Reuters

Det palestinske nyheitsbyrået Wafa melde i januar at alle dei 12 universiteta på Gazastripa er ramma av israelske luftangrep.

I tillegg er 90 professorar og hundrevis av lærarar drepne, ifølge Euro-Mediterranean Human Rights Monitor, som hevdar at den israelske hæren målretta går etter akademikarar og intellektuelle.

Vil bygge opp att Gaza

Asmaa Abosamrah forskar på utdanning og leiarskap, og meiner forsking blir heilt essensielt når Gazastripa skal byggast opp att etter krigen. No ønsker ho å komme seg til Noreg, slik at ho kan ta del i forskingsprosjektet ved UiO.

Journalistar NRK samarbeider med på Gazastripa, møtte Abosamrah på eit lite rom på ein skule i Rafah, hennar nye heim.

asmaa med to kvinner, ser på PC-hennar i eit rom med ei tavle på veggenog ei madrass på gulvet.

Huset til Asmaa Abosamrah (i midten) blei øydelagt i eit israelsk luftangrep. No bur ho på eit lite rom på ein skule i Rafah.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

På den eine veggen heng det ei stor tavle, plaststolar står stabla i eit hjørne. Påminningar om jobben hennar før krigen braut ut.

Stadig skrur ho på den berbare PC-en sin for å sjekke om det har komme dekning.

– Eg har ikkje fått forska på fem månader eller bidratt til noko form for kunnskapsdeling, seier ho oppgitt.

Får ikkje hjelp av UD

Abosamrah og Almasri er to av fleire palestinske forskarar i Gaza som har fått opphaldsløyve i Noreg for å forske.

Men UD vil ikkje bistå utanlandske statsborgarar med utreise viss ikkje dei er tilstrekkeleg identifiserte ved eit visumsenter.

– Dette er eit sikkerheitsspørsmål som ikkje kan bli sett bort frå, sjølv i ein krigssituasjon, skriv statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik i ein e-post til NRK.

mohammed med blå skjorte og genser utanpå. sit på ein stol og smiler

Mohammed Almasri, kona og deira tre barn har fått opphaldsløyve i Noreg, men kjem seg ikkje ut av Gaza.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Problemet er at det næraste visumsenteret er i Egypt. Tidlegare har UD bistått utanlandske statsborgarar som er busette i Noreg med å komme seg over grensa.

– Norske myndigheiter kan dessverre ikkje tilby den same bistanden til andre utanlandske statsborgarar, skriv UD.

Hermansen kallar det ei rar prioritering når situasjonen på Gazastripa er så ekstrem.

– UD drar ei underleg grense mellom folk med opphaldsløyve som har budd i Noreg tidlegare, og dei som ikkje har budd i Noreg tidlegare, seier Hermansen.

– Palestina vil bli bygd opp att

Abosamrah og Almasri er budde på å reise ut av Gaza, og håper Noreg likevel kan hjelpe dei ut.

– Eg håper å få forlate Gaza, men Gaza er mitt heimland, og eg skal returnere hit igjen, med kunnskap og erfaring, seier Abosamrah.

asmaa i rosa higab

Asmaa Abosamrah forskar på utdanning og leiarskap. Ho ønsker å komme til Noreg for å ta del i forskingsprosjektet E-Pal.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Ho fortel at trass i all krigens elende, er ho håpefull.

– Palestina vil bli bygd opp att, betre og vakrare. For mitt kjære folk og kjære studentar, som vil vente på meg til eg kjem tilbake.

Høyr Utanriksredaksjonens podkast:

Publisert 28.03.2024, kl. 20.20

Read Entire Article